Kommunestyret og fylkestinget kan gi medlemmer av ungdomsråd lov til å delta (møte- og talerett) i andre folkevalde organ, for eksempel i kommunestyret eller fylkestinget (forskrift om medvirkningsordninger § 2). Dersom det er ei konkret sak som rådet gjerne vil ta opp i eit møte med kommunestyret, kan dei be om å få taletid, men det er opp til kommunestyret å avgjere om dei skal få denne moglegheita.
Gi råd til kommunen/fylkeskommunen
Ungdomsråd skal gi råd til kommunen eller fylkeskommunen slik at kommunestyret eller fylkestinget har eit betre grunnlag for avgjerdslene sine, ifølgje kommunelova.
Rådet har rett til å kome med synet sitt på ei sak, det er ikkje ei plikt. Det er opp til rådet å vurdere om det skal gi ei fråsegn. Rådet kan dermed avgjere kva saker dei vel å kome med innspel til.
Uttale seg på vegner av ungdom
Ungdomsrådsmedlemene er folkevalde, det vil seie at dei er valde for å representere ungdom i sin kommune eller fylket sitt. Ungdomsråd skal representere og uttaler seg vegner av alle ungdomar. Ungdomsråd bør derfor sørgje for å ha god kontakt med ulike grupper av ungdom, og skape møteplassar der ungdomsråd kan få innspel frå ungdomane dei representerer.
Ungdomsrådet skal sikre ein brei, open og tilgjengeleg medverknad frå ungdom i kommunen eller fylket.
Med brei medverknad meinest blant anna at
- rådet skal kunne uttale seg om mange ulike saker i kommunen eller fylkeskommunen
- rådet kan uttale seg om alle saker som gjeld ungdom
- dei som blir valde som medlemmer til rådene, bør ha ulik alder og erfaringsbakgrunn
Med open og tilgjengeleg medverknad meinest at
- kommunen eller fylkeskommunen må sikre at rådene mottek alle relevante saker kor rådene kan avgi fråsegn
- rådet kan også ta opp saker på eige initiativ
- møta i rådene skal vere opne og tilgjengelege for einkvar som ønsker å vere til stades
- fråsegnene til rådet skal vere offentlege