• Huset vårt
    Huset vårt
  • Ute . lekeplass
    Ute . lekeplass
  • Kjøkken
    Kjøkken
  • Lekerom
    Lekerom
  • Kjøkken
    Kjøkken
Dette har vi hos oss
  • Eigne bad
  • Felles TV-rom
  • Trådlaust nettverk
  • Egen nøkkel
  • Lekerom
  • Egne leiligheter
  • Felles kjøkken
  • Vaskerom
  • Sandkasse
  • Stor uteplass og plen
  • Grill
Nærområdet vårt

Nærområdet vårt

  • Turområde / parkområde like  ved senteret
  • Ringbuss og flybuss  like ved
  • 2,5 km frå Førde sentrum og bussterminal
  • 2 km frå kulturhus / kino, bibliotek, mm
  • 16 km  frå  flyplass
Vi som bur og jobbar her

Vi som bur og jobbar her

Det er plass til tre familiar hos oss. Familiane som bur her har ulike utfordringar. Dette kan vere:

  • Foreldre som lever i ein ustabil livssituasjon i høve til psykiske og sosiale forhold
  • Foreldre med kognitive vanskar
  • Foreldre med utfordringar knytt til eigen oppvekst, nettverk og sosial fungering
  • Gravide eller småbarnsforeldre som har utfordringar knytt til rusmisbruk. Det kan vere aktuelt å inngå ruskontroll under oppholdet.
  • Familiar som lever med høg konflikt.

Tidsperspektiv: Eit utgreiingsopphold varer i inntil 8 veker. Dersom det er behov for vidare rettleiing, kan det søkast om utviklingsstøttande behandlingsopphold i 3-6 månadar

Tilsette: Vi har ei personalgruppe som består av 4 miljøterapeuter, ein miljøarbeidar, kvilande nattevakter og avdelingsleiar. Vi har mange års erfaring, dei fleste har sosialfagleg  bakgrunn med vidareutdanning og sertifisering i relevante fag og metodar. Bortsett frå avdelingsleiar, går alle i turnus.

Personalgruppa har rettleiing av ein psykologspesialist som har lang erfaring med sped- og småbarnsarbeid.

Vaktordning: Det er til ei kvar tid personale på vakt. Det er kvilande nattevakt. Det er stengt annankvar helg, og i påske,- jule- og nyttårshelg.

Kvardagen på senteret

Kvardagen på senteret

Individuelle planer: Det blir laga individuelle planar saman med kvar familie der det blir sett opp avtalar. Vi er saman med familien ved måltider, ved stell eller når de leikar med barnet. Vi avtalar tidspunkt for samtalar og rettleiing. Vi tilbyr pass av barnet når vi har samtalar der barnet ikkje bør delta.

Morgonmøter: Vi startar dagen med felles morgonmøte. Her samlast familiane og går gjennom planane for dagen.

Barnehage: Dersom barnet allereie har barnehagetilbud, tilrår vi å opprettholde dette nokre dagar i veka dersom avstanden tillet det, slik at barna kan holde kontakt med det vante miljøet og ha kontinuitet medan dei bur på senteret.

Jobb: Dersom de er i jobb, tilrår vi at de får heilt eller delvis permisjon/sjukmelding, slik at de kan vere med på mest mogleg av utrednings- og behandlingsarbeidet.

Besøk/avtaler: De kan ha besøk i leilegheita. Vi ynskjer at de avtaler dette med oss på førehand, slik at det ikkje kolliderer med andre gjeremål. De kan gå til nødvendige avtalar, og ta turar i nærmiljøet, dersom det ikkje kolliderer med  avtalar og opplegget på senteret. Dersom de har lyst til å delta i aktivitetar utanfor senteret er dette fullt mogleg. Vi som jobber her kan hjelpe deg å finne det tilbudet du leiter etter og kva som finst i området.

Heimreiser annakvar helg: De reiser heim annakvar helg. Vi tilrår at de opprettheld kontakten de har med venner, familie og fritidsaktiviteter i den tida de bur på senteret. Nødvendig oppfølging frå aktuelle lokale hjelpeinstansar som lege, helsestasjon og andre, er vanleg å avtale i samband med heimreisene.

Rusmidlar: Bruk og oppbevaring av alkohol og andre rusmidlar vert ikkje akseptert på senteret. Ved behov vil det bli inngått avtale med den enkelte om rusmiddelkontroll.

Trugsmål og/eller vold mot dei andre familiane eller tilsette på senteret vert ikkje akseptert, og vil medføre utskriving.

Når de kjem hit

Når de kjem hit

Møte før innflytting: Vi møtast før de flyttar inn til oss. Barneverntenesta er med på møtet og vi planlegg  oppholdet og kva vi skal jobbe med medan de bur her. Vi gjev informasjon om senteret og opphaldet. Det er viktig at de får god informasjon, at de får stille spørsmål og at de veit kva de seier ja til.

Møte ved innflytting: Vi har eit nytt møte den dagen de flyttar inn. Her går vi gjennom planen for oppholdet saman med dåke og barneverntenesta. Vi informerar om korleis dei kommande vekene vil sjå ut og ynskjer også at de skriv under på avtalar for oppholdet.

Det er frivillig å bu hos oss: Eit opphald hos oss er frivilleg og de må gje samtykkje til å vere her.

Eiga leilegheit: De har eiga leilegheit som de får nøkkel til. Vi har 3 leilegheiter med ulik storleik. Alle har eige bad og eit lite te-kjøkken. Det er mogleg å nytte felleskjøkkenet til matlaging og måltider. Leilegheita er elles utforma og utstyrt på ein slik måte at de skal klare dåke sjølve. Der er sofa, salongbord, stol, kommode/skap og senger til foreldre og barn. Der er også nødvendig utstyr som stellebord, handkle, og sengkle.

