Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Rekordhøgt tal på brukarar ved sentera mot incest og seksuelle overgrep

Person holder seg for knærne.
Foto: Unsplash
I 2024 var 3 824 brukarar innom sentera mot incest og seksuelle overgrep. Dette er det høgaste talet sidan statistikken starta i 2009.

Publisert

– Talet på førespurnader og brukarar som nyttar tilboda ved sentera har auka dei siste åra. I år ser vi òg at ein høg del av brukarane er førstegongsbrukarar. Det viser at sentera spelar ei viktig rolle i å hjelpe menneske som er utsette for eller er pårørande til ein som er utsett for incest og seksuelle overgrep, seier Tove Bruusgaard, divisjonsdirektør i Bufdir.

Totalt vart det registrert 23 933 besøk og 36 966 førespurnader til sentera. Ein høg del av brukarane i 2024 var nye brukarar som ikkje hadde nytta senteret tidlegare. 51 prosent av dei som var utsette for seksuelle overgrep, brukte sentera for første gong i 2024.

Alle tala er henta inn av Sentio på vegner av Bufdir, og kan lesast i sin heilskap her.

Fakta om sentera mot incest og seksuelle overgrep

Sentera mot incest og seksuelle overgrep er eit lågterskeltilbod basert på prinsippet om hjelp til sjølvhjelp. Sentera SMISO og Nok. gir råd, rettleiing og bistand til brukarane, utan krav om tilvising. Sentera er eit supplement til det offentlege hjelpeapparatet.

Det finst 21 senter over heile landet. Sjå oversikt på www.dinutvei.no

Fleire kvinner enn menn tek kontakt

Delen kvinnelege brukarar var 85 prosent blant dei som var utsette for seksuelle overgrep, og 70 prosent blant dei som var pårørande eller nær person til ein som var utsett for seksuelle overgrep.

– Sjølv om jenter og kvinner i større grad enn menn blir utsette for seksuell vald, så tyder tala vi har, på at det tek lengre tid for menn å kome til eit stadium der dei oppsøkjer hjelp. Når vi då ser alvoret i det brukarane ved sentera har vore utsette for, så understrekar det kor viktig det er å jobbe for at både kvinner og menn som har blitt utsette, oppsøkjer hjelp, seier Bruusgaard.

Nøkkeltal for 2024

  • 77 prosent av brukarane var sjølve utsette for seksuelle overgrep.
  • 17 prosent var pårørande eller ein annan nær person til ein som var utsett for seksuelle overgrep.
  • 5 prosent var både sjølv utsett og pårørande.
  • Av dei som var utsette for seksuelle overgrep, var nesten 8 av 10 utsette for seksuell omgang og 7 av 10 for ei seksuell handling.
  • Dei fleste brukarane som var utsette for seksuelle overgrep, oppgav ein mannleg utøvar. Dette galdt 97 prosent av kvinnene og 81 prosent av mennene. Ein høgare del menn enn kvinner var utsette for ein kvinneleg utøvar – 30 prosent av mennene og 7 prosent av kvinnene. Ettersom nokre brukarar har vore utsette for fleire overgriparar eller fleire overgrep, blir summen av tala over 100 prosent.
  • 34 prosent av brukarane som var utsette for seksuelle overgrep, svarte at ein eller fleire saker var melde til politiet. Halvparten av dei som oppgav at dei hadde meldt ei eller fleire saker, opplevde at politiet la bort saka eller sakene.

Dei 21 sentera dekkjer store geografiske område og mange brukarar. Dei blir finansierte gjennom kommunalt og statleg driftstilskot. Minst 20 prosent må dekkjast frå kommunalt nivå for å utløyse eit statleg tilskot på inntil 80 prosent.

– Bak desse tala finst det historier som pregar liva til mange menneske. Det understrekar kor viktig tilbodet er. Det viser òg at sentera er eit særskilt hjelpetilbod som samfunnet treng. Bufdir er med på å finansiere sentera, og vi håpar at alle kommunar, fylkeskommunar og helseføretak ser kor avgjerande den lokale finansieringa er for å sikre det statlege tilskotet. Slik kan sentera rundt om i Noreg bestå og halde fram det gode arbeidet med å hjelpe endå fleire, avsluttar Bruusgaard.

Treng du eller nokon du kjenner hjelp?