Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Ny rettleiar om kjønnsmangfald skal gi betre møter med det offentlege

Kvinne i samtale med mann som har ryggen til.
Dei nye råda for møter med kjønnsmangfald skal støtte god praksis i offentlege tenester og gi betre brukarmøter for ei særleg utsett gruppe.

Publisert

Dei nye råda for møter med kjønnsmangfald skal støtte god praksis i offentlege tenester og gi betre brukarmøter for ei særleg utsett gruppe.

Bufdir har publisert ein rettleiar som skal støtte offentleg tilsette i møte med brukarar som bryt med normene og forventningane samfunnet har til kjønn. Målet er å skape gode og likeverdige brukarmøter med det offentlege for grupper som oftare enn majoriteten opplever diskriminering, vald og psykisk uhelse.

Den nye rettleiaren inneber verken lovendringar eller nye krav. Den handlar først og fremst om å skape forståing for relevante problemstillingar knytt til kjønnsmangfald og å gi konkrete verktøy.

– Dette er ikkje pålegg for offentleg tilsette, men ei støtte for god praksis. Råda skal alltid brukast saman med fagleg skjønn, gjeldande regelverk og kunnskap om eigen arbeidsplass og sektor, seier Anne Solbu Kleiven, divisjonsdirektør i Bufdir.

Tydelegare råd etter høyring og innspel

Rettleiaren er utarbeidd på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet, og har blitt til gjennom ein brei prosess med innspel frå enkeltpersonar, kommunar, fagforeiningar, direktorat og sivilsamfunn.

Bufdir fekk over hundre høyringssvar og gjennomførte møte med utvalde direktorat, fagforeiningar og fagorgan. I arbeidet med rettleiaren etter høyringa er det lagt vekt på å gjere råda tydelegare, mindre formanande og gi mindre rom for misforståingar.

Det er også presisert at råda ikkje avgrensar kva ord tilsette kan bruke, men skal støtte eit inkluderande og respektfullt språk.

– Det er altså heller ikkje denne gongen nokre krav til korleis offentleg tilsette skal snakke. Det vi gir er verktøy. Råda kan tilpassast ulike arbeidskvardagar, møtekontekstar og situasjonar, seier Solbu Kleiven.

Meir kunnskap for tryggare møter

Bakgrunnen for rettleiaren er eit tydeleg behov i tenestene. Mange tilsette etterspør meir kunnskap om kjønnsmangfald, og fleire beskriv at dei er usikre i møte med brukarar som bryt med normene og forventningane samfunnet har til kjønn.

Råda skal trygge tilsette på kompetansen dei allereie har, samtidig som dei gir meir kunnskap om kva ein kan vere merksam på i møte med kjønnsmangfald.

– Dei fleste offentleg tilsette har allereie god kompetanse i å møte menneske. Med desse råda ønskjer vi å styrkje tryggleiken og bidra til betre brukarmøter. Målet er at alle skal oppleve respekt og likeverd i møte med offentlege tenester, avsluttar Solbu Kleiven.

I likskap med all rettleiing Bufdir utarbeider, vil vi vurdere om det er behov for revideringar eller oppdateringar av rettleiaren i tråd med lovendringar eller ny kunnskap.

Les rettleiaren her

For presseførespurnader

Zahra Sabha
zahra.sabha@bufdir.no