Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Rekordstor pågang til krisesentera

En dame og et barn sitter på bakken i en mørk gang.
Aldri før har så mange nytta seg av bu- og dagtilbodet ved krisesentera som i 2024. Det fører til kapasitetsutfordringar for fleire senter.

Publisert

- Den rekordstore pågangen syner kor viktig det er å ha eit godt tilbod til dei som er utsette for vald. Sentera har ei sentral rolle i å førebyggje vald i nære relasjonar og hjelpe dei som står i fare. Sentera skal vere ei teneste som er godt kjent og prioritert i kommunane, seier Tove Bruusgaard, divisjonsdirektør i Bufdir.

Talet på dagsbesøk i 2024 var det høgaste sidan tidsserien starta i 2005. Totalt blei det registrert 3745 dagbrukarar med til saman 13 586 dagsbesøk gjennom året.

Det var òg ein auke i talet på opphald. 2340 vaksne hadde til saman 2715 opphald. I tillegg blei det registrert 7833 einesamtalar på telefon med 3288 telefonbrukarar.

Tala er henta inn av Sentio Research Norge AS på vegner av Bufdir. Du kan lese alt saman her.

Fakta om krisesenter

Krisesentera skal vere eit lågterskeltilbod som er tilgjengeleg for kvinner, menn og barna deira som er utsette for vald i nære relasjonar. Tilbodet skal omfatte eit trygt, mellombels butilbod, eit samtaletilbod og hjelp til å ta kontakt med andre tenester.

I Noreg finst det 43 krisesenter fordelt på heile landet. Du finn oversikten på dinutvei.no.

Auka pågang frå menn over tid

Sjølv om kvinner og barn utgjer eit stort fleirtal av dei som bur på krisesenter, har andelen menn auka noko sidan krisesenterloven blei innført i 2010. I fjor var det 210 mannlege bebuarar på krisesentera, med til saman 234 opphald.

Både for kvinner og menn var den som utøva valden, som oftast ektefellen eller sambuaren dei hadde no. Men ein større andel menn enn kvinner oppgav at valden var utøva av foreldre, eit anna familiemedlem, andre kjente eller nokon ukjente. Ein stor andel av dei mannlege bebuarane rapporterte at dei var utsette for vald frå ei kvinne.

Nøkkeltal for 2024

  • I 2024 budde 2 340 vaksne på krisesentera. Bebuarane hadde til saman 2715 krisesenteropphald.
  • Det blei registrert 3 745 dagbrukarar, som til saman hadde 13 586 dagsbesøk.
  • Det blei registrert 7 833 einesamtalar på telefon med 3 288 brukarar.
  • 1 704 barn budde på krisesentera. Til saman hadde desse barna 1 998 opphald.
  • 210 menn budde på krisesenter. Mennene hadde til saman 234 opphald.
  • 92 prosent av både bebuarane og dagbrukarane var utsette for vald frå ein mannleg valdsutøvar. 16 prosent av bebuarane og 14 prosent av dagbrukarane var utsette for vald frå ein kvinneleg valdsutøvar.
  • Ein betydeleg større andel av mannlege enn kvinnelege bebuarar var utsette for ein kvinneleg valdsutøvar – 67 prosent av dei mannlege bebuarane mot 11 prosent av dei kvinnelege.
  • Ein stor andel av barna fekk avbrot i barnehage- eller skulegang medan dei var på krisesenter. Det var avbrot ved 55 prosent av opphalda til barnehagebarn og 44 prosent av opphalda til skulebarn. Som oftast var det av omsyn til deira eigen tryggleik.

Barn på krisesenter

Det er òg registrert eit høgt tal på barn på krisesentera i 2024. 1704 barn hadde til saman 1998 opphald. Dette er det høgste talet på barn og opphald av barn sidan registreringa tok til i 2014. Ved 97 prosent av opphalda kom barna til krisesenteret saman med mora, medan dei ved 3 prosent av opphalda kom med faren.

I 2024 gjorde krisesentera for første gong ei registrering av kva for erfaring med vald barna har. Dei vanlegaste formene for vald som ble oppgjeve, var psykisk vald, fysisk vald og trugsmål. Dette er òg dei vanlegaste formene for vald som vaksne bebuarar var utsette for. Mange av barna hadde i tillegg opplevd psykisk eller fysisk vald og trugsmål mot ein forelder.

Ein stor andel av barna fekk avbrot i barnehage- eller skulegang medan dei var på krisesenter. Det var avbrot ved 55 prosent av opphalda til barnehagebarn og 44 prosent av opphalda til skulebarn. Som oftast var det av omsyn til deira eigen tryggleik. For skulebarn var òg avstand til skule, og tid til organisering av den vidare skulegangen, vanlege grunnar til avbrota. Det er viktig å sikre at avbrota frå barnehage og skule ikkje blir lengre enn absolutt naudsynt.

- For barn på krisesenter er det viktig å kunne halde fram med skule, barnehage og få høve til å leike slik at dei kan halde fast ved ein viss normalitet i kvardagen. Kommunane må syte for å ha rutinar for at barn på krisesenter blir tatt vare ein god måte, og at dei får oppfylt dei rettane dei har etter krisesenterloven og barnekonvensjonen, seier Tove Bruusgaard.

Ny krisesenterlov og kapasitetsutfordringar

Krisesentera skal vere eit lågterskeltilbod som er tilgjengeleg for kvinner, menn og barna deira som er utsette for vald i nære relasjonar. Tilbodet skal omfatte eit trygt, mellombels butilbod, eit samtaletilbod og hjelp til å ta kontakt med andre tenester.

Samstundes med at krisesentera opplevde auka pågang, var det òg mange senter som hadde kapasitetsutfordringar, og det var litt færre tilsette og årsverk enn i 2023.

I Regjeringa sitt framlegg til ny krisesenterlov får kommunane tydelegare ansvar for å syte for eit likeverdig og heilskapleg krisesentertilbod. Det skal òg gjelde for valdsutsatte som ikkje kan nytte det vanlege butilbodet grunna problematikk knytt til rus og psykiatri. Vidare vert det gjort tydeleg i lova at oppfølging av dei som er utsette for vald, skal skje i samarbeid med andre delar av tenesteapparatet. Dei særskilte rettane til samiske brukarar skal òg ivaretakast i krisesentertilbodet

- Det er bra at den reviderte lova gjer det tydeleg kva for ansvar kommunane har for krisesentertilbodet. Omfanget av vald i nære relasjonar og den auka pågangen må møtest med ressursar nok. Det gjer at krisesentera kan tilby likeverdige tenester til alle som treng det, avsluttar Tove Bruusgaard i Bufdir.