Rådet for personar med funksjonsnedsetting bør vere breitt samansette. Det bør bestå av personar med ulik erfaring og bakgrunn, for eksempel personar i forskjellige aldrar, med ulik etnisk bakgrunn, ulike funksjonsnedsettingar eller ulik bustad i kommunen eller fylket.

Det er vanleg at representantar foreslåtte av organisasjonane til funksjonshemma utgjer eit fleirtal av medlemmene til rådet. Desse representantane bør, i så stor grad som mogeleg, vere representative for innbyggare med funksjonsnedsetting.

Somme grupper funksjonshemma, for eksempel personar med utviklingshemming, er underrepresentert i politikken. Funksjonshemma er ei svært heterogen gruppe, og råda må etterstreve å representere dette mangfaldet på ein god måte. 

Kor mange kan sitte i rådet?
Kjønnsfordeling
Treng ikkje ha funksjonsnedsetting
Politikarar i rådet
Fleire unge i rådet
Intern organisering av rådet
Ikkje krav om stemmerett