Prosjektet «Turvegar i Telemark» og Oslo kommune sin plan for universell utforming fekk begge utmerking ved kåring av god politikk og praksis på den store Zero-konferansen i Wien førre veke.

Zero Project er ein organisasjon driven av velgjerds-stiftinga Essl Foundation. Organisasjonen arbeider for å betre levekåra til personar med redusert funksjonsevne over heile verda. Årleg arrangerer dei ein konferanse i Wien kor gode døme frå ulike land blir trekt fram og får heider og ære. Prosjekta blir òg presenterte på konferansen.

I løpet av året har det vore ein lang prosess med å nominere og evaluere dei ulike innkomne forslaga. Både nominasjon og vurdering blir gjort av Zero-organisasjonen sitt globale nettverk av om lag 3000 fagpersonar frå 150 ulike land. Bufdir er representert i nettverket.

Gode praktiske døme
Turvei langs vatn med gåande
Foto: Roger JensenAlle skal ha ein god turvei nær bustaden, er eitt av måla til turveg-prosjektet

Prosjektet «Turvegar i Telemark» var blant dei som i år vann utmerking innan kategorien innovativ praksis. Prosjektet starta opp i 2012 og er eit samarbeid mellom Telemark fylkeskommune, Fylkesmannen i Telemark og Statens vegvesen og Den norske Turistforening.  Målet for prosjektet er å oppgradere sentrumsnære turvegar i alle kommunane slik at dei er godt lagt til rette for alle, uavhengig av funksjonsevne. Til no har 12 av 18 kommunar slike turvegar, og planane for dei siste 6 er klare. Målet er at alle skal ha ein god turveg nær heimen sin. Roger Jensen frå Fylkesmannen i Telemark presenterte prosjektet på konferansen.

I alt kom det inn 317 nominasjonar fordelt på 73 ulike land i denne kategorien. I tillegg til Turvegar i Telemark, fekