Rådet skal komme med innspel til saker som skal behandlast i kommunen eller fylkeskommunen, slik at synspunkta og behova til personar med funksjonsnedsetting blir synleggjorde og er del av saka før det blir teke ei avgjerd. Det er opp til kommunen og fylkeskommunen å fatte vedtak i dei enkelte sakene. Rådet sine anbefalingar i den konkrete saka vil vere ein del av vedtaksgrunnlaget.

Kommunestyret og fylkestinget kan gi råda myndigheit til å fordele løyvingar, og kan gi medlemmer av råda møte- og talerett i folkevalde organ. Rådet skal ikkje behandle saker som gjeld enkelpersonar.

Det er ikkje eit krav i kommuneloven at kommunestyret skal gi ei tilbakemelding til rådet, men det vil vere fordelaktig for å styrke dialogen og kontakten mellom rådet og kommunen.