Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Ny rapport: mange kommunar slit med universell utforming

Kollegaer i møte

Stor variasjon i kunnskapen om og arbeidde med universell utforming i norske kommunar. Det kjem fram i ny rapport frå Rambøll.

Publisert

– Denne rapporten viser stor variasjon i kunnskapen til kommunane om universell utforming ved kommunale bygg og uteområde. For å kunne jobbe systematisk og målretta med universell utforming, så er det viktig med god kunnskap om status, og her ser vi at det er ein jobb å gjere. Rapporten viser likevel òg at det blir gjort mykje godt arbeid i mange kommunar, og at kommunane ønskjer å jobbe med universell utforming, seier Anna Bjørshol, avdelingsdirektør i Bufdir.

Rapporten er utført av Rambøll på oppdrag frå Bufdir, og skal gi viktig kunnskap i oppfølginga av kommunane, og dessutan informasjon til statsforvaltarembeta, fylka og kommunane sjølv. Rapporten kan lesast i sin heilskap her

Hovedfunn

  • Mange av kommunane har vanskar med å sjå universell utforming som eit viktig tema for likestilling og inkludering, og mange kommunar manglar ei heilskapleg tilnærming til universell utforming.
  • 60 % av kommunane svarer at dei har nemnt universell utforming i kommuneplanen sin. Halvparten av desse oppgir likevel at dei ikkje har skrive noko om korleis kommunen skal auke graden av universell utforming framover.
  • Ein tredel av kommunane har ikkje hatt universell utforming oppe som eit tema på eit kommunestyre- eller bystyremøte det siste året
  • 40 prosent svarer at kommunen deira har kartlagt eitt eller fleire bygg i 2022, og 36 prosent oppgir at dei har kartlagt eitt eller fleire skulebygg i åra 2017-2022. Det er særleg store kommunar med fleire enn 20,000 innbyggjarar som har kartlagt.
  • Mange kommunar opplever at det er utfordrande å sikre tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet til arbeidet med universell utforming internt i kommuneadministrasjonen
  • Fleire kommunar fortel at dei opplever at statsforvaltar har for lita merksemd på universell utforming, og at samarbeidet med fylkeskommunen er varierande.

– Vi ser at mange kommunar opplever at det er vanskeleg å jobbe godt og systematisk med universell utforming. Det finst fleire gode ressursar som kommunane kan ta i bruk, men her kan det vere behov for ytterlegare rettleiing for å hjelpe kommunane, seier Bjørshol.

Etterlyser øyremerkte midlar

Kommunane som har delteke i undersøkinga fortel om auka potensiale for bruken av kommunale råd, varierande grad av kompetanse og kunnskap og eit behov for meir rettleiing og tilråding knytt til korleis kommunane skal innhente kunnskap om grad av universell utforming ved bygga og uteområda sine. Kommunane etterlyser òg øyremerkte midlar, og meir involvering og hjelp frå dei regionale styresmaktene (fylke og statsforvaltar).

– Bufdir vil følgje opp funna i rapporten overfor sektorstyresmaktene, og i den vidare dialogen med Statsforvalterne, seier Bjørshol.

Rapporten vil òg drøftast på den neste samlinga i byggfagleg nettverk den 12. Juni. Dei som er interesserte i å høyre meir om rapporten blir oppmoda til å melde seg på her

Universell utforming

Med universell utforming siktar ein til utforming eller tilrettelegging av hovudløysinga i dei fysiske forholda, inkludert informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), slik at dei alminnelege funksjonane for verksemda kan nyttast av flest mogleg, uavhengig av funksjonsnedsetjing.