Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Kristiansand er kåra til Årets ungdomskommune

Barne- og familieminister Lene Vågslid overrekkjer prisen til Kristiansand kommune og deira ungdomsråd
Juryen skildrar ein kommune med ein tydeleg dedikasjon for retten unge har til deltaking og medverknad.

Publisert

Under opninga av den nasjonale ungdomskonferansen i Øystese kunngjorde barne- og familieminister Lene Vågslid at Kristiansand er kåra til Årets ungdomskommune. Kommunen får ein pris på 250 000 kroner.

— Kristiansand gjer ein strålande jobb med å inkludere ungdomar i politiske prosessar gjennom Ungdommens bystyre. Arbeidet kan gi nyttige erfaringar som andre kommunar kan lære av. Gratulerer så mykje til kommunen og ungdomsrådet med kåringa som Årets ungdomskommune, seier Vågslid.  

— Ungdom har rett til å bli inkludert i politiske prosessar som gjeld dei. Det må ikkje berre vere noko vi seier i festtalar. Difor er det fantastisk å kunne hylle dei som får det til i praksis. Både Kristiansand og dei andre finalistane har vist at dei meiner alvor når dei seier at dei trur på ungdom sin evne til å bidra, avsluttar Vågslid.  

I Kristiansand set ungdomsrådet spor

Gjennom nominasjonen kjem det tydeleg fram at Kristiansand kommune og ungdomsrådet jobbar langsiktig og strukturert for å sikre ungdom sin medverknad i lokalsamfunnet.

Ungdomsrådet har eit sterkt fokus på interndemokrati, med brei rekruttering og eigne plassar for ungdom som ikkje går på skule. Rådet er organisert i komitear som gjer det mogleg å arbeide med eigne saker, i tillegg til å respondere på politiske forslag. Dette viser at ungdom ikkje berre blir høyrde, men også får også rom til å sette dagsorden.

Juryen peiker på at innsatsen frå ungdomsrådet har gitt konkrete resultat. Innspel frå ungdom har ført til endringar i alt frå seksualundervisning i skulen til utforminga av offentlege parkar. I Kristiansand er det å lytte til ungdom sett i system, og det gir resultat som kjem heile ungdomsmiljøet til gode.

Juryen består av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar, Ungdom og Fritid, Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet og KS.

Årets ungdomskommune er ei utmerking som skal gå til ein kommune som kan vise til gode oppvekstsvilkår og sterkt rom for barne- og ungdomsmedverknad lokalt. Juryen har vurdert dei innkomne kandidatane etter følgjande vurderingskriterium:

  • Kommunen har eit fungerande ungdomsråd, har avsett ressursar og etablert varige strukturar for inkludering og medverknad med unge som del av planane og arbeidsrutinane sine.
  • Kommunen har eit godt samarbeid på tvers av etatar og tenester, og har tilbod og aktivitetar for ungdom som opplever utanforskap, som fell ut av skule, arbeidsliv, eller ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar - under dette oppfølging av Fritidserklæringen.

Juryen fekk 29 kandidatar til årets ungdomskommune, og har peika ut tre av desse som toppkandidatar. Samla viser kandidatane at det blir gjort mykje godt arbeid av, med og for ungdom i heile Kommune-Noreg. Dei tre finalistane viser at dei tek unge menneske i kommunen på alvor, gjennom godt medverknadsarbeid, og eit breitt tenestetilbod for unge, støtta opp av tverretatleg samarbeid.

Modalen kommune jobbar aktivt for at barn og unge skal trivast i kommunen og det har eit velfungerande ungdomsråd som jobbar svært godt. Dei har også ein Ungjobb ordning og eit eige Modalsstipend. Arbeidet i kommunen med ungdomsrådet har overføringsverdi til andre kommunar.

Haugesund kommune jobbar bra med barn og unge. Arbeidet med ungdomsrådet og korleis kommunen legg til rette for dette har overføringsverdi til andre kommunar, mellom anna har ungdomsrådet ein eigen ungdomsbenk i bystyresalen. Arbeidet har overføringsverdi til andre kommunar.

Kristiansand kommune søknaden sin har primært fokus på korleis bystyret til ungdommen i Kristiansand jobbar, kva dei har fått til og korleis kva dei gjer for å nå ut til dei unge i Kristiansand og korleis dei jobbar med rekruttering. Arbeidet har overføringsverdi til andre kommunar.

Alle dei tre finalistane fortener skryt for det gode arbeidet sitt med sine ungdomsråd. Juryen håpar at desse kommunane held sitt gode arbeid fram, og kan vere av inspirasjon for andre som ønskjer å satse tydelegare på ungdom i lokalsamfunnet sitt.

Årets ungdomskommune er ein kommune der ungdomsrådet set spor – fysisk i kommunen, hos ungdommane og der avgjerdene blir tekne. Ungdomsrådet er saman med politikarane i kommunen oppteke av å få bukt med utanforskap, og jobbar målretta for å auke moglegheita for at alle ungdommar har eit tilbod på fritida. Gjennom nominasjonen kjem det tydeleg fram at kommunen og ungdomsrådet jobbar langsiktig og strukturert, for å sikre medverknaden til dei unge i kommunen dei bur i. Ungdomsrådet har fokus på interndemokrati ved å ha ei brei rekruttering til rådet, og sikre plassar til unge som ikkje går på skule. Dei er organiserte i komitear som sikrar at ungdomsrådet ikkje berre reagerer på politikarens forslaga sine, men også skaper seg rom og tid til å få sendt inn i eigne saker.

Ungdomsrådet overtyder juryen i søknaden sin korleis dei sørgjer for langvarig påverking ved å ha laget sitt eiga politiske plattform som blir halden oppdatert, slik at politikarar og andre veit kva dei unge er opptekne av. Dette er eit godt verktøy for å sikre reell og meiningsfull medverknad.

Arbeidet ungdomsrådet har lagt ned over tid har gitt resultat. Ungdomsrådet kan vise til fleire område der deira arbeid har ført til endringar til det betre for ungdommen i kommunen. Innspela til ungdommane har mellom anna ført til endringar i alt frå seksualundervisninga i skulen til og korleis kommunen byggjer parkar.

Ungdomsrådet seier «alle barn og unge skal ha rett på ein stad der dei kan møtast, og ein måte å komme seg til og frå».

Ungdomsrådet i kommunen er oppteke at alle unge skal kunne drive med idrett, også dei som ikkje nødvendigvis satsar til å bli proff.

Som ungdomsrådet sjølv skriv i nominasjonen: i denne kommunen er det å lytte til ungdommar sat i system, og det viser at det gir resultat som kjem alle ungdommen i kommunen til gode.

Årets ungdomskommune er Kristiansand kommune!