Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Rapportlansering: Store forskjellar i økonomiske levekår for personar med funksjonsnedsettingar

Bilde av gruppe mennesker på lansering, Bufdirlogo på veggen
Godt oppmøte på rapportlanseringen. Foto: Bufdir
Ei ny kartlegging viser tydelege forskjellar i økonomiske levekår for personar med funksjonsnedsettingar og familiane deira.

Publisert

Rapporten blei lansert på eit seminar på Deichman hovudbibliotek i Oslo 26. januar. Direktør i Bufdir, Hege Nilssen, understreka i si innleiing at vi treng kunnskap for å lykkast med likestillingsarbeidet:

- Dette prosjektet er eit nybrotsarbeid som vi er veldig stolte av. SSB har utforska fleire offentlege register for å få betre og meir treffsikker informasjon om dei økonomiske levekåra for denne målgruppa.

Kartlegginga er utført av SSB på oppdrag frå Bufdir og omfattar 78 ulike kroniske sjukdommar og funksjonsnedsettingar, inkludert sensoriske, fysiske, kognitive og psykiske.

Somme av definisjonane overlappar, og ikkje alle funksjonsnedsettingar er dekte. Likevel meiner Nilssen at kartlegginga gir eit breitt bilete av variasjonen blant personar som får helse- og velferdstenester. Kartlegginga synleggjer òg ei viktig tilleggsutfordring funksjonsnedsettingar kan føre med seg.

- Manglande økonomisk likestilling avgrensar både sjølvstende og deltaking i samfunnet. Når personar med funksjonsnedsettingar systematisk kjem dårlegare ut økonomisk, aukar dei sosiale forskjellane og risikoen for utanforskap, seier Nilssen.

Parfamiliar står sterkare enn åleineforeldre

Dei økonomiske levekåra varierer etter type funksjonsnedsetting og korleis familien er sett saman. Parfamiliar har generelt sterkare økonomi enn åleineforeldre, både i befolkninga samla sett og blant familiar med funksjonsnedsettingar. Men forskjellen mellom familiar med og utan funksjonsnedsettingar, er større blant parfamiliar enn blant åleineforeldre.

Samtidig er situasjonen enda meir krevande blant åleineforeldre som sjølv har ei funksjonsnedsetting.

Statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Edvin Søvik, trakk i si innleiing fram kor sentralt det er å delta i arbeidslivet:

- Det er viktig at arbeidsgivarane ser nytten av mangfald. Samfunnet treng at alle kan bidra.

Søvik sa at rapporten er et viktig kunnskapsgrunnlag for arbeidet med rettferdige og treffsikre ordningar:

- Denne rapporten kan hjelpe oss med å identifisere kor vi treng å forbetre ordningane.

Store helseutgifter

Kartlegginga viser også at enkelte grupper har helseutgifter som ligg langt over befolkninga elles. Andelen av personar med funksjonsnedsetjing som når frikortgrensa dei tre første månadene i år er fleire gonger høgare enn i befolkninga totalt.

Dette gjeld særleg brukarar av brukarstyrt personleg assistanse (BPA), personar med spiseforstyrringar og personar med cerebral parese.

Les heile rapporten

Oppsummering av rapporten hos SSB

Rapportlansering: Store forskjellar i økonomiske levekår for personar med funksjonsnedsettingar | Bufdir