Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Ny rapport: Ingenting om meg utan meg

en person rekker opp en finger
Pexels
For mange personar med utviklingshemming er det ofte ei kamp å få delta i avgjerder som angår livet deira. Ny rapport gir konkrete råd og metodar for medverknad i praksis.

Publisert

«Eg reknar alltid med at det er nokon som ikkje vil høyre på det eg vil seie.» Sitatet er frå rapporten «Ingenting om meg utan meg», som er eit resultat av eit nasjonalt rettigheitsseminar, i regi av Bufdir, SOR og fleire andre.

Rapporten handlar om dei største barrierane personar med utviklingshemming opplever, kva dei meiner må til for at dei skal få eit sjølvstendig liv, både på lokalt og nasjonalt nivå, og korleis dei reelt sett skal få høve til å påverke avgjerder som gjeld dei sjølve.

– Rapporten skal være ei ressurs for alle som jobbar for eit meir inkluderande samfunn, enten det er politikarar, organisasjonar eller tenesteytarar og tilsette i kommune og stat, seier Anna Bjørshol, direktør for likestillingsavdelinga i Bufdir.

Konkrete råd for å sikre medverknad

Rapporten presenterer råd og metodar for å inkludere personar med utviklingshemming i saker som gjeld dei. Han gir òg konkrete tips til og innsikter i korleis medverknadsprosessar kan gjennomførast med kvalitet, fagleg forankring og respekt.

Rettigheitsseminaret og rapporten er viktige bidrag i det vidare arbeidet med å auke kompetansen om menneskerettar for personar med funksjonsneds

etting. Det er òg viktig i direktoratet sitt eige arbeid med gode medverknadsprosessar, seier Bjørshol.

Rapporten viser tydeleg at personar med utviklingshemming har sterke meiningar, klare draumar og eit ønskje om å delta i samfunnsdebatten. Men mange opplever å ikkje bli lytta ti.

Rapporten løftar òg fram konkrete tilrådingar både nasjonalt og lokalt. Deltakarane på seminaret gav mellom anna tilrådingar om at CRPD blir innlemma i menneskerettslova, at rettigheitsseminar blir arrangerte jamleg, og at kommunane tilbyr opplæring i rettigheitar og legg til rette for ordentlege medverknadsprosessar.

Les heile rapporten her

I desember behandlar Stortinget spørsmålet om innlemming av CRPD i menneskerettslova. Følg saka på Stortinget her (ekstern lenkje).

Ny rapport: Ingenting om meg utan meg | Bufdir