Sida ungdom under 18 år ikkje har stemmerett eller sjølv kan stille til val, har dei få moglegheiter til å seie meininga si og påverke politiske avgjerder. Det er berre ungdom sjølv som veit kva ungdom meiner om ulike saker. Det er derfor viktig at ungdom ikkje blir representert gjennom andre, men snakkar for seg sjølv. Derfor har vi ungdomsråd.

Artikkel 12 i barnekonvensjonen seier: "Barnet har rett til å seie meininga si i alt som vedkjem det og barnet sine meiningar skal tillegges vekt". Ungdomsråd er ein måte å gi ungdom moglegheit til å seie meininga si om saker som skal avgjerast av kommunestyret eller fylkestinget.