I Noreg må du vere 18 år for å gifte deg.

Det var tidlegare mogleg å søkje fylkesmannen om dispensasjon frå kravet om 18 års aldersgrense for å inngå ekteskap etter ekteskapslova § 1a.

Frå 1. juli 2018 er det i ekteskapslova § 1a innført ei absolutt 18-års aldersgrense for å inngå ekteskap i Noreg. Grensa er samanfallande med myndigheitsalderen, og det er ikkje lenger mogeleg å gjere unntak frå 18-årsgrensa.