Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Blei fostermor for eleven sin

Publisert

Vil du stille opp for ein ungdom i lokalmiljøet ditt som treng ein ny stad å bu? Dette spørsmålet fekk Trine som nytilsett ungdomsskulelærar. Den lokale barneverntenesta hadde ved fleire høve kontakta skulen på jakt etter ein fosterheim til «Mikael», som ønskte å halde fram på same skule.

Trine sitter på trappa med hunden

Eg har vore fosterheim tidlegare, og ein av dei første dagane i den nye jobben fekk eg høyre om 15 år gamle «Mikael» i 9. klasse. Ein snill og god gut som barneverntenesta over ein lengre periode hadde vore på jakt etter ein fosterheim til i lokalområdet, fortel Trine.

Trine bur med hunden sin på ein gard ein stad på Austlandet, tett opp til skog og mark. Ho er kreativ, engasjert og glad i musikk, song og instrument. Ho har ingen barn frå før, men som lærer hadde ho god erfaring med ungdom og ønskte å bruke erfaringa si til å gjere ein skilnad.

Musikkrom fullt av instrumenter

- Då eg møtte Mikael hadde han to krav; eg måtte ha internett så han kunne møte vennene sine gjennom dataspel. Samtidig måtte han få lov til å halde fram på same skulen no siste året før vidaregåande. Eg kan ingenting om dataspel og slikt, men internett har eg. Tilfeldigvis er han til liks med meg glad i musikk og vi har blitt kjende med kvarandre ved å kunne spele og syngje saman heime på kvelden eller i helgane, seier ho.

Ein typisk tenåringsgut

Mikael og Trine blei ein liten familie for omtrent eit år sidan då Mikael flytta inn frå beredskapsheimen. No har han fullført ungdomsskulen og starta i første klasse på vidaregåande skule. I dag er det ingen som tenkjer over at Mikael ikkje bur med den biologiske mammaen sin. Han er ein heilt vanleg sosial ungdomsgut som trivst godt saman med vennene sine anten det er digitalt i eit dataspel eller over ein pizza og film på laurdagskvelden.

- Sist eg var fosterheim var det ei litt vond avslutning. Eg måtte derfor ta meg ein pause og tenkje litt før eg kunne ta til meg ein ungdom til. No er det likevel slik at eg har plassen, tida og eg vil jo hjelpe dei som ikkje har det så bra. Eg møtte Mikael og han er berre snill og grei. Ein typisk tenåringsgut. Utfordringar og usemje løyser vi gjerne med godt humør og ved å skrøne litt med kvarandre, smiler Trine.

Heilt avgjerande med god dialog og samarbeid

Mikael ønskte sjølv å halde fram med å bu i beredskapsheimen då mammaen flytta til ein annan del av landet. Avgjerda om å flytte i ein fosterheim i same område som beredskapsheimen blei teken i tett dialog med Mikaels mor og søster. I dag er det Mikael sjølv og familien hans som styrer kor mykje kontakt dei har og kor ofte dei treffest.

- Trine og Mikaels mamma er ganske like, og det er flott å sjå korleis Trine inkluderer og legg til rette for besøk og kontakt. Det har nok vore heilt avgjerande for at han har det så bra i fosterheimen. Det å skulle ringje mor eller søster er innimellom kanskje ikkje det kulaste for ein tenåringsgut som helst vil henge med kompisar, men verken han eller mor er redde for å ta kontakt og be om å treffast. Dersom han ønskjer å reise på besøk så legg vi sjølvsagt til rette for dette slik at han får fly og eventuelt opphald, fortel Marit, behandlar i barneverntenesta.

Ho er tydeleg på at det å finne fosterheimar i familien eller nettverk ofte kan vere ein fordel for barnet som då allereie kjenner til miljøet, kulturen og kanskje til og med familien dei flyttar inn i.

- Dersom det er nettverk og familie å leite i, er det heilt naturleg at vi leitar der først. Samtidig er vi merksame på at ein fosterheim i familie eller nettverk kan by på enkelte utfordringar dersom foreldra er usamde eller det oppstår ein lojalitetskonflikt, seier Marit.

For Mikael var det ikkje veldig stor familie å leite etter fosterheimar i. Samtidig var ønskt så sterkt om å bli verande i området, slik at barneverntenesta hadde ei utfordring å løyse.

- Mor hadde flytta eit godt stykke unna, og det kom heilt klart fram frå Mikael sjølv at han ikkje ønskte å flytte dit. Det tok derfor ganske lang tid å finne ein heim som passa. Vi var vel på tredje runde med skulen då Trine dukka opp som nytilsett lærer, seier Marit.

Kvardagen som fostermor

Livet som fostermor for ein ungdomsgut skil seg nok ikkje veldig mykje frå livet til alle anna tenåringsmor. Dei har òg merka ei endring i kvardagen og mindre tid saman etter at Mikael starta på vidaregåande.

- Tidlegare kunne han sitje på med meg til skulen, men no må han komme seg av garde sjølv med bussen. Han kjem som oftast heim før meg og set seg ned og speler fram til eg kjem. Det er ved måltida eg opplever at vi får mest tid saman til å snakke om dagen, fortel ho.

Den vesle familien har funne ein dynamikk og plan som fungerer for dei, og det er tydeleg at Trine trivst godt med at Mikael har flytta inn.

Bordet er dekket med to asjetter med mat

- På søndagar prøver vi å setje oss ned saman og leggje matplanen for heile veka. Han er faktisk veldig glad i å lage mat og fiksar gjerne kveldsmat sjølv, men på fredagar, då må vi ha taco, smiler ho.

- Han er ein veldig grei gut å ha med å gjere, og veldig smart. Som lærer skulle eg kanskje sett at han la meir innsats i skulearbeidet, men til liks med andre tenåringar er det nok andre ting som freistar meir.

VIL DU VITE MEIR?

For å få meir informasjon om fosterheimar, beredskapsheim og spesialiserte fosterheimar kan du melde deg på eit uforpliktande informasjonsmøte her.

Viss du har lyst til å starte på opplæringsprogram for nye fosterforeldre kan du sende e-post til ft.ost.kurs@bufetat.no.

Fosterheimstenesta region aust.

Telefon: 466 16 800