Kartlegg tilgjenge i fire skianlegg

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal no undersøkje kor tilgjengelege fire av skianlegga i fylket er for personar med funksjonsnedsetting.


Sit ski-kjører
Foto: : R.Hacon/Wikimedia CommonsSlalåm kan praktiserast uavhengig av funksjonsvariasjon. Bildet er frå OL på Lillehammer.
Det er anlegga i Luster, Sogndal, på Eid og Jølster som skal undersøkjast.

Sogn og Fjordane er den einaste fylkeskommunen i landet som utfører denne typen kartlegging.

Fylkeskommunen har fått pengar frå Kartverket for å gjennomføre kartlegginga. Bakgrunnen for arbeidet er visjonen i den regionale planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv – nemleg fysisk aktivitet for alle.

– Dette er viktig for at alle skal kjenne seg tekne i vare i anlegga, seier prosjektleiar Jo Tore Kristoffersen til Sogn og Fjordane fylkeskommune sine nettsidar.

Erlend Haugen Herstad, leiar i fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne, trur kartleggingsarbeidet vil vere eit verkemiddel til at alle skianlegga i fylket ser nærare på tilgjenge for menneske som treng tilrettelegging for å kunne delta.

Kjelde: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Publisert 30. mars 2017.
Oppdatert 31. mars 2017.