Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Vil fjerne utdaterte og diskriminerande ord frå lovverka

Person i rullestol
Ei rekke ord og nemningar i dagens lovverk bør byttes ut. Det er ei av anbefalingane frå Bufdir til Kultur- og likestillingsdepartementet.

Publisert

Anbefalingane står i ein rapport Bufdir har skrive i samarbeid med Språkrådet, på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Rapporten tek for seg språk og nemningar som brukast om personar med funksjonsnedsetjing i norsk lovverk i dag, og gir anbefalingar om ord som bør fjernast eller brukast med varsemd.

– Språket formar haldningar. Når lovverket brukar ord som «vanfør» eller «retardert», held me ved like gamle førestillingar om kven som høyrer til og ikkje. Difor kjem Bufdir saman med Språkrådet med råd til korleis vi kan fornya språket og kva slags ord det offentlege bør velgje, seier Anna Bjørshol, avdelingsdirektør for likestilling i Bufdir.

Les heile rapporten

Endringar i språkbruk over tid

Bufdir viser til at nesten 40 prosent av personar med personar med funksjonsnedsetjing har opplevd krenkjande ytringar eller hatprat. Klarspråk og respektfull omtale kan vere eit viktig steg mot eit meir inkluderande samfunn.

Over tid har synet på funksjonsnedsetjing endra seg frå ei medisinsk til ei sosial-relasjonell forståing, i følgje Bjørshol. Framfor å snakke om eigenskapar ved individet ser ein på kva slags barrierar som finst i samfunnet.

– I tillegg snakkar vi ikkje om at folk er «friske» eller at ein «manglar» noko, men om ein variasjon av funksjoner og eigenskapar. Nye omgrep som «funksjonsvariasjon» og «funksjonsmangfald» speglar dette perspektivet, forklarer Bjørshol.

– Språk er makt. Når me endrar orda, endrar me òg måten me ser på kvarandre.

Innspel frå språkrådet og frå interesseorganisasjonar

Arbeidet følgjer opp oppmodingsvedtak nummer 440 frå Stortinget. Vedtaket inneber at regjeringa skal gjennomføre ei lovgjennomgang med mål om å fjerne språkbruk som omtalar personar med funksjonsnedsetjing med utdaterte, diskriminerande og stigmatiserande omgrep.

Bufdir har kartlagt ord og nemningar basert på lovverk og reglar, og etter innspel frå interesseorganisasjonar for personar med funksjonshemming. Mens Bufdir har komme fram til orda og gitt si vurdering av dei, har Språkrådet gitt råd med utgangspunkt i omsynet til allmennspråket, både til klart språk og behovet for eit presist fagspråk.

Vil fjerne utdaterte og diskriminerande ord frå lovverka | Bufdir