1896: Verjerådslova – den første barnevernslova i verda
Den første "barnevernlova" vi fekk i Noreg var "Lov om Behandling av vanvyrdede og forsømde Børn", også kalla verjerådslova. Lova tredde i kraft i år 1900 og bestod i over 50 år før ho blei avløyst av lov om barnevern i 1953.
Verjerådet blei oppretta i kraft av verjerådslova, og skulle ha som sentral oppgåve å føre tilsyn med barnsoppvekstvilkår. Verjerådet skulle både gripe inn ovanfor barn og unge på grunn av kriminalitet eller åtferdsvanskar og overfor foreldre som forsømde sine omsorgs- og oppsedingsoppgåver.
Det viktigaste tiltaket i verjerådslova var formaning av foreldre som forsømde barna sine, og bortsetjing av "sædelig forkomne" barn i fosterfamilie, barneheimar eller skuleheim. Den kriminelle lågalderen blei samtidig heva frå 10 til 14 år. I motsetnad til tidlegare lover, tok verjerådslova òg omsyn til rettane til foreldra i forhold til barna og ikkje berre deira plikter. Til dømes blei det med lova innført heimel for prøving av vedtak.