Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

No kan du melde deg på Ungdomskonferansen 2025

Gruppe med ungdom.
Foto: Ungdomsrådet i Kvam herad, som vann Årets ungdomskommune 2023.
Er du vald inn i ungdomsrådet? Jobbar du med ungdom? Tek du avgjerder som påverkar deira liv? Då bør du melde deg på årets viktigaste nettverkskonferanse for ungdom i Noreg!

Publisert

Tid: 21.-23. september 2025

Sted: Øystese, Kvam herad

Meld deg på

Ungdomskonferansen er ein nasjonal arena for læring og erfaringsutveksling mellom ungdomsrådsmedlemmer og dei som jobbar for og med ungdom i kommunane. I år arrangerer Bufdir konferansen i samarbeid med Kvam herad og deira ungdomsråd i Øystese 21.-23. september.

Vi inviterer deg til å delta og bidra til at konferansen blir levande og engasjerande. Her kan de treffast, bli inspirerte og byggje nettverk.

Seminar og sosialt

Programmet for årets konferanse vil bestå av felles samlingar og parallelle seminar om aktuelle tema.

Nominer Årets ungdomskommune 2025

Eit godt oppvekstmiljø for ungdom avheng av at dei blir tekne på alvor og synspunkta deira blir tillagde vekt. Det er først og fremst i kommunane at ungdom har høve til å påverke sin eigen kvardag og framtid.

Prisen Årets ungdomskommune 2025 vil bli kåra på konferansen. Vinnarkommunen får 250 000 kroner.

Les meir om nominasjoner her

Bestill reise no

Sidan det er mange som skal reise til Øystese desse dagane tilrår vi å bestille overnatting og reise så raskt som mogleg.

Gå til informasjon om overnatting