• Avdelinga i Klatrevegen
    Avdelinga i Klatrevegen
  • Soverom i avdelinga i Klatrevegen
    Soverom i avdelinga i Klatrevegen
  • Kjøkkenet i Klatrevegen
    Kjøkkenet i Klatrevegen
  • Uteområde ved avdelinga i Nygardsvegen
    Uteområde ved avdelinga i Nygardsvegen
  • Stue i Nygardsvegen
    Stue i Nygardsvegen
  • TV-stue i Nygardsvegen
    TV-stue i Nygardsvegen
Dette har vi hos oss
  • Bordtennis
  • Delt bad
  • Eget rom
  • Felles TV-rom
  • Fotballspill
  • Friluftsutstyr
  • Trådløst nettverk
  • Telt eller lavvo
  • Årskort i skianlegg
Nærområdet

Nærområdet

Sunnmørsheimen ligg i Volda kommune på Sunnmøre mellom fjordar, høge fjell og dei kjende Sunnmørsalpane. Kommunen har i underkant av 9000 innbyggarar.

Idrett

Kommunen markerar seg sterkt innan idrett og har lag innan blant anna fotball, volleyball, handball, symjing, ballett, klatrehall, turn, judo, tennis og skisport. Skientusiastane kan glede seg over skitrekk og lysløyper. Område med skatepark og BMX-sykling i nærområdet. For dei som likar seg betre ute i naturen finst det fleire downhill-løyper.

Kultur

Volda har eit rikt miljø innanfor song og musikk, og har fleire tilbod for ulike aldersgrupper. Det finst kor, korps, kulturskule og fritidsklubb.

Friluftsliv

Sunnmørsheimen ligg i ei kommune med gode høve for friluftsliv. På Sunnmørsheimen har vi båt, kajakk og kano og det er gode høve for utflukter i området, sommar som vinter, til dømes bading, fisking, båtturar, klatring, skiturar, fjellturar og sykling.

Vi som jobbar her

Vi som jobbar her

Dei tilsette på Sunnmørsheimen jobbar i langturnus, noko som vil seie at dei er på jobb 2 til 3 heile dagar i strekk. Dei skal vere her og støtte ungdommane i kvardagen og gi dei den hjelpa og støtta dei treng. Dei fleste har bakgrunn som sosionomar og barnevernspedagogar. Det er personale på avdelinga både dag, kveld og natt.

Slik jobbar vi

Slik jobbar vi

Verdiar

Verdiane våre er «RÅD» som står for «Respekt, Åpenhet og Deltaking». Vi ser det som naudsynt at vi har gjensidig respekt ovanfor både ungdomar og vaksne, at vi freistar å vere opne både ovanfor ungdomane og føresette. Vi meiner at deltaking frå nettverket rundt ungdomen i tillegg til ungdomen sjølv er avgjerande for å oppnå best mogleg resultat.

Handlekraft

Handlekraft handlar om traumebevisst omsorg. Utgangspunktet er at barn og unge som bur på institusjon treng hjelp til å regulere kjenslene sine i trygge rammer og med gode relasjonar til omgjevnadane.

Adapted Agression Replacement Training (AART)

På Sunnmørsheimen har vi faste AART-timar tre ettermiddagar i veka. AART er eit program der ein trener på sosiale ferdigheiter, sinneregulering og moralsk resonnering. Ungdomane trener i gruppe saman med to vaksne. Målet er å lære seg fleire sosiale ferdigheiter som kan brukast som alternativ oppførsel til aggresjon, bli betre på å sjå ulike vanskelege situasjonar i lys av fleire perspektiv, bli betre på å regulere eigne kjensler, og saman gjer dette at man kan unngå å hamne i vanskelege situasjonar. Meir informasjon om AART.

Andre metodar vi jobbar ut frå:

  • Miljøterapi – arbeid med deg og dei andre ungdomane på Sunnmørsheimen i det daglege miljøet ungdommar og tilsette er ein del av. Miljøterapi inkluderer mellom anna tydelege og tilbakevendande struktur som fast døgnrytme, faste måltid og definerte oppgåver for alle ungdomane. Målet er at alle som bur her skal bli meir og meir sjølvstendige overfor desse.
  • Familieråd. I alle inntak vurderer vi om det kan gjennomførast eit familieråd så raskt som mogleg. Her kan du lese meir om familieråd.

Samarbeid med familie og nettverk

Før plassering

Medverknad er ein rett alle barn og unge har. Dette betyr at barn og unge skal delta i alle forhold som handlar om dei, ikkje berre når ein skal ta avgjerder og slutningar. Medverknad gjer det mogleg for at barn og unge å delta aktivt i alle forhold som handlar om dei. Det gjeld både ved inntak, under opphaldet og førebuing til utskriving frå barnevernsinstitusjonen.

Før opphaldet

Før ungdommane kjem til oss reiser vi ut på forvern. Vi kjem til heimkommunen til ungdommane for å treffe familie og nettverk, ungdommane og kurator slik at vi får mest mulig informasjon allereie før ungdommane kjem til oss.

Under opphaldet

Sunnmørsheimen Ungdomsheim har som målsetting at vi kort tid etter innskriving har eit møte med den næraste familien eller omsorgsgivar til ungdommen. Dette for å legge grunnlaget for eit godt samarbeid vidare i prosessen, og snakke med dei om korleis dei kan vere gode støttespelarar for ungdommane under opphaldet på Sunnmørsheimen.

Besøk, heimreise og kontakt

Det er viktig at dei som bur her skal kunne ha besøk av familie, nettverk og vennar. Alle besøk skal avtalast og planleggast med dei tilsette på Sunnmørsheimen i god tid før besøket. Overnattingsbesøk kan også ordnast. Besøk skjer i hovudsak i helgane. Mange av dei som bur her er ofte heime i helgane, eller på helgebesøk til familie og slekt. Ved heimreise får ungdommane ei heimreisekontrakt. Her kan det blant anna vere avtalt heimelekser ungdommane skal trene på og andre reglar for heimreisa. Hovudkontakten har ansvar for å holde kontakt med netteverket til ungdommane under opphaldet. Dette vert ofte gjort i form av telefonsamtalar.

Etter opphaldet

Etter opphaldet ynskjer vi å ha eit evalueringsmøte der vi inviterer ansvarleg kommune og føresette. Vi ynskjer tilbakemeldingar på korleis dei har opplevd opphaldet til ungdommane og om dei har innspel til korleis vi kan oppnå betre samarbeid med kommunen og føresette.

Til deg som skal bu hos oss

Til deg som skal bu hos oss

Når du kjem hit

Kort tid etter at du kjem til Sunnmørsheimen, vert det arrangert inntaksmøte. Her vil du, kurator (kommunen sin representant), dine føresette, representant frå inntak, hovudkontakt og leiinga på Sunnmørsheimen delta. Inntak informerer om si rolle, vi fortel kort om metodane i behandlinga, kvifor du skal bu hjå oss og kva som er formålet med opphaldet.

Deretter går du saman med hovudkontakten din inn på avdelinga for å bli kjent og for å pakke ut. Du får også informasjon om faste gjeremål på avdelinga, og om rettane dine. Du får òg møte dei andre ungdommane på Sunnmørsheimen. På inntaksmøte avtalar vi også korleis vi skal halde kontakt med føresette under opphaldet.

Kontaktperson

Hos oss får kvar ungdom tildelt ein kontaktperson ved innflytting, og han eller ho deltek på inntaksmøtet. Kontaktpersonen har eit ekstra ansvar for deg og skal sikre at du får rett behandling til rett tid under opphaldet. Kontaktpersonen lagar plan for opphaldet i lag med deg. Kontaktperson er også den som saman med deg planlegg innkjøp av klede og utstyr, følgjer opp fritidsaktivitetar og avtaler med lege og tannlege, samt held kontakt med nettverket ditt under opphaldet.

Ansvarsgruppe

Ansvarsgruppemøte vert kalla saman kvar fjerde veke. På møtet legg kontaktpersonen din fram behandlingsplanen din. Ved behov blir andre partar kalla inn til møtet, det kan vere skule, arbeidsgivar, PPT, BUP eller andre slik at dei får informere om sine opplevingar om utviklinga di. Du og hovudkontakten din blir alltid invitert til ansvarsgruppemøtet.

Kvardagen din på Sunnmørsheimen

Her på Sunnmørsheimen har vi tydelege og tilbakevendande rammer blant anna ved at vi har fast døgnrytme, faste måltid og kvar ungdom som bur her har sine eige oppgåver for sitt rom. Vi forventar ikkje at du skal kunne alle reglar med ein gong, men det er lurt å nytte dei første dagane til å sette seg inn i det som gjeld.

Husmøte

Vi har husmøte kvar ettermiddag for å sikre at du får komme med innspel til din eigen kvardag. Tema for møtet er for eksempel aktivitetsplan, husreglar eller andre tema som ungdomane som bur her er opptekne av.

Vekeplan

Vi har fleire faste gjeremål som er sett opp på vekeplanen. I tillegg til daglege husmøte, er det blant anna oppsett av vekeplan på onsdagar og rydding og vasking av eige rom og bad kvar torsdag. I helgane er det mogleg å leige film eller lage noko ekstra god mat på kvelden. Nokre helgar har vi aktiviteter som bowling, kino eller utflukter til forskjellige stader.

Døgnrytme

På vekedagane er det vekking og frukost tilpassa skule eller jobb. Mellom 18.00 og 21.00 er det aktivitetstid og leggjetid er mellom 22.00 og 23.00 avhengig av kor gamal du er. I helgane er det vekking seinare enn på kvardagane og du kan vere oppe lenger på kvelden.

Skule og jobb

Alle som kjem hit er i skulepliktig alder og dei som går på skule er anten knytt opp mot Volda Ungdomsskule , eller Ørsta eller Volda vidaregåande skule . Ørsta har yrkesretta studietilbod medan Volda har allmennfagleg linje samt media og musikklinje. Vi samarbeider tett med dei skulane vi har elevar på. Vi har fastsatt tid kvar ettermiddag til leksearbeid der vi kan hjelpe deg dersom du har behov for det.

Vi samarbeider også med NAV med praksisplass i bedrift for ungdomar som ikkje ynskjer å gå på vidaregåande skule. Når du bur på Sunnmørsheimen skal du ha eit godt dagtilbod.

Regler

Vi har nokre retningslinjer for korleis vi vil ha det på Sunnmørsheimen. Vi snakkar saman på ein ordentlig måte, vi held kjøkkenet ryddig, vi røyker i røykekroken, rommet ditt er privat og vi besøker, som hovudregel, ikkje kvarandre på romma. Vi vil ikkje ha noko fokus på rus, korkje i form av bilete og symbol eller diskusjonar om rusmiddel.

Dei viktigaste, ufråvikelege reglane på Sunnmørsheimen er:

  • Bruk av vald og truslar om vald vert ikkje akseptert. Vald mot andre ungdommar eller vaksne vert vurdert politimeldt
  • Det er ikkje lov å nytte eller oppbevare rusmiddel eller brukarutstyr på Sunnmørsheimen. Dette vil bli beslaglagt og vurdert politimeldt
  • Vi aksepterer ikkje rømming frå Sunnmørsheimen eller frå Sunnmørsheimen sine tilsette. Vi etterlyser ungdom gjennom politiet ved rømming
  • Kriminalitet eller hærverk vert ikkje akseptert, verken på Sunnmørsheimen eller i lokalsamfunnet

Mobiltelefon, PC/Internett, TV og PlayStation

Vi bruker ikkje mobiltelefon under møter og måltid av omsyn til andre. Om du vil ringe foreldre, slekt, kurator eller advokat kan du bruke Sunnmørsheimen sin mobiltelefon. Du kan også bruke denne til å lage konkrete avtalar med vener dersom du ikkje kan bruke din eigen mobil. Vi har trådlaust nett som du kan logge deg på etter å ha fått datalapp frå personalet.

Vi ser ikkje på TV på dagtid mellom 09.00 og 14.00 på kvardagane eller etter leggetid. Spesielle program du vil sjå, kanskje etter leggetid, må du avklare med personalet. Playstation er i hovudsak for bruk i helgane, og du må vere innafor aldersgrensa til spela for å nytta dei. Det same gjeld aldersgrense for filmar.

Fritid

Når du ikkje er på skule eller på jobb kan du i utgangspunktet bevege deg fritt utanfor institusjonen når du har lagd avtale om det. Vi vurderer lengda på avtalene fortløpande. Når du bur her har vi som jobbar her ansvaret for deg og ynskjer å vere så trygg som mogleg på at du har det bra når du er utanfor institusjonen.

Ferie

Når det er ferie, vert det ein litt anna struktur på huset. Vi får vere oppe litt lengre og sove litt lengre om morgonen om vi ikkje skal noko spesielt. Hovudreglane gjeld som vanleg, men vi kan til dømes ha aktivitetar som bowling, go-cart, besøke Pirbadet i Molde og andre ting som vi elles gjer i helgane på kvardagar. Lommepengar går som vanleg i ferien. Det viktigaste er at alle har det kjekt i ferien, og det er berre fantasien som set grenser for kva vi kan gjere!

Rettar når du bur på institusjon

Les om kva for rettar du har når du bur på institusjon og kva for grenser vi som jobbar her kan sette om det er naudsynt.

Tilsyn

Tilsyn

Fylkesmannen i Møre og Romsdal fører tilsyn for å sikre at alle som bur på institusjon får god omsorg og behandling. Fylkesmannen skal også følgje med på at gjeldande lover og regler følgjast. Fylkesmannen kjem på besøk minst to gongar i året, og snakkar mellom anna med bebuarane om korleis dei har det på institusjonen.

Om bebuarane opplever at rettane deira ikkje blir tatt vare på, kan dei klage til Fylkesmannen. Dei som arbeider på institusjonen hjelper bebuarane med å klage om det er ønskelig.

Vi ser mennesket for den dei er og ikkje det dei gjer.
  • Institusjon for ungdommar mellom 12 og 18 år
  • Institusjonen har 6 plassar
  • Målgruppa er ungdom som er plassert etter barnevernloven §§ 4-244-26 og 4-25 der det er samsvar mellom det akutte og ei langsiktig plassering ved institusjonen
  • To avdelingar; Klatrevegen og Nygardsvegen
  • Lokalisert i Volda kommune på Sunnmøre
  • Forventa opphaldstid er 9 til 12 månader
Besøksadresse

Nygardsvegen 2 - 4, 6103 Volda
Klatrevegen 2, 6104 Volda

Postadresse

Postboks 2233
3103 Tønsberg

Telefon

Nygardsvegen: 466 17 663
Klatrevegen: 466 15 471

Epost
sunnmorsheimen@bufetat.no
Reidar Egset Haug
Fungerande leiar

Tlf: 466 17 401