Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Årleg oppfølging av statlege barneverninstitusjonar - retningslinjer for statleg regional barnevernstyresmakt

Årleg oppfølging av statlege barneverninstitusjonar - retningslinjer for statleg regional barnevernstyresmakt

Utarbeidet av: Bufdir

Publisert:

Innhaldet på denne sida kan vere utdatert

Innhaldet er ikkje oppdatert i samsvar med ny barnevernslov som tredde i kraft 1. januar 2023.

Les meir om ny barnevernslov

Fastsett av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet den 24. januar 2008 og revidert den 1. april 2010.

Oppfølginga skal bidra til å sikre at barn og unge som blir plassert i statlege barneverninstitusjonar får forsvarleg omsorg og behandling. Oppfølginga skal òg bidra til å sikre at barn og unge blir gitt eit tilbod som er i samsvar med eit kunnskapsbasert barnevern.

Desse retningslinjene gjeld for årleg oppfølging av alle statlege barneverninstitusjonar.

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) har ansvaret for etablering og drift av institusjonar som høyrer inn under barnevernlova. Bufetat skal godkjenne private og kommunale barnevernsinstitusjonar og omsorgssenter.

Kvalitetskrav til barnevernsinstitusjonar og omsorgssenter er nærmare regulerte i barnevernlova § 5-10 og kvalitetsforskrifta. Krav til godkjenning av barnevernsinstitusjonar og omsorgssenter er nærmare regulerte i godkjenningsforskrifta og presiseringar gitt av BLD og Bufdir.

Etter godkjenningsforskrifta § 7 kan Bufetat når som helst, og på den måten som regionen finn formålstenleg, føre kontroll med at vilkåra for godkjenning er til stades i private og kommunale institusjonar. I kraft av eigaransvaret gjeld tilsvarande for kontroll med at drifta av statlege institusjonar er i samsvar med lover og forskrifter.

Kontrollskjema

Kontrollskjema skal nyttast både av statlege, kommunale og private barnevernsinstitusjonar og omsorgssenter. Kontrollskjemaet utfyller opplysningar i institusjonsplanmal med rettleiing, og erstattar tidlegare kontrollskjema.

Bufetats institusjonsplanmal skal nyttast som grunnlag for etterfølgjande kontroll og oppfølging av både statlege, kommunale og private barneverninstitusjonar og omsorgssenter. Foreliggjande kontrollskjema vil utfylle opplysningar i institusjonsplanen og inngår i kontrollgrunnlaget. Skjemaet skal sendast inn i tillegg til institusjonsplanen.

Sist faglig oppdatert 26. februar 2015

Statleg regional barnevernstyresmakt har i kraft av å vere eigar og ansvarleg for etablering og drift av barneverninstitusjonar jf. bvl. § 5-1, ansvar for at dei statlege barneverninstitusjonane blir drivne i samsvar med barnevernlova og forskrifter gitt med heimel i barnevernlova.

Statleg regional styresmakt skal ha internkontroll for å sikre at oppgåvene blir utførte i samsvar med krav fastsett i lov eller i medhald av lov, jf. bvl. § 2-3 tredje ledd og retningslinjer gitt av Bufdir 1. mars 2009.

Oppfølging av eigne tiltak er ei kontinuerleg oppgåve der tilsette på regionalt og lokalt nivå har eit løpande ansvar. Oppfølging skal alltid finne stad når statleg regional barnevernstyresmakt blir kjend med forhold som tilseier at krava til kvalitet i lov og forskrift ikkje er oppfylt.

Det blir mellom anna vist til retningslinjer av 15. juli 2009 om oppfølging av rapportane frå tilsynsmakta om regelbrot i barneverninstitusjonar utarbeidde at Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

I tillegg skal det gjennomførast ei oppfølging etter desse retningslinjene i kvar av institusjonane minst ein gong i året. Statlege regional barnevernstyresmakt skal besøkje lokala til institusjonen jamleg. Det er opp til statleg regional barnevernstyresmakt å vurdere kva avdelingar som skal besøkjast som ledd i oppfølginga.

Statleg regional barnevernstyresmakt skal sørgje for at skjemaet - ”Statleg regional barnevernstyresmakts årlege oppfølging av statlege barneverninstitusjonar” - blir fylt ut av alle statlege institusjonar kvart år. Oppfølginga skal utførast på bakgrunn av utfylt skjema og annan dokumentasjon og kunnskap om institusjonen, til dømes foreliggjande institusjonsplan, rapportar frå tidlegare oppfølgingar, informasjon frå fagteama, avviksmeldingar m.v.

Rapportane frå individtilsynet frå fylkesmannen og frå siste systemrevisjon skal alltid inngå i grunnlaget for oppfølginga.2 Statleg regional barnevernstyresmakt skal på bakgrunn av opplysningar om kvar enkelt institusjon gjennomføre ei konkret vurdering av kva område og tema som skal vere gjenstand for særskild oppfølging. Endringar i institusjonen frå førre oppfølgingsbesøk skal særleg klargjerast.

Oppfølginga skal bidra til å sikre at praksisen til institusjonen er i samsvar med det som er beskrive i institusjonsplanen og utfylt skjema. Eit verkemiddel i denne samanhengen er at statleg regional barnevernstyresmakt kan gjennomføre separate samtalar med leiar, avløysar og enkelte utvalde tilsette ved institusjonen.

I oppfølginga skal statleg regional barnevernstyresmakt vurdere om institusjonen:

a) blir driven i samsvar med barnevernlova og forskrifter som er gitt med heimel i lova,

b) tilfredsstiller vilkår stilt i eller med heimel i anna lovgiving og

c) elles blir drive på forsvarleg måte.

Særleg sentralt i denne samanhengen er forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjonar og forskrift om rettar og bruk av tvang under opphald i barneverninstitusjonar. Statleg regional barnevernstyresmakt skal vere merksame på eventuelle endringar i forhold til følgjande tema:

  • endring av målgruppe
  • endring av målsetting
  • endring av faglege metodar
  • endring av talet på plassar
  • endringar av arbeidstidsordningar (turnus)
  • byte av leiing
  • ikkje ubetydelege utskiftingar av personale (under dette vakansar, langvarige sjukmeldingar og liknande)

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet kan i det årlege disponeringsbrevet eller på annan måte gi føringar om særlege fokusområde for kvart enkelt års oppfølging. I tillegg kan statleg regional barnevernstyresmakt gi slike føringar for sin regions vedkommande.

På bakgrunn av resultata av gjennomført oppfølging må statleg regional barnevernstyresmakt vurdere tiltak for kvar enkelt institusjon og for dei statlege institusjonane samla sett. Regionen har instruksjonsmyndigheit i kraft av eigarskapen sin, for dei statlege institusjonane og kan mellom anna nytte kompetansehemningstiltak, under dette rettleiing og opplæring, omorganisering og økonomiske tiltak.

Dersom statleg regional barnevernstyresmakt kjem til at institusjonen ikkje lenger oppfyller kvalitetskrava og kravet til forsvarleg drift, må regionen ta stilling til spørsmålet om grunnlaget for vidare drift og eventuelt kva verkemiddel som skal nyttast for å sikre at institusjonen 3 oppfyller kvalitetskrava og kravet til forsvarleg drift. Dei tillitsvalde skal trekkjast inn i saka så fort som mogleg, jf. Hovedavtalen i staten kap. 1 og 4 med tilpassingsavtalen for Bufetat.

Statleg regional barnevernstyresmakt skal i ein rapport for kvar enkelt institusjon dokumentere:

  • kva som har vore gjenstand for oppfølginga
  • kva dokumentasjon som er innhenta
  • kva vurderingar som er gjorde konklusjonen av oppfølginga
  • kva tiltak statleg regional barnevernstyresmakt eventuelt vil setje i verk ved institusjonen

Det skal komme fram av rapporten på kva grunnlag og under kva føresetnader institusjonen er følgt opp. Det skal derfor mellom anna komme fram av oppsummeringa i rapporten talet på plassar og kva heimlar/målgrupper institusjonen er kvalitetssikra for.

Dersom oppfølginga avdekkjer at institusjonen ikkje fyller kvalitetskrava og ikkje driv på ein forsvarleg måte, skal rapporten gjere greie for dette og kva verkemiddel statleg regional barnevernstyresmakt vil nytte. Rapporten må vere forankra i leiinga i regionen.

Den statlege institusjonen som rapporten gjeld skal få rapporten. Rapporten blir send i kopi til Bufdir.

Statleg regional barnevernstyresmakt skal òg lage ei samanstilling til Bufdir av rapportane for alle statlege barneverninstitusjonar i regionen. Samanstillinga blir oversend direktoratet etter same frist som for årsrapportering frå regionane. Samanstillinga skal peike på område der det etter oppfatninga til regionen er utfordringar i forhold til krav til eit kunnskapsbasert barnevern. Samanstillinga skal òg gjere greie for tiltak regionen har sett i verk som følgje av resultata i oppfølginga. Rapporten skal få fritak frå offentleg innsyn jf. offentleglova § 15.