Derfor «trasser» barnet ditt - og slik takler du det

Det vi vaksne kallar trass er eigentleg barnet sitt prosjekt for å finne ut kven dei er. 

Illustrasjonsfoto: Gutt som gråter

Protestane til barnet, er ikkje uvilje, men er tvert imot ei naturleg og positiv utvikling og eit steg på vegen mot å bli eit sjølvstendig menneske og å utvikle viktige eigenskapar vi vaksne ser på som positive.

Det illskrikande barnet på golvet i butikken har for mange blitt sjølve symbolet på den såkalla «trassalderen». Når barnet får raserianfall, særleg ute blant andre, kan det kjennast både flautt, intenst og vanskeleg for foreldra. Vi prøver desperat å få situasjonen til å gå over, og å tenke ut ei smidig og kjapp løysing på problemet.

Kanskje er du uroa for at barnet ditt kan bli ein eigenrådig og sta person som ikkje går overeins med andre, eller kanskje du er redd for at folk tenker at du ikkje har styr på barnet ditt? 

Dersom du forstår kvar «trassen» kjem frå, kan det vere lettare å takle han.

Det er viktig å hugse at små barn, akkurat som eldre barn, ungdom og vaksne, kan vere slitne eller ha ein dårleg dag, utan at det tyder at dei er "trassige". Protestar og intense sinneutbrot kjennes ofte valdsamt og vanskeleg for barnet sjølv. Det er viktig å også ha empati med barnet når det "slår seg vrang".

Kvifor «trassar» barnet?

I småbarnsalderen har mange barn store kjensleutbrot for det du som forelder oppfattar som bagatellar, og ei enorm trong til å gjere sjølv utan at du blandar deg inn. Dette er fordi dei oppdagar sin eigen vilje, og at «du er deg, mens eg er meg».

Barnet treng å erfare at ho kan påverke verda, og ikkje berre tilpasse seg omgivnadene. Dette dannar grunnlaget for at barnet seinare kan ta eige initiativ og ansvar, og møte omgivnadene på ein god måte. Det vi oppfattar som «trass» er starten på å kunne kle på seg sjølv, pusse tenner, og alt anna barnet skal lære for å kunne stå på eigne bein.

Som foreldre bør derfor ikkje målet vårt vere å fjerne den sterke eigenviljen, men å møte han på gode måtar. Når du aksepterer den uttrykte eigenviljen til barnet, opplever ho å vere verdsett og at ho kan påverke omgivnadene. Sjølv om du verdset kjenslene og ønska til barnet, inneber ikkje dette nødvendigvis at barnet får viljen sin.

Montgomery: - Foreldre med to- og treåringer har det tøffest

Barnet si utvikling

Gjennom å protestere utforskar barnet seg sjølv og verda, og si eiga evne til å påverke det som skjer. Det kan vere nyttig for foreldre å tenke på dette som noko barnet skal gjere, at det skal utforske sin eigen vilje opp mot andre sin, og sjå kva som kan vere mogeleg og kva grenser som finst for kva som går og ikkje går.

Kva kan «trassen» tyde?

Har du tenkt på kva som kan ligge bak barnet sine handlingar og ord når barnet protesterer? Dette er kanskje særleg viktig dersom barnet protesterer på det som for deg verkar som bagatellar. Kan utbrotet til barnet eigentleg vere uttrykk for:

  • Slutt å mase på meg!
  • Førebu meg på det som skal skje!
  • Eg greier det sjølv!
  • La meg få prøve sjølv!
  • La meg bestemme noko!
  • Eg er frustrert, og eg veit ikkje kva eg skal gjere med det.

Det er slett ikkje sikkert at barnet sjølv er klar over kva som gjer at det føler at det må protestere eller kvifor det føler trong til eit utbrot. Når du prøver å forstå kva som skjer, kan dette medverke til at du lettare held deg roleg, og det kan hjelpe barnet til å forstå kva som skjer.

tips

Slik håndterer du «trass», protester og raseriutbrudd

  • Husk at følelser "smitter". Hvis du møter et sint barn med å være like sint selv, er sjansene større for at barnet bare blir enda mer rasende. Barns «trass» kan også smitte – noen foreldre opplever å bli like «trassige» og sta som barna. Da gjelder det å ta et skritt tilbake og få kontroll på egne følelser.
  • Når barnet gjerne «vil klare selv», men ikke helt får det til, kan du vurdere å foreslå at dere heller «kan gjøre det sammen». Det er ofte lettere å godta dette, enn at du overtar helt. Det kan være lurt å spørre om han trenger hjelp heller enn å si «jeg skal hjelpe deg».
  • Noen gang vet barnet bare hva han ikke vil, og ikke hva han vil. Da kan han trenge hjelp til å finne ut av hva han vil, og at den voksne kommer med ulike forslag uten å presse. Ofte kan barnet ha behov for litt tid for å kjenne etter hva han vil.
  • I situasjoner som ofte låser seg kan du prøve å la barnet bestemme noe. Er det for eksempel slik at det ofte ender med heftige protester når barnet skal ha på klær, kan kanskje barnet få bestemme fargen på strømpebuksa eller velge mellom to ting, for eksempel den røde eller den gule genseren?
  • Lar du barnet få ta noen valg innenfor trygge og gode rammer, kan dette bidra til at barnet utvikler selvstendighet og selvtillit.
  • Frykt for å miste kontrollen fullstendig ved å være inkonsekvent eller bryte rutiner du endelig har fått innarbeidet, kan gjøre det vanskelig for deg vurdere om det akkurat i dag er en situasjon som krever en litt annen tilnærming. Å være fleksibel på en god måte trenger ikke bety at du gir deg og lar barnet «vinne». Du kan for eksempel godt gjøre unntak fra den faste leggetiden ved spesielle anledninger. Da blir det et unntak fra en regel. Det kan også være lurt å fortelle barnet hvorfor dere gjør et unntak akkurat i kveld.

Spør deg selv: «Hvilke kamper er det viktig å ta, og hvor kan jeg gi barnet litt rom til å bestemme?» Noen ganger kan det være lurt å godta at barnet gjør noe som du ser på som litt rart, for eksempel har et ballerinaskjørt utenpå bobledressen, eller velger rare påleggskombinasjoner på brødskiva.

Når skal barnet få viljen sin?

Alltid – eller aldri? Ein god balanse er fint når det gjeld kva barnet kan bestemme. Dersom barnet aldri får oppleve at ho har innverknad på verda rundt, kan ho få ei kjensle av avmakt, audmjuking, at ho ikkje er viktig eller er verd å rekne med. Men barna kan òg bli utrygge dersom dei alltid får viljen sin. Det kan gi barnet eit inntrykk av at ho har meir ansvar for det som skjer enn foreldra har.

Når foreldre derimot viser at dei vurderer kva som er bra for barnet, medverkar dette til å skape trygge rammer for barnet. Når foreldra er tydelege og avgjer kva barnet kan få bestemme sjølv, og kva som ikkje kan bli slik barnet vil, opplever barnet at foreldra er der til hjelp og støtte.

Eit anna aspekt er at det å kunne balansere omsyn til eigne behov med det å tilpasse seg og justere seg etter andre sine behov, er ein er viktig del av sosialiseringsprosessen for barn.

Uføreseielege situasjonar i kvardagen kan skape protestar

For dei fleste barn er overgangar vanskelege. Enkelte barn treng ekstra tid for å greie å omstille seg, som for eksempel om morgonen når dei skal gå i barnehagen, eller når dei skal gå frå barnehagen. Det kan vere nyttig å ha forståing for dette, og førebu barnet på slike overgangar.

Når barn kjem ut av dei daglege rutinane sine, og blir usikre på kva som skal skje, kan protestane bli sterkare og meir uforståelege for oss vaksne. I slike tilfelle kan protestane vere uttrykk for at det uføreseielege blir opplevd som skummelt. Protestane eller utbrotet kan forståast som ein måte barnet prøver å gjere kvardagen føreseieleg på. Det er fint når foreldre fangar opp ei slik underliggande uro hos barnet og forstår at barnet treng meir tryggleik og forklaring.

Prøv å vere roleg og tydeleg i situasjonen. Sjølv om situasjonen ikkje løyser seg der og då, verkar det som regel positivt inn på barnet at du beheld roa når det stormar for barnet. Det at du held deg roleg skaper ein føreseieleg situasjon og tryggleik for barnet når barnet sjølv opplever kaotiske kjensler.

Enkelte gonger treng barnet at du tek leiinga og er tydeleg, og at du tek grep om situasjonen på ein vennleg, men bestemt måte. Andre gonger kan situasjonen vere slik at det er betre for barnet at du heller ventar litt, justerer deg, er fleksibel eller endrar strategi undervegs.

Spesialpedagogen om barnet som trasser

Se flere videoer om trass og småbarn her.

tips

Ikkje spør når barnet ikkje kan velge

Når du har barn i småbarnsalderen, kan det lønne seg å ikkje stille spørsmål når barnet faktisk ikkje har eit val. Altså ikkje spørje "Skal vi gå og pusse tenner?", men heller seie "No skal vi pusse tenner".

Vanskeleg med store kjensler

Dei store, overveldande kjenslene barnet opplever, kan opplevast vanskelege òg for barnet sjølv. Derfor er det viktig at du er med og støttar så godt du kan. Sjå an situasjonen og ditt unike barn; kva treng barnet frå deg no? Kanskje kan det opplevast trygt å sitje på fanget til kjenslene har rast frå seg, kanskje held det at du er i nærleiken og er roleg? Kanskje treng barnet at du leiar det ut av ein vanskeleg situasjon på ein trygg og god måte?

Barn har trong for hjelp frå foreldre til å forstå eigne kjensler. Det er nyttig å kunne forstå sine eigne kjensler, setje namn på det du føler, og å kunne uttrykke eigne ønske og behov på måtar som gjer at andre forstår. Når du hjelper barnet med å forstå kjenslene sine, finn han etter kvart ein balanse mellom det å regulere kjenslene sine sjølv, og det å forstå når han treng hjelp frå andre.

Det er fint å vedkjenne seg at barnet kan ha ein annan vilje enn deg sjølv, og at det kan vere frustrerande og skuffande for barnet å ikkje få gjennomslag for det ho vil.