Ny muslimsk vegvisarordning skal auke kunnskap og forståing

Publisert
Den muslimske vegvisarordninga blir etablert i samarbeid med teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO), Det islamske forbundet og Minotenk. Ordninga er ein del av regjeringa si Handlingsplan mot muslimfiendtlegheit (2025–2030) og skal bidra til å spreie kunnskap om muslimar og muslimsk liv i Noreg.
Vegvisarane skal møte ungdom i skulealder og dele erfaringar om identitet, tru og tilhøyrsle. Målet er å bryte ned fordommar, motverke desinformasjon og skape møteplassar der ungdom får snakke med unge muslimar ansikt til ansikt.
Viktig tiltak for å motverke polarisering i ein uroleg verd
Undersøkingar viser at det framleis er utbreidde negative haldningar og fordommar om muslimar i Noreg. Desse byggjer på påstandar om at muslimar “ikkje passar inn i eit moderne og vestleg samfunn” og “utgjer ein trussel mot det norske samfunnet”.
– I ei tid prega av uro og polarisering er det viktig å løfte fram tiltak som fremjar forståing og samkjensle. Denne ordninga er eit konkret og godt bidrag til eit meir inkluderande samfunn, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Utdanning og studiepoeng for vegvisarane
Muslimsk Dialognettverk har lang erfaring med uformelle vegvisarbesøk i skular og har sidan 2017 gjennomført over 250 besøk. Den nye ordninga blir formalisert og vidareutvikla, mellom anna til eit studieprogram for vegvisarane med moglegheit for å opparbeide seg studiepoeng.
– Frå tidlegare har vi sett kor viktig det er å ha både samiske og jødiske vegvisarar, så vi er glade for å få på plass ei formalisert ordning også for muslimar, seier Hege Nilssen, direktør i Bufdir.
Ordninga skal bidra til å styrke kompetansen i skulen, gi fagleg utbytte for lærarar og gi unge muslimar høve til å bli vegvisarar sjølve. Målet er at den formaliserte ordninga skal vekse og være eit tilbod gjennom heile handlingsplanperioden (2025 – 2030).
– Unge muslimar i Noreg møter framleis barrierar i arbeidslivet, på skulen og på fritida, mellom anna på grunn av synleg tilhørsel til trua si eller ikkje-vestleg bakgrunn. Muslimske vegvisarar er eit viktig tiltak for å fremje openheit om tru og tilhøyrsle, og for å styrkje kampen mot rasisme og diskriminering. Vi er derfor stolte og takksame for vidareføringa av ordninga, som er avgjerande både for unge muslimars framtid og for eit livssynsopent samfunn i Noreg, seier Senaid Kobilica, styreleiar i Muslimsk Dialognettverk.
UiO vil ha ansvaret for utviklinga av studieprogrammet i samband med vegvisarordninga. Utviklinga av programmet har allereie starta hausten 2025, med studiestart hausten 2026.