Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Ny rapport ser på kostnadene for kommunar og samfunnet ved uønskte hendingar

Barn i skolegård
Tine Poppe

Publisert

I rapporten har Bufdir sett på tre tenkte tilfelle, éin skulevaldsepisode, eitt seksuelt overgrep og eitt krevjande barnevernsforløp, og kva dei kan kosta samfunnet. Berekningane viser at skulevaldsepisodar og seksuelle overgrep har kortsiktige kostnader på høvesvis 1,3 mill. kroner og 4,2 millionar i dei konkrete illustrasjonane som blir brukte i rapporten. Eit krevjande barnevernsforløp kan bli endå dyrare og kostar om lag 13 mill. kroner for aktørane i rapportdømet.

– Førebygging handlar først og fremst om å gi barn og unge trygge oppvekstvilkår. Men rapporten viser at det også kan vera god økonomi. Om ein kommune unngår éin skulevaldsepisode, kan dei spara opp mot ein halv million kroner på kort sikt. Det er store midlar og mykje ressursbruk som kan unngåast, seier fagdirektør i Bufdir, Jon Andresen.

Les heile rapporten

Samtidig som utgiftene treffer mange, er det som regel kommunen som har ansvaret for førebygginga. Kommunane har mange lovpålagde oppgåver og avgrensa ressursar. Rapporten viser at dei økonomiske insentiva til å satsa på førebygging kan variera mellom ulike typar hendingar, avhengig av kor store kostnader kommunen sjølv blir påført når noko går gale.

– Det er ein klar risiko for at tiltak som er lønnsame for samfunnet, men der det er staten og ikkje kommunen som treffest av kostnadene når uønskte hendingar skjer, ikkje blir gjennomført fordi kommunane må prioritera ut frå eigne budsjett. Det er eit viktig spørsmål om staten bør ta eit større ansvar på område der staten har dei største utgiftene, for å unngå eit slikt «førebyggingsparadoks», seier Jon Andresen.

Førebygging gir gevinstar på kort sikt

Forebygging blir omtalt ofte som ei investering med gevinstar langt frami tid. Rapporten viser at dette berre er delvis rett. Innsats tidleg kan gi store innsparingar for aktørane allereie på kort sikt.

Eit døme frå rapporten er at ein miljøarbeidar på ein skule, kan lønna seg for kommunen dersom miljøarbeidaren gjer at ein unngår to skulevaldshendingar.

– Me ser at gode førebyggingstiltak kan gi stat og kommune store innsparingar i form av unngått ressursbruk til barnevern, helsetenester, politi og skule.

Nyttig for kommunane å gjera eigne analysar

Rapporten tilrår at kommunane sjølv vurderer å kartleggja ressursbruken ved uønskte hendingar lokalt. Slike analysar kan gi eit tydeleg bilete av kva som står på spel økonomisk, og bidra til betre avgjerdsgrunnlag for førebyggingstiltak.

– Denne rapporten er meint som eit døme på korleis ein kan tenkja litt nytt rundt førebygging i ein samfunnsøkonomisk kontekst. Når ein ser kva ei enkelt hending faktisk kan kosta, kan det bli lettare å prioritera førebygging. Det gir eit konkret grunnlag for å vurdera kva tiltak som er mest lønnsame lokalt, seier Jon Andresen.