Her får du informasjon om kva arbeidsoppgåver som kan høyre til jobben som sekretær i rådet for personar med funksjonsnedsettingar.
Rolla som sekretær for rådet er mangfaldig. Først og fremst handlar det om å tilrettelegge for at rådet kan gjere jobben sin på ein god måte. Det handlar både om den praktiske tilrettelegginga og om oppfølging av rådet og medlemmene i rådet.

Råda skal få tilstrekkeleg sekretariatshjelp (forskrift om medvirkningsordninger §3). Kommunane vel korleis sekretariatshjelpa til råda skal organiserast. Plassering av sekretariatet ved rådmannskontoret vil kunne vere gunstig, men det er det opp til den enkelte kommunen og fylkeskommunen å avgjere.

Når skal rådet involverast?
Involvere rådet i aktuelle saker
Korleis førebu ei sak?
Korleis førebu rådsmøta?
Oppfølging etter rådsmøta

 

Kven har ansvar for opplæringa  av rådet?

Kommuneloven og forskrifta om medverknadsordningsordningar inneheld ikkje avgjerder som gir rådet rett til opplæring. Rådsmedlemmene bør få informasjon og opplæring som gjer at dei kan vareta oppgåvene til rådet, for eksempel tilbod om å delta på KS folkevalgtprogram, for å kunne utføre rådsfunksjonen. Dersom rådet ikkje får eller har fått opplæring, vil det vere naturleg at avdelinga som rådssekretær er tilsette i, tek initiativ til at rådet får eit opplæringstilbod. Aktuelle område for opplæring:

Korleis kommunen eller fylkeskommunen er bygd opp
Kva det vil si å vere folkevalgt?

 

Løyvingar og budsjett

Forskrifta om medverknadsordningar føresetter at kommunestyret eller fylkestinget løyver nødvendige midlar til drifta av rådet (forskrift for medvirkningsordninger § 3). Kommunen eller fylkeskommunen kan velje å vedta eit eig budsjett for rådet, slik at rådet kan planlegge arbeidet sitt for det kommande året.

Råda har rett til å uttale seg før kommunestyret eller fylkestinget vedtek budsjett for dei. Sekretæren bør undersøke om leiaren for rådet er kjend med denne moglegheita, slik at rådsleiaren kan vurdere om rådet skal uttale seg om budsjettet.

Kor mykje arbeid?

Rådet skal ha tilstrekkeleg sekretariatshjelp. Det tyder at omfanget og innhaldet av sekretariatshjelpa må vere tilstrekkeleg til at rådet kan utøve oppgåvene sine på ein god måte. Omfanget av hjelpa vil kunne variere, blant anna på grunn av talet saker rådet behandlar. I den første tida etter at rådet er valt, vil rådet i mange tilfelle kunne ha behov for meir hjelp enn etter noko tid, når rådet har blitt meir kjent med oppgåvene sine.