Her får du en oversikt over hvordan arbeidet i rådet for personer med funksjonsnedsettelse kan foregå.

Rådene har en viktig funksjon for å realisere Regjeringens strategi om et samfunn for alle (pdf) på kommune- og fylkesnivå. Rådene jobber som regel først og fremst med hovedområdene

Korleis ta opp ei sak i rådet?

Som rådsmedlem kan du ta opp saker som er relevante for situasjonen til personar med funksjonsnedsetting i kommunen eller fylkeskommunen. Ta kontakt med leiaren av rådet, og diskuter om saka kan takast opp på eit kommande møte i rådet.

Innkalling til møtet skal sendast til medlemmene med rimeleg varsel, bestemmer kommunelova. Kravet om at innkallinga må vere send med rimeleg varsel betyr at innkallinga skal sendast så tidleg at medlemmene kan innrette seg etter dette tidspunktet eller sørge for at varamedlemmene blir varsla tidsnok til å møte. Medlemmene må bli varsla om møtetidspunktet så tidleg at dei får tid til å sette seg inn i sakene før møtet.

Korleis kan rådet påvirke?

Synleggjere arbeidet til rådet i årsmeldinga
Etablere faste møte med ordførar
Invitere personar frå administrasjonen
Få møte- og talerett

 

Korleis organisere rådsmøta

Det er opp til rådet sjølv å bestemme kor ofte det skal ha møte, blant anna vurdert ut ifra mengda saker rådet har på arbeidsplanen i den perioden rådet er valt. 

Rådet skal ha møte dersom minst eitt av vilkåra under er oppfylt (kommunelova § 11-2):

Møta skal vere opne
Saksliste og saksbehandling

 

Samarbeid med andre råd

Mange fylkeskommunar arrangerer årlege samlingar for dei kommunale råda i fylket. Det er viktig at rådet er representert her for å få informasjon om aktuelle tema. Samlingane gir også moglegheiter til å knyte kontaktar, utveksle erfaringar og eventuelt etablere varig samarbeid med råd i andre kommunar. 

Samarbeid med organisasjonar

Rådet bør innhente synspunkt og diskutere saker rådet bør arbeide med, frå organisasjonane for personar med funksjonsnedsetting. Dialog og samhandling er viktig for å kunne ta felles initiativ der det er naturleg, for eksempel overfor mediet. Rådet er likevel ikkje eit direkte talerøyr for organisasjonane.

Innhente kunnskap om lokalsamfunnet

Det er viktig at råda skaffar seg kunnskap om sitasjonen for innbyggarane i kommunen eller fylkeskommunen med funksjonsnedsetting, for eksempel:

Er personar med funksjonsnedsetting fornøgde med dei helse- og sosialtenestene kommunen yter?
Korleis er situasjonen for funksjonshemma elevar?
Blir funksjonshemma fullt ut inkludert i ordinære skolar og klassar?
Her vil kommunemonitoren til Bufdir kunne vere til hjelp.

Lage årsmelding

Rådet skal kvart år utarbeide ei årsmelding som skal leggast fram for kommunestyret eller fylkestinget.

Mange råd skriv korte årsmeldingar som ofte gir avgrensa informasjon, men det vil ofte vere fordelaktig å legge litt meir arbeid i årsmeldinga. Årsmeldinga vil f.eks. kunne innehalde oversikt over medlemmer, mandat og kva saker rådet har behandla i løpet av året som har gått, i tillegg til ei oppsummering av fråsegnene til rådet.

Kjenne til likestillings- og diskrimineringsloven

Rettane til personar med funksjonsnedsetting er :beskyttet i fleire lovar. Ein viktig lov er likestillings- og diskrimineringsloven (Lovdata). Råda bør ha kjennskap til dei viktigaste avgjerdene i loven.