Målet med undersøkinga har vore å vurdere i kva grad statlege verkemiddel og tiltak som er sette i verk i kommunane, medverkar til å redusere konsekvensane av fattigdom blant barn og unge. Undersøkinga omfattar perioden 2002–2013. Bakgrunnen for undersøkinga er at Stortinget fleire gonger har gitt uttrykk for at det er behov for å styrkje innsatsen mot fattigdom blant barn. Stortinget har vist til at barnefattigdom i Noreg i stor grad handlar om at barn opplever å vere stengde ute frå sosiale samanhengar på grunn av den økonomiske situasjonen til familien. Sidan 2002 har det vore fleire tiltaks- og handlingsplanar mot fattigdom. Samtidig har delen barn i låginntektsfamiliar auka. Det har forsterka behovet for verkemiddel retta mot økonomisk vanskelegstilte barn og unge. Funnene er: Fleire barn veks opp i familiar med låginntekt. Mange kommunar gjer for lite for at fattige barn skal kunne delta sosialt. Den statlege innsatsen for å redusere konsekvensane av fattigdom blant barn og unge er ikkje godt nok koordinert. Behova til barna blir ikkje godt nok kartlagde når foreldra søkjer om sosialhjelp.

81 s., utgitt av Riksrevisjonen i 2014.