Ny rettleiar om barn med behov for særleg vern

Publisert
Den nye rettleiaren gir konkrete råd om planlegging og gjennomføring av tryggingstiltak, og støtte til å vareta vernebehovet til barnet. Samtidig skal ikkje tiltaka vera meir inngripande enn nødvendig.
Når eit vedtak om å flytta ut av heimen ikkje er nok for å verna barnet, har barnet det som blir kalla eit «særlig beskyttelsesbehov».
– Det kan vera at barnet står i fare for å bli utsett for alvorleg mishandling eller å bli drepen, bortført eller utnytta til menneskehandel, forklarer Bufdirs divisjonsdirektør Tove Bruusgaard.
I slike situasjonar er risikoen høg for at barnet kan bli oppsøkt eller funne i den nye bustaden sin.
Vern av barn i slike situasjonar har vore praktiserte ulikt rundt omkring i landet, seier Bruusgaard:
– Det er eit stort kunnskapsbehov ute i barnevernstenestene og andre instansar som samhandlar med barnevernet, om korleis dei bør jobba med barn med særleg behov for vern. Derfor har me brukt mykje tid på å utarbeida praksisnær rettleiing i eit felt som har vore ganske uoversiktleg.
Ifølgje Bruusgaard har det også vore ei utfordring at forståinga av dei ulike tiltaka og kva dei inneber har vore ulike.
– Me har sett at det har trengst ei oppklaring av tiltaka, kva dei inneber og når dei kan brukast.
Sjå heile rettleiaren "Barn med behov for særlig beskyttelse"
Meld deg på digitalt lanseringsseminar for rettleiaren
Svært inngripande tiltak
Med den nye rettleiaren får barnevernstenesta konkrete råd for korleis tiltak skal planleggjast, gjennomførast og følgjast opp på ein trygg og heilskapleg måte.
– Der er heilt avgjerande at barnevernstenesta har gode rutinar for vurderingar av om tiltaka er rette eller skal justerast, uttaler Bruusgaard.
Rettleiaren beskriv korleis tenesta bør arbeida når det er gjort vedtak om skjult adresse etter barnevernslova, og når det kan vera nødvendig med adressesperre etter folkeregisterlova.
Skjult adresse etter barnevernslova inneber at foreldra ikkje har rett til å vita kvar barnet er. Dette vedtaket er ofte ikkje tilstrekkeleg dersom trusselen er stor nok, sidan foreldra eller andre då framleis kan finna adressa i folkeregisteret. Ved eit vedtak om adressesperre etter folkeregisterlova (strengt fortruleg gradering) blir adresseopplysningane sperra i folkeregisteret, slik at verken private eller offentlege instansar har tilgang til opplysningane.
Men adressesperre i folkeregisteret er heller ikkje nødvendigvis tilstrekkeleg for å forhindra at trusselutøvar finn barnet. Foreldre med foreldreansvar vil framleis ha innsyn i opplysningar frå barnehagen og skulen til barnet, og helseopplysningar, som kan avsløra kvar barnet oppheld seg.
– Å leva med adressesperre inneber ofte eit svært avgrensa liv for eit barn. Det legg avgrensingar på kva fritidsaktivitetar barnet kan vera med på og kven barnet kan ha kontakt med.
Rettleiaren viser også andre moglege tiltak, til dømes at barnevernstenesta kan fremja sak om å frata foreldra foreldreansvaret for Barneverns- og helsenemnda. Å frata foreldreansvar kan i kombinasjon med eit godt tryggingsarbeid og samarbeid med politiet, bidra til å leggja meir av byrda over på trusselutøvar enn på barnet.
Tidleg involvering av politiet
Rettleiaren beskriv føringar for samarbeidet mellom barnevernstenesta og politiet. Politiet og barnevernstenesta har tilgang på ulike tiltak for å vareta tryggleiken til barnet.
Barnevernstenesta er lovpålagd å informera politiet så snart som mogleg når det blir vurdert, blir treft, blir endra eller oppheva vedtak om skjult adresse etter barnevernslova eller adressesperre etter folkeregisterlova.
– Teieplikta er ikkje til hinder når det trengst informasjonsdeling for å vareta oppgåvene til barnevernstenesta eller for å unngå fare for liv og helsa, understrekar Bruusgaard.
Plikta til å samarbeida i saker med skjult adresse etter barnevernslova og adressesperre etter folkeregisterlova har vorte utvida og gjort tydeleg i barnevernslova.