Det beste de kan gjere for å påverke ei sak, er å involvere dykk så tidleg som mogeleg i saksgangen.
Moglegheita for å kunne påverke blir mindre dess lengre saka har vore til behandling. Under kan de sjå ei tidslinje for ei sak; frå den oppstår til den blir vedteken i kommunestyret, og når du har best moglegheit til å påverke.
(Illustrasjon inn her)
Saka oppstår: Gode moglegheiter til å påverke. De bør sette av tid til å halde dykk oppdaterte på kva for nokre saker som skal opp til behandling. Dersom de er tidleg ute med å finne saker som de vil påverke, bør de involvere dykk så fort som mogeleg. Sidan det er tidleg i prosessen, kan de freiste å påverke gjennom å kontakte politikarar direkte. De kan også klargjere saka gjennom lesarbrev eller andre aktivitetar, og gjennom dette påverke vinklinga saka får i mediebildet.
Saka blir send på høgring: Gode moglegheiter til å påverke. Her har de moglegheiter for å komme med innspel og si meininga dykkar om ei sak. De kan både gi skriftlege og munnlege høyringssvar. I tillegg kan ein framleis kontakte politikarar direkte.
Saka blir behandla i komité: Framleis somme moglegheiter til å påverke. Når saka blir behandla i komitéen, har dykk moglegheit til å påverke ved at representantar for ungdomsrådet kan få møte komitéen. Da kan de legge fram ein bodskap.
Saka blir behandla i kommunestyret: Når saka blir behandla i kommunestyret, fattast det vedtaket, og det er svært lite sannsynleg å kunne påverke saka.
Saka er vedteken: Når kommunestyret har fatta vedtak er det ikkje lenger moglegheit å påverke saka. Sjekk om de har fått gjennomslag, og informér dei involverte i prosessen om vedtaket. Arranger ei feiring dersom de har fått gjennomslag, og gi merksemd til politikarar som har støtta saka dykkar. Dette kan gi velvilje i andre saker