Faglig rammeverk for arbeid med barn og unge i institusjon

Publisert
Stortinget slutta seg før sommaren til forslaget om ein ny og meir fleksibel innretning av institusjonstilbodet, med mål om å sikre at tilbodet i større grad blir tilpassa kvart enkelt barns behov. Rammeverket skal bidra til ei slik utvikling, og målet med dette konkrete arbeidet er å etablere nokon felles, faglege prinsipp som skal sikre rett kvalitet, samanheng i tiltaka og eit meir likeverdig tilbod over heile landet.
Rammeverket byggjer på kunnskapsmodellen Barnets behov i sentrum (BBIS) og skal støtte oppunder og leggje til rette for at det faglege innhaldet i institusjonane blir styrkt. Anders Cameron, fagdirektør for institusjonar i Bufdir, ser på rammeverket som eit viktig og nødvendig verktøy.
– Rammeverk for arbeid med barn og unge i barnevernsinstitusjon skal overordna beskrive kva område i livet til barnet institusjonane må vareta for å sikre at kvaliteten i det miljøterapeutiske arbeidet er god nok og tek utgangspunkt i styrkane og behova til barnet. Målet er å gi eit likeverdig tilbod på tvers av mellom anna institusjonstype og geografi, seier han.
Vidareføring av god praksis
Rammeverket blir gradvis innført frå 1. januar 2026. I første omgang kjem overordna føringar, rammer og definisjonar på kva alle institusjonar skal tilby. Rammeverket tek utgangspunkt i kunnskapsmodellen Barnets behov i sentrum (BBIS), og omset den til arbeid med barn og unge i barnevernsinstitusjon.
Innhaldet i Rettleiar for forløp i barnevernsinstitusjonar og beskrivingane av roller som skuleansvarleg og helseansvarleg i institusjon blir innarbeidd i rammeverket.
Cameron er tydeleg på at rammeverket åleine ikkje inneber at institusjonane skal gjere store endringar i praksis no.
– Det blir gjort mykje godt arbeid på institusjonane, og rammeverket skal gi rom for at dette arbeidet held fram. Når den første delen av rammeverket er lansert, vil det bidra til ei likare forståing av oppdraget og likare omgrepsbruk i tenestene. Dette vil i sin tur gi ei betre ramme for å drive fagleg utvikling, samarbeide og lære av kvarandre, seier han.
Der institusjonane har vareteke dei ulike områda på ein god måte i pågåande praksis, vil innføringa av rammeverket altså ikkje medføre vesentlege endringar i måten institusjonane i dag jobbar på.
Først kva, så korleis
Rammeverket vil etter kvart også innehalde ein praktisk del med beskrivingar av korleis institusjonstilsette kan løyse oppgåvene sine, og dessutan verktøy som kan brukast i opplæring og kompetanseutvikling i institusjonane. Cameron meiner at læring på tvers og eit breitt samarbeid er heilt sentralt når denne delen av rammeverket skal utviklast, og seier at:
– Bufdir vil samarbeide med regionane, Oslo kommune og dei private aktørane i arbeidet med å utvikle den praktiske delen av rammeverket. Her kan det også vere aktuelt å invitere andre relevante aktørar inn, som kompetansesenter og universitets- og høgskulesektoren, for å samarbeide om å samle eksisterande og utvikle nye verktøy og rettleiing som institusjonane treng.
– Det viktige er uansett å sikre likeverdigheit ved at det som blir utvikla, er tilgjengeleg for alle. Gjennom tettare dialog og samarbeid får vi også eit meir fullstendig bilete av kva som kan og bør inngå i god praksis på institusjon, og då kan vi gi endå betre tenester til dei som treng det mest, seier Cameron til slutt.
Kva skjer frå 1. januar 2026?
Rammeverket skal gjelde for alle kommunale, statlege og private institusjonar og omsorgssenter.
Rammeverket vil erstatte Bufdir-produkta Rettleier for forløp i barnevernsinstitusjonar og retningslinjene for skule- og helseansvarleg frå 1. januar 2026.
Institusjonsforløpa vil framleis liggje som arbeidsflyt i BiRK for dei statlege institusjonane.
Kommunale og private institusjonar som har systemstøtte knytt til institusjonsforløpet, vil framleis kunne bruke denne.