Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Flest unge blant dei nye brukarane av sentera mot incest og seksuelle overgrep

Ung, alvorlig kvinne i samtale med fagperson.
Statistikken for 2025 viser at sentera også når ut til dei yngre.

Publisert

I fjor var 3738 personar innom sentera mot incest og seksuelle overgrep. Totalt fekk sentera 22 814 besøk. Antalet brukarar og besøk var litt lågare enn året før.

Ein høg andel av brukarane i 2025 hadde ikkje brukt tilbodet ved sentera tidlegare. Nær halvparten av dei som var utsatt for seksuelle overgrep var nye brukarar.

Blant dei som nytta seg av tilbodet ved sentera for første gong, var det flest unge. 66 prosent av brukarane i alderen 16-23 år brukte sentera for første gong. Det kan tyde på at fleire unge kjenner til tilbodet.

– Vi ser at sentera når ut til fleire unge, og det synest vi er positivt. Det kan bety at det har vorte meir openheit om seksuelle overgrep. No ser det ut til at fleire oppsøkjer hjelp tidlegare, i staden for å vente til dei er vaksne. Eg trur også dette kjem av at sentera har jobba målretta for å vise at dei er eit relevant tilbod også for unge, seier Tove Bruusgaard, divisjonsdirektør i Bufdir.

Statistikken for fjoråret viser også at det er litt fleire menn enn kvinner som bruker sentera for første gong.

Unge blir oftare utsett for overgrep frå ein venn, og på nett

Blant brukarane mellom 16 og 23 år, var fleirtalet utsett for eit enkeltståande overgrep. Dei som var utsette for enkeltståande overgrep, var oftare enn andre aldersgrupper utsett for overgrep frå venner, kjende eller ein dei ikkje kjende i det heile. Andelen som er utsett for overgrep frå ein venn er størst blant dei som er under 24 år.

Det kan bety at dei unge oftare enn andre grupper opplever situasjonar som overgrep på fest eller overfall. Over tid har vi sett ein auke i andelen som har vorte utsett for enkeltståande overgrep, frå 21 til 40 prosent det siste tiåret.

Tala viser også at overgrep mot unge ofte er av alvorleg karakter, der dei fleste har vore utsette for ei seksuell handling eller seksuell omgang. Dei fleste oppgir at den seksuelle omgangen vart oppnådd med vald eller truande åtferd.

Det er også flest unge som melder om at dei har vore utsette for digitale overgrep. 12 prosent av dei som var utsette for overgrep, oppgav at eitt eller fleire overgrep gjekk føre seg digitalt. Dette er tilsvarande andel som i 2024. Ein større andel kvinner enn menn oppgav å vere utsette for digitale overgrep.

– Dette er viktige tal å følgje med på i tida framover, og vi må jobbe førebyggjande mot at unge blir utnytta i digitale flater. Det er også viktig å vite at sentera mot incest og seksuelle overgrep er eit hjelpetilbod ein kan ta kontakt med dersom ein blir utsett for eit digitalt overgrep, seier Bruusgaard.

Nøkkeltal på tvers av aldersgrupper:

  • 77 prosent av brukarane som oppsøkte sentra var sjølv utsette for seksuelle overgrep, medan 17 prosent oppgav at dei var pårørande. Seks prosent oppgav at dei både var pårørande og sjølv var utsette for overgrep.
  • Mange av dei som var utsette for seksuelle overgrep, oppgav at overgrepa starta i ung alder og varte over ein lengre periode. 50 prosent var yngre enn 14 år ved første overgrep, og 45 prosent vart utsette for overgrep i ein periode på eitt år eller meir.
  • Fleirtalet av brukarane var utsett for overgrep gjort av ein person dei kjende frå før, av ein familiemedlem, ein partnar eller ein venn. 16 prosent var utsette for overgrep frå ein ukjend person.
  • Dei fleste brukarane som var utsette for seksuelle overgrep, oppgav ein mannleg utøvar. Dette gjaldt 97 prosent av kvinnene og 82 prosent av mennene. Ein høgare andel menn enn kvinner var vore utsette for ein kvinneleg utøvar, 29 prosent av mennene og 7 prosent av kvinnene.
  • 36 prosent av brukarane som var utsette for seksuelle overgrep, svarte at éin eller fleire saker var melde. Vel 1 av 5 som ikkje hadde meldt overgrep, svarte at dei ikkje tør å melde.

Alle tala er henta inn av Sentio på vegner av Bufdir.

Statistikken er tilgjengeleg her