Her presenterer vi statistikk og kunnskap om kjønnslikestilling på 7 område: politikk, utdanning, arbeid, vald, helse, økonomi og familie. Sjølv om Noreg har kome langt samanlikna med mange andre land, er det framleis forskjellar og utfordringar når det gjeld likestilling mellom kjønn. 

Kva er kjønnslikestilling?

Likestilling mellom kjønn tyder at kvinner og menn kan delta i samfunnet på like vilkår (NOU 2012:15, 2012; Danielsen, Larsen og Owesen, 2013). Å delta på like vilkår inneber å ha like moglegheiter, rettar og livssjansar. Det inneber også å vere inkludert, å vere fri frå vald, tvang, marginalisering og diskriminering (Danielsen, Larsen og Owesen 2013, NOU 2012:15, 2012).

Likestilling handlar ikkje berre om kjønn

Når vi snakkar om likestilling, er det ikkje nok berre å sjå på forskjellar mellom kvinner og menn. Det er variasjonar og forskjellar innanfor kvinner som gruppe og menn som gruppe. For eksempel kan ei minoritetsetnisk kvinne ha ulike levekårsutfordringar og føresetnader som i tillegg til kjønn og etnisitet, blir påverka av sosioøkonomisk bakgrunn, generasjon og alder, utdanningsnivå, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk. Det betyr at forskjellar i utdanning, lønn, helse og andre livsområde kan ha samanheng med fleire faktorar enn kjønn. 

Statusbiletet av kjønnslikestilling som vi presenterer her, må sjåast i samanheng med kunnskap om dei andre diskrimineringsgrunnlaga.

Kategorien «kjønn»

Status for likestilling mellom kjønn blir vist med utgangspunkt i dei juridiske kjønnskategoriane «kvinne» og «mann». Det er fordi offentleg statistikk som inkluderer kjønnsvariablar, i hovudsak baserer seg på dei to kjønnskategoriane som myndigheitene registrerer.

Dette inneber blant anna at  kjønnslikestillingsstatusen til transpersonar ikkje er med i talmaterialet.

Å måle status for likestilling mellom kjønn

Indikatorar og indeksar er ein internasjonal trend på likestillingsfeltet. Her viser vi status for kjønnslikestilling ved å talfeste likskapar og forskjellar mellom kvinner og menn på sju område: politikk, utdanning, arbeid, vald, helse, økonomi og familie. 

Statistikk forenklar kompliserte forhold og viser ikkje eit fullstendig bilete av likestillingssituasjonen. Tala blir derfor publiserte med artiklar som utfyller statistikken med kunnskap frå kvalitativ og kvantitativ forsking, for å gi eit meir solid grunnlag til å vurdere kor vi står og kvar vi er på veg når det gjeld forskjellar mellom kjønn i Noreg i dag.

Norsk likestilling i verdstoppen

Noreg er rangert som eitt av dei mest likestilte landa i verda, nummer 3 av 144 land (Global Gender Gap Report 2016). Områda arbeidsliv og økonomi, utdanning, helse og politikk blir målte.

Sjølv om Noreg totalt sett skårar bra, viser indeksen også at Noreg har utfordringar. Blant anna ligg Noreg på 81. plass når det gjeld år med forventa god helse og på 39. plass når det gjeld likestilling i topp-posisjonar i arbeidslivet. Balansert deltaking av kvinner og menn i politiske og offentlege avgjerdsprosessar er eit av fem hovudområde i Europarådets likestillingsstrategi i 2014–2017. Dei fire andre områda handlar om å motarbeide kjønnsstereotypiar og sexisme, førebygge og motarbeide vald mot kvinner, garantere lik tilgang for kvinner til retten, og å arbeide for likestillingsintegrering i politikk. 

Les meir om Noregs juridiske rammeverk for likestilling.

Les meir om Noregs internasjonale forpliktingar når det gjeld rapportering og mål på likestillingsfeltet.

Kjelder

Danielsen, H., Larsen, E. og Owesen, I. (2013). Norsk likestillingshistorie 1814-2013. Oslo: Fagbokforlaget

Global Gender Gap Report (2016). Geneve, Sveits: World Economic Forum

NOU 2012:15 (2012) Politikk for likestilling. Hentet 28/11/2016. Oslo: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet