Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

No kan du melde deg på Ungdomskonferansen 2023

ungdommer på scenen med diplom

Er du vald inn i ungdomsrådet? Jobbar du med ungdom? Tek du avgjerder som påverkar deira liv? Då bør du melde deg på årets viktigaste nettverkskonferanse for ungdom i Noreg!

Publisert

Innholdet kan være utdatert

Ungdomskonferansen er ein nasjonal arena for læring og erfaringsutveksling mellom ungdomsrådsmedlemmer og dei som jobbar for og med ungdom i kommunane. I år arrangerer Bufdir konferansen i samarbeid med Vefsn kommune og deira ungdomsråd i Mosjøen 27.-29. august.

Vi inviterer deg til å delta og bidra til at konferansen blir levande og engasjerande. Her kan de treffast, bli inspirerte og byggje nettverk.

Seminar og byfest

Programmet for årets konferanse vil bestå av felles samlingar og parallelle seminar om aktuelle tema. Måndag kveld 28. august opnar Ungdomskonferansens byfest som blir avslutta med ein konsert for alle.

Ungdommen må takast på alvor

Eit godt oppvekstmiljø for ungdom avheng av at dei blir tekne på alvor og synspunkta deira blir tillagde vekt. Det er først og fremst i kommunane at ungdom har høve til å påverke sin eigen kvardag og framtid. I 2023 er det lokale valet og det er viktig at unge engasjerer seg og bidreg til gode oppvekstvilkår.

Nominer Årets ungdomskommune 2023

Prisen Årets ungdomskommune 2023 vil bli kåra på konferansen. Vinnarkommunen får 250 000 kroner.

Allereie no kan du nominere kandidatar til prisen. Informasjon om nominasjonen og kriteria for å bli vurdert «Årets ungdomskommune» kan du lese meir om her:

No kan du nominere Årets ungdomskommune 2023! Bufdir

Bestill reise nå!

Sidan det er mange som skal reise til Mosjøen desse dagane tilrår vi å bestille overnatting og reise så raskt som mogleg. Widerøe har sett opp nokre ekstra fly på strekninga frå både Oslo og Trondheim. Elles er det mogleg å fly til Mo i Rana og Sandnessjøen, med buss vidare til Mosjøen.

Det rimelegaste og raskaste alternativet for reisande frå sør-aust i Noreg er å fly til Trondheim og ta tog vidare til Mosjøen.