Ein heilt vanleg familie – med eit ekstra stort hjarta
Publisert

Familien frå Bømlo var allereie besøksheim for guten då førespurnaden om å bli fosterheim kom.
– Det å bli spurde om å hjelpa eit barn er ein motivasjon i seg sjølv. Men det aller viktigaste var at han fekk behalda kompisane, kvardagen og fritidsaktivitetane ved å bu hjå oss, fortel Judy og Inge Andreas. – Me kunne jo ikkje seia nei til det.
Judy jobbar som barnehagelærar på Rubbestadneset, medan Inge Andreas er tilsett i ei offshorebedrift på Stord. Saman har dei fire barn i alderen 11–23 år, og fostersonen som høyrer like naturleg til i flokken som dei andre.
Ein familie som stiller opp
Ordet nei er ikkje det mest brukte ordet i familien. Annikka, som er eldst i syskenflokken, seier det ikkje kom som ei stor overrasking at dei vart fosterheim.
– Me er oppdratt til å hjelpa. Dersom det er noko, så stiller me opp – anten det gjeld måling, snekring eller fosterheim, seier ho og ler.

Familien skildrar seg sjølv som ein open heim, der det alltid er plass til fleire rundt middagsbordet – og det er alltid hjelp å få.
– Kva ville me ha svara dersom nokon andre me kjende trong ein fosterheim? spør Judy mannen sin. – Eg hadde jo sagt: Me må jo prøva på det!
«It takes a village»
Judy og Inge Andreas skryt uhemma av den flotte kompisgjengen som fostersonen er ein del av.
– Det er noko heilt spesielt med den klassen og dei foreldra, seier Judy.
Ho fortel ivrig om kompisgjengen som flyttar seg frå skulen til fotballbanen. Og når dei ikkje er der, er dei heime hos kvarandre. «It takes a village»-prinsippet har verkeleg vist seg her.
– Me får så mykje hjelp. Alle er så velvillige og opptekne av at guten skal ha det bra. Tenk om han skulle ha mista dette, dersom fosterheimen budde ein annan stad?
– Når han blir 25 år, ønskjer me at han skal sjå tilbake og tenkja at han har barndomskompisane sine. Me trur ikkje han kunne ha treft betre enn det han har gjort.
Store augneblink i kvardagen
Som fosterforeldre har Judy og Inge Andreas fått oppleva store augeblink:
– Det er rørande å sjå når ting løyser seg – når barnet lærer seg å lesa, symja, eller blir den beste keeperen på laget, seier Judy.

– Me får ta del i meistringsaugeblinkane og til og med smaka på nye matrettar me ikkje var vane med, legg Inge Andreas til.
Å finna rytmen saman – steg for steg
Sjølv om familien kjende guten godt frå før, var det ein tilpassingsprosess. Det er annleis å ha nokon på besøk enn å bu saman.
– I starten var det som om me «dansa i same takt, medan han gjekk motsett veg», fortel Judy. – Me brukte tid på å finna rytmen saman – og det måtte sjølvsagt gå begge vegar.

– No er han ein naturleg del av syskenflokken, skyt Annikka inn.
Han får ros, kjærleik, og tilsnakk når det er nødvendig – på lik linje med dei andre barna.
– Som fosterheim har me lært oss å bli tolmodige, seier Inge Andreas. – Det tek tid å bli trygg og skikkeleg kjend.
Tryggleik gjennom samarbeid
Familien understrekar kor viktig det er med godt samarbeid med foreldra til barnet.
– Lojalitetskonflikt er vanskeleg for barna. Det er avgjerande at me vaksne snakkar godt saman og viser respekt for kvarandre sjølv om me nokre gonger kan vera usamde, seier Inge Andreas.
Dei trekk òg fram verdien av fellesskap med andre fosterforeldre.
– Erfaringsdeling og kurs har vore utruleg nyttig, fortel Inge Andreas. – Sjølv om starten som fosterheim var litt «hakkete», har me eit godt samarbeid med barneverntenesta og me får tett og god oppfølging. Dei er der når me treng dei.
Råd til dei som kjenner eit lite «kall»
– Kva vil de seia til andre familiar som er nysgjerrige på å bli fosterheim?
Inge Andreas smiler: – Har du eit ope sinn, plass i hjarta og husrom – køyr på!
– Om det er hjarterom, er det som regel husrom òg – og då får ein det ofte til, legg Judy til med eit smil.
Tekst: Janette Vea, foto: Siri Helena Halvorsen