Eiga hushaldning: Familiane har ansvar for eiga hushaldning med innkjøp, matlaging og reinhold av klær og leilighet. De deler vaskerom med dei andre familiane.

Fellesarealer ute: Utanfor huset har vi leikeplass med ulike leikeapparat, sandkasse, benkar og stor plen.

Eigen bustad: De må ha eigen bustad utanfor senteret. De reiser heim annankvar helg og i høgtider som jule- nyttårs- og påskehelgar. Heimreiser utover dette kan avtalast.

Kven kan få plass på senteret?

Kven kan få plass på senteret?

  • Gravide eller foreldre med barn i førskulealder
  • Familien må ha eigen bustad utanfor tiltaket
  • Ved rusproblematikk krevst 3 reine urinprøver før inntak
Slik jobber vi

Slik jobber vi

Vår oppgave: Senteret er eit barneverntiltak der oppgåva vår er å utgreie og vurdere omsorga barnet får. Vi er med på daglege rutinar som stell, måltid og døgnrytme. Vi ser på korleis de møter barnet og ivaretek kjenslemessige behov som barnet har. Foreldre vil alltid det beste for barnet sitt, og utgangspunktet er at de skal få hjelp til å gje det barnet treng. Dersom utfordringar i eige liv er til hinder for at barnet sine omsorgsbehov blir dekka, er det vår oppgave å ta dette opp med familien og barneverntenesta.

Team: De vil få ein kontaktperson (familiekontakt)  som har særleg ansvar for dykk. Familiekontakt samarbeidar med resten av teamet. Teamet har rettleiing av psykologspesialist. Saman arbeidar vi mot eit felles mål om å betre omsorgssituasjonen til barnet.

Kartlegging: Vi ynskjer å vere mykje sammen med dåke for å kartlegge kva som er styrke og kva som er utfordringar. I utgreiingsarbeidet fokuserar vi på barnet og samspelet i familien.

Rettleiing: Vi rettleier i måtar å forstå og vere saman med barnet på. Vi samtalar om korleis de kjenner barnet og om korleis de kan oppfatte og tolke dei signala barnet gjev. Vekene framover vert brukt til å rettleie og samtale med dykk samstundes som vi er mykje saman med dykk for å vurdere om omsorgssituasjon til barnet vert betre.

Metodar: Vi nytter metodar som døgnklokke, ASQ (Ages and Stages Questionnaires), ASQ-SE (Ages and Stages questionnaires – Social-Emotional). I arbeidet med foreldre si omsorgsutøving og samspel mellom foreldre og barn brukar vi miljøobservasjonar. Vi brukar også filmopptak for å synleggjere barnet sine reaksjonar og handlingar for foreldra. Vi har samtalar og rettleiing. Vidare brukar vi metodar som WMCI (Working Model of the Child Interview) og Crowell. For å styrke foreldrekompetansen brukar vi også metodane Marte Meo og COS (Circle of Security/ Trygghetssirkelen).

Møter og rapport: Det er samarbeidsmøte med barneverntenesta både før de flyttar inn og den dagen de flyttar inn. Vidare har  vi eit samarbeidsmøte mot midten av opphaldet og eit oppsummerings- og tilbakemeldingsmøte mot slutten av opphaldet. I møta vil vi snakke saman om dåkas erfaringar,  om våre observasjonar og om status i arbeidet. Vi har møte med dåke før samarbeidsmøtene, slik at de veit kva vi kjem til å presentere i møtet.

Rettar og tilsyn

Rettar og tilsyn

Rettar når du bur på eit senter for foreldre og barn. Når du bur på eit senter for foreldre og barn, har du fleire rettar og plikter. Tilsette på senteret skal respektere familie- og privatlivet ditt, og sørge for at du får vere med å påverke dagleglivet på senteret. Vi som jobbar her skal legge til rette for at du og familien din har det trygt og trivst på senteret. Vi har fastsatt husreglar og rutinar som det er viktig at alle som bur her forheld seg til. På den måten kan oppholdet ditt bli betre og alle bidrar til fellesskapet.

Tilsyn. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skal sikre at lover og reglar blir fulgt, og at alle som bur på senteret får eit godt og forsvarleg tilbod. Fylkesmannen skal føre tilsyn med senteret så ofte som forholda tilseier det, og minimum kvart andre år. Dersom du er misnøygd med forholda på senteret, kan du klage til Fylkesmannen. Du kan klage både skriftleg og muntleg.

Barn har behov for ein trygg og god omsorg
  • For familiar med barn i førskulealder
  • Utgreiingsopphold på inntil 8 veker
  • Behandlingsopphold på  3 – 6 månadar
  • Foreldra har dagleg omsorg for barnet under oppholdet
  • Foreldre er velkommen for omvisning og uforpliktande samtale
  • Plassering etter barnevernloven § 4-4,2
  • Vi har kompetanse på sped- og småbarn og deira behov for stabil og utviklingsstøttande omsorg
Besøksadresse

Svanehaugvegen 3, 6812 Førde

Postadresse

Postboks 2233, 3103 Tønsberg

Telefon

466 19 260

Epost
bente.krakas@bufetat.no
Bente Kråkås
Bente Kråkås
Avdelingsleiar

Tlf: 466 18 882
Publisert 16. oktober 2014.
Oppdatert 25. oktober 2017.