Ny evaluering: Erasmus+ styrkjer ungdomsfeltet i Noreg

Publisert
Ei ny evaluering av Erasmus+ viser at programmet gir stor verdi for både deltakarar og samfunnet. For organisasjonar, kommunar og andre aktørar på ungdomsfeltet er bodskapen tydeleg: Internasjonalt samarbeid skapar læring, inkludering og nye moglegheiter for ungdom og tilsette.
Evalueringa, som er bestilt av Kunnskapsdepartementet, viser at interessa for Erasmus+ er større enn nokon gong. Mellom 2021 og 2027 er det venta at om lag 135 700 personar frå Noreg kjem til å ha delteke i Erasmus+-aktivitetar. Evalueringa viser også at mange av aktivitetane og samarbeidsprosjekta ikkje ville vorte gjennomførte utan støtta frå programmet.
Det er Bufdir som er ansvarleg for administrasjonen av Erasmus+ ungdom, ungdomsdelen av Erasmus+, i Noreg.
Høg kvalitet
Stadig fleire norske organisasjonar, kommunar og andre aktørar søkjer om støtte til internasjonale prosjekt. Konkurransen om midlane bidreg til høg kvalitet i aktivitetane.
– Evalueringa viser at ungdomsdelen av programmet er svært relevant for kommunar og organisasjonar over heile landet og at vi når dei nasjonale måla for programmet, seier Anne Magdalena Solbu Kleiven, divisjonsdirektør i Bufdir
Gode erfaringar for deltakarane
For ungdomsfeltet er det særleg verdt å merke seg kva effektar deltakarane sjølv trekkjer fram. Mange unge opplever auka sjølvtillit, større sjølvstende, nye perspektiv og betre forståing for andre kulturar etter å ha delteke i Erasmus+-prosjekt.
– For mange unge kan internasjonale erfaringar vere med på å byggje sjølvtillit, nettverk og framtidstru. Derfor er Erasmus+ viktig i arbeidet for inkludering og mot utanforskap, seier barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap).