Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Hovudregelen er at det skal opprettast separate råd for eldre og råd for personar med funksjonsnedsetting i alle kommunar og fylkeskommunar. Det følgjer av forskrifta om medverknadsordningar at kommunen eller fylkeskommunen kan opprette eitt felles råd for eldre og personar med funksjonsnedsetting dersom det ut i frå lokale forhold er nødvendig.

Moglegheita for felles råd er ein unntaksregel for dei tilfella kor det er nødvendig med felles råd, fordi det er vanskeleg å etablere separate råd ut frå lokale forhold. For eksempel i mindre kommunar kan det vere vanskeleg å finne tilstrekkeleg mengd medlemmer til å opprette to råd. Eldre og personar med funksjonsnedsettingar har ikkje alltid samanfallande interesser. Saksfeltet for eit felles råd kan bli stort. Hovudregelen er derfor separate råd. Organisasjonar for eldre og organisasjonar for personar med funksjonsnedsetting og etablerte råd for eldre og for personar med funksjonsnedsetting i kommunen eller fylket, skal høyrast før kommunestyret eller fylkestinget avgjer om det skal opprettast eitt felles råd.