Fosterheimsveka: Ditigalt foredrag 23. april
Publisert
Tid og stad
- Tid: 23. april 2024 kl. 18:00 – 19:30
- Stad: digitalt (meld deg på for å få tilsendt lenke)
Digitalt foredrag med Bente Austbø
Det blir eit fagleg innlegg fra Bente Austbø, med tema eigenomsorg, tilpassa de som har erfaring som fosterheim.
- 18:00 – 18:10 Velkomen
- 18:10 – 19:00: Foredrag med Bente Austbø
- 19:00 – 19:10: Pause
- 19:10 – 19:30: Spørsmål til Bente Austbø
Bente Austbø jobbar ved Institutt for psykologisk rådgivning. Ho har lang erfaring med foreldrerettleiing og fosterheimsrettleiing.
Bente jobbar med emosjonsfokusert foreldrerettleiing, individualterapi og parterapi. Bente er også medforfattar av boka: Emosjonsfokusert ferdighetstrening for foreldre - en lærebok for terapeuter og veiledere.
Om foredraget
Ingen fosterbarn er like, men det er likevel ein del fellestrekk for kva plasserte barn har med seg av emosjonelle behov, og kva som kreves av omsorg.
Dei aller fleste fosterforeldre erfarar at det å gi omsorg til eit sårbart barn med særlege emosjonelle behov kan være ein givande og meiningsfull jobb. Men jobben kan og være krevjande. Så krevjande at mange fosterheimar etter ei stund ikkje lenger klarar å stå i omsorgsoppgava. For å førebygge brot, kan det være viktig å vite noko om kjennslene som ligg bak barnet sin krevande åtferd. Det er og nyttig at fosterforeldrene står trygt i eigne kjensler og klarar å ta radikalt ansvar for det relasjonelle båndet til fosterbarnet, sjølv om ein kan bli møtt med både avvising og opposisjon.
Bente vil snakke om korleis ein kan jobbe for å manøvrere trygt i dette landskapet. Ho vil og snakke om korleis fosterforeldre kan jobbe for å etablere gode relasjonar mellom eigne barn og fosterbarn.

Foto: Cecilie Bannow
Arrangementet er gratis og skjer digitalt. Meld deg på under:
Tid og stad
- Tid: 23. april 2024 kl. 18:00 – 19:30
- Stad: digitalt (meld deg på for å få tilsendt lenke)
Om Fosterheimsveka
Dette arrangementet er ein del av Fosterheimsveka. Mellom 22. og 25. april kan du møte fosterforeldre på ei rekke arrangementer rundt omkring i landet og stille dei spørsmåla som du måtte ha.
Kontakt oss
Skriv inn postnummeret ditt for å finne din nærmeste fosterhjemstjeneste
Oversikt over fosterhjemstjenestene