Nytt tiltak etter overgrepssaker på institusjonar

Publisert
I fleire medieoppslag seinhausten 2024 og våren 2025 kom det fram alvorlege tilfelle av seksuelle overgrep som tilsette hadde utsett ungdommar i barnevernsinstitusjonar for. Overgrep og grenseoverskridande åtferd er ein kjend risiko som institusjonane arbeider med å førebygge. Samstundes viste sakene at det var nødvendig å gjere meir.
Ikkje dei unges ansvar
Mange tiltak er sette i gang, og eitt av dei er informasjon til barn og unge som flyttar på institusjon.
Det er ikkje dei unges ansvar å hindre overgrep eller grenseoverskridande åtferd frå tilsette. Samstundes har brukarorganisasjonar og kompetansemiljø peika på at barna og ungdommane treng informasjon. Når dei veit kva som er ugreitt, lovleg og ulovleg, senkar det terskelen for å seie ifrå.
Informasjon og filmar som utgangspunkt for samtalen
Når eit barn eller ein ungdom flyttar på institusjon, bør tilsette gjennomføre ei samtale om temaet i løpet av dei to første vekene. Samtalen skal gi ungdommen kunnskap og informasjon slik at dei kan kjenne igjen grenseoverskridande åtferd og overgrep og seie ifrå dersom dei opplever dette.
På bufdir.no finn institusjonstilsette råd om korleis sjølve samtala bør gjennomførast. Tanken er at filmar og informasjon som ligg på ung.no, skal brukast som utgangspunkt for samtala. Innhaldet er tilpassa ungdommar både i språk og format.
Ressursene på ung.no består mellom anna av to filmar:
- Den eine er ei samtale mellom to ungdommar og handlar om kva som er normal og ikkje-normal relasjon mellom ungdom og tilsett.
- Den andre filmen viser «grooming», der ein tilsett gradvis bygger tillit og manipulerer ein ungdom.
Stor nytte å involvere ungdommar
Undervegs i arbeidet har Bufdir hatt fleire møte med ungdommar som bur eller har budd på barnevernsinstitusjon. Dei har hjelpt til med å beskrive informasjonsbehovet, kome med idear, gitt innspel på filmmanus og vore med under innspeling av den eine filmen.
Også institusjonstilsette har vore viktige i arbeidet. Dei har gitt innspel på materiellet og kva dei treng for å ta det i bruk.