Ny rapport: Hyppige flyttingar i barnevernet går hardt ut over livskvaliteten til barn

Publisert
SINTEF og Universitetet i Søraust-Noreg har skrive rapporten «Erfaringar og konsekvensar av ustabile omsorgsplasseringar, slik barn sjølv opplever det».
Rapporten samanfattar norsk og internasjonal forsking om barns eigne erfaringar.
Korleis opplever barn sjølv å bu i mellombelse ordningar etter å ha flytta til ein fosterheim eller barnevernsinstitusjon?
– Rapporten stadfestar erfaringar som vi har fått rapportert frå praksis: Barn som barnevernet har omsorga for, og som ofte allereie er i svært krevjande livssituasjonar, opplever det som veldig vanskeleg å måtte flytte igjen og igjen, seier Tove Bruusgaard.
Rapporten viser at talet på gonger barnet eller ungdommen flyttar er den faktoren som har størst innverknad på trivsel samanlikna med andre faktorar. Konsekvensane på kort og lang sikt er svært negative.
– Rapporten styrker kunnskapsgrunnlaget vårt når vi vidareutviklar tenester som gjer at barn som veks opp i barnevernet, får meir kontinuitet og føreseielegheit, seier Bruusgaard.
– Samstundes stadfestar rapporten at satsingane våre tek oss i rett retning. Å fremje kontinuitet og stabilitet er hovudmåla våre i store satsingar på barnevernsfeltet.
Avgjerande med gode relasjonar
Resultata som blir presentert i rapporten, er inndelt i 10 tematiske delkapittel. Desse reflekterer forskingsfeltet når det gjeld kva for erfaringar barn har og korleis dei opplever konsekvensane av å bu i mellombelse ordningar når barnevernet har overteke omsorga.
Også kva for opplevingar barna har av barnevernstenesta og ettervern er også blant temaa i rapporten.
«Mangelen på kontinuerleg, adekvat støtte og ressursar er eit gjennomgåande funn. På lang sikt viser forskinga at unge med barnevernserfaring har auka risiko for sosial ekskludering i samfunnet», skriv rapportforfattarane.
Samanfatta viser studiane at gode og trygge relasjonar er heilt avgjerande for stabilitet og trivsel under og etter ei omsorgsplassering, og at kvaliteten på relasjonane har mykje å seia for den langsiktige tilpassinga og livskvaliteten til barna. Gode relasjonar og støtte kan verka både vernande og stabiliserande.
Store satsingar frå regjeringa
Kvalitetsløftet i barnevernet og stortingsmeldinga «Fosterheim - ein trygg heim å bu i» er to store satsingar i barnevernet. Ei ny innretning av institusjonsbarnevernet, «sentermodellen», skal bidra til at unge som bur på barnevernsinstitusjonar kan behalde tilknytinga dei har til tilsette, skule og fritidsaktivitetar, sjølv om behova deira blir endra. Ved rekruttering og oppfølging av fosterheimar dreier mykje seg no om at barnet skal få flytte til nokon i slekt og nettverk eller nærmiljøet. Heimane skal få støtte og rettleiing for å unngå at barn må flytte når vanskelege situasjonar oppstår.
– Desse satsingane har som mål at barn i barnevernet skal få meir stabilitet og kontinuitet, seier Bruusgaard.
Forskinga i rapporten viser at dei negative konsekvensane av ustabil omsorgsplassering følgjer barnet inn i vaksenlivet, men ho viser også at barn og unge kan ha imponerande motstandskraft. Det er heilt avgjerande at barn og unge får reell medverknad ved å fortelja om behova sine og korleis dei ønskjer å bidra sjølv. Klar, alderstilpassa informasjon er viktig.
– Vi veit også at laget rundt barnet er utruleg viktig. Derfor er familieråd eit av områda vi satsar på, kommenterer Tove Bruusgaard.
Eit familieråd er eit møte der familie, slekt, venner og andre viktige personar blir samla saman med barnevernet for å finne gode løysingar for barnet. Familieråd skal vere eit frivillig og godt planlagt møte som gir barnet reell medverknad og høve til å behalda det som er bra i familien sin og nettverket sitt.
– Familieråd har som mål å få fram kva barnet sjølv, og dei rundt barnet, ønsker. Slik kan dei bidra til å styrkje relasjonar som barnet kan ha nytte av vidare i livet, seier Bruusgaard.