Treng eg ekteskapsattest frå Bufdir?

Ekteskapsattesten (prøvingsattesten) er ein attest som viser at det etter norsk rett ikkje er noko til hinder for at du inngår ekteskap. 

Vanlegvis er det Skatteetaten som utferdar ekteskapsattest. Det er berre dersom du skal gifte deg for tyske styresmakter i Tyskland at du skal søkje til Bufdir om dette. Vi utferdar også ekteskapsattest til norske statsborgarar som aldri har vore registrerte i folkeregisteret i Noreg, og er busette i eit land der den norske ambassaden ikkje kan utferde ekteskapsattest.

Krav til søknaden

Alle dokument som blir sende til Bufdir, må vere i original eller stadfest kopi. Kopiar kan stadfestast av offentleg tenestemann, advokat eller profesjonell kopieringsanstalt.

Følgjande vedlegg skal sendast med alle søknader:

  • Stadfesting på identitet (t.d. kopi av fødselsattest/pass)
  • Erklæring frå brudefolka (originalen må sendast inn)
  • Forlovarerklæring (originalen må sendast inn)
  • Opplysningar om den andre parten (namn, fødselsdato, statsborgarskap, fødselsstad og noverande bustadsadresse). Skriv opplysningane på eit eige ark.

Dersom du er skilt, må du dessutan leggje ved:

Skilsmisser frå utlandet

  • Skilsmisse frå eit nordisk land vil gjelde i Noreg dersom de begge var statsborgarar av eit nordisk land.
  • Skilsmisse frå land utanfor Norden må anerkjennast av fylkesmannen før det blir søkt om ekteskapsattest.

Opplysningar om skifte

  • Dersom det har gått mindre enn to år sidan skilsmissa, må din tidlegare ektefelle skrive under på at skifte er påbyrja/fullført. Skjema «Erklæring om skifte» kan nyttast.
  • Dersom den tidlegare ektefellen din ikkje vil skrive under, og du ikkje vil ta kostnaden ved offentleg skifte, kan du ikkje gifte deg på nytt før det har gått to år.
  • Dersom den siste felles bustaden dykkar var i utlandet, kan de søkje Fylkesmannen om fritak frå å dokumentere skifte.
  • Når det har gått meir enn to år siden skilsmissa, kan du fylle ut «Erklæring om skifte» utan underskrift frå din tidlegare ektefelle.

Dersom du er enke/enkemann må du også leggje ved:

Opplysningar om skifte

  • Du må ha ei erklæring frå arvingane etter din tidlegare ektefelle, der dei stadfester at buet er skifta eller eventuelt samtykkjer til at du kan behalde buet uskifta (punkt II i skjemaet).

Kvar skal søknaden sendast?

Søknaden skal sendast til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Kva skjer vidare?

Etter at Bufdir har utferda ekteskapsattest, sender vi han til Fylkesmannen i Oslo og Akershus. Fylkesmannen påfører attesten apostille, før dei sender han vidare til den oppgjevne adressa di.

Saksbehandlingtid

Vi har ei saksbehandlingstid på inntil to veker etter at alle dokumenta vi treng, er mottekne på utferding av ekteskapsattestar.

Vi kan også vere til hjelp med å utferde ein ekteskapsattest raskare ved behov. Når du søkjer om ekteskapsattest, er det viktig at du opplyser når vigsla skal finne stad, slik at vi får sendt deg ekteskapsattesten i god tid før dette.

Kor lenge er ekteskapsattesten gyldig?

Attesten er gyldig i fire månader etter utferdinga. Dersom attesten din er eldre enn fire månader, må du søkje Bufdir om å få utferda ein ny ekteskapsattest..