Høge søkertall på tilskot for vidareutdanning

Publisert
- Mange i tenestene ønskjer seg meir kompetanse, og vi er veldig fornøgde med at så mange har søkt og no får tilskot til å ta vidareutdanning, seier Tove Bruusgaard, divisjonsdirektør i Bufdir.
Bruusgaard trekkjer fram at kompetansebehovet i tenestene aukar, i takt med at problemstillingane barnevernet står i blir stadig meir komplekse.
- Den nyaste kompetansekartlegginga vår peiker i retning av at barnevernet står i stadig meir kompliserte og samansette situasjonar, som krev meir spissa kunnskap. Vi er glade for at tilskotsordninga no gir mange tilsette høve til å auke kompetansen sin på ei rekkje felt.
Les rapporten om kompetansekartlegging
Bufdir fekk i år 183 søknader, men fordi kvar kommune no berre treng å sende éin søknad, er talet på tilsette det er søkt for, mykje høgare. Til saman er det søkt om støtte for 92 millionar, noko som er nesten dobbelt så mykje som det potten er på.
- Eg er glad for å kunne seie at alle kommunane som har søkt om midlar til relevante utdanningar vil få tilskot, men dessverre vil mange få mindre enn dei hadde søkt på. Vi håpar at tenestene likevel sender mange tilsette på vidareutdanning, og at dei vil komme fram til gode løysingar som gjer at dei får best mogleg nytte av midlane.
Bruusgaard understrekar også at det kjem ein ny runde med tilskot til neste år, og oppmodar alle som ikkje fekk det tilskotet dei håpa på i år, til å søkje på nytt neste runde.
- Vi oppmodar også kommunane til å sjå på kva moglegheiter dei har. Kanskje vil nokon tilsette gå med på å utsetje studiestart til neste år?
Enklare for kommunane
Tilskotsordninga for vidareutdanning har gått gjennom store endringar i år. Målet har vore at det skulle bli enklare for kommunane og gi raskare saksbehandling.
- Den store søknadsmengda kan også tyde på at det har vorte enklare for kommunane å søkje, samtidig som det alltid er meir ein kan gjere. Vi kjem til å jobbe vidare med å forbetre søknadsprosessen, basert på det vi har erfart i denne runden, forklarer Bruusgaard.
I tillegg til tilskot til vidareutdanning, jobbar også Bufdir med anna støtte til kompetanseutvikling i kommunane. Endringane i søknadsprosessen er berre ein del av ein større prosess for meir heilskapleg arbeid med kvalitet og kompetanse, der Bufdir vil komme med både nye tilbod og justeringar av dei eksisterande i løpet av 2027.
- Det er kommunane sjølv om best kjenner sine tilsette og behova sine. Vi ønskjer å leggje meir til rette for at kommunane sjølv kan jobbe med kompetanseutvikling, basert på kva dei sjølv ser at dei treng.
