Rekordmange nyttar seg av dagtilbodet ved krisesentera

Publisert
– Rekordmange oppsøkjer dagtilbodet ved sentera for samtale og rettleiing. Det viser at denne delen av tilbodet ved krisesentera blir ei stadig viktigare støtte for valdsutsette, og gir fleire høve til å få hjelp, seier Tove Bruusgaard, divisjonsdirektør i Bufdir.
I 2025 vart dagtilbodet ved krisesentera brukt 22 757 gonger, som er det høgaste som er registrert. Dette omfattar både dagsbesøk og einesamtalar på telefon eller video. 6 646 personar nytta seg av dagtilbodet totalt.
Av det samla talet var 13 553 dagsbesøk. Det vil seie fysiske oppmøte ved senteret, følgje til møte med andre tenester eller oppfølging i heimen. I tillegg vart det registrert 9 204 einesamtalar, i form av strukturerte samtalar og rettleiing på telefon. Ein tredel av samtalane vart gjennomført på telefon på grunn av lang reiseavstand til næraste krisesenter.
Berre i rekordåret 2024 vart det registrert fleire opphald og bebuarar
Krisesentertilbodet i kommunane skal gi råd, støtte og rettleiing, og dessutan eit beskytta butilbod til dei som har behov for det. I 2025 budde 2 278 vaksne på krisesentera, som til saman hadde 2 678 opphald. Antal bebuarar og opphald var det nest høgaste som er registrert ved sentera.
Menn utgjer framleis ein mindre del av brukarane på krisesentera. I 2025 budde 226 menn på krisesenter, med 252 opphald. Det er nokon fleire enn året før. Sjølv om menn er i mindretal, er det altså fleire menn som oppsøkjer hjelp.
I 2025 budde 1 531 barn på eit krisesenter, og desse hadde saman 1 850 opphald. For mange av barna førte opphaldet til avbrot frå barnehage eller skule. Dette skjer som regel for å ivareta tryggleiken til barna.
Tre av fire krisesenter var fulle éin eller fleire gonger i 2025
Samtidig som pågangen til dagtilbodet aukar, melder krisesentera om kapasitetsutfordringar i butilbodet. I 2025 var 30 av 42 tilbod til kvinner fullt éin eller fleire gonger i løpet av året. For butilboda til menn gjaldt dette 21 av 39 tilbod.
Fleire krisesenter melder også at lokala deira ikkje er godt nok tilpassa behova. I 2025 gjaldt dette 22 av 42 senter med tilbod til kvinner og 26 av 40 senter med tilbod til menn. Dette er ein klar auke frå året før. Nokon peikar på at bygga er gamle eller lite formålstenlege, medan andre manglar moglegheit for nødvendig skjerming eller har for liten romkapasitet.
Endringane i krisesenterlova i 2025 inneber blant anna ei tydeleggjering av plikta kommunen har til å sørgje for eit likeverdig krisesentertilbod til alle brukarar.
Nokon krisesenter seier at lokala gjer det vanskeleg å gi eit godt tilbod til brukarar som har tilleggsutfordringar, som rus eller psykisk uhelse. Senter med tilbod til menn trekkjer i tillegg fram at fasilitetane ofte er dårlegare enn i tilbodet til kvinner, eller at lokala ligg for langt unna hovudsenteret.
– Endringane i krisesenterlova tydeleggjer ansvaret til kommunane for å sikre eit likeverdig tilbod til alle brukarar, også personar som har utfordringar knytte til rus eller psykisk helse. Samtidig ser vi at fleire senter slit med gamle eller lite eigna lokale, og at det blir stadig vanskelegare å gi eit godt tilbod til alle som treng det. Det er ikkje ei ønskt utvikling. Vi vil difor minne om Bufdirs tilskotsordning til oppgradering av krisesenterbygg, som alle kommunar bør kjenne til, avsluttar Bruusgaard.
Andre nøkkeltal
- Psykisk vald, fysisk vald og truslar var dei vanlegaste formene for vald som både vaksne bebuarar og brukarar av dagtilbodet var utsette for. 92 prosent av bebuarane og 89 prosent av brukarane av dagtilbodet var utsette for vald frå ein mannleg valdsutøvar. 17 prosent av bebuarane og 16 prosent av brukarane av dagtilbodet var utsette for vald frå ein kvinneleg valdsutøvar.
- 77 prosent av dei vaksne bebuarane, og 82 prosent av brukarane av dagtilbodet, oppgav at valdsutøvar var anten noverande eller tidlegare ektefelle, sambuar eller kjærast. For åtte av ti barn på krisesenter var valdsutøvar far.
Tala er henta inn av Sentio Research Norge AS på vegner av Bufdir.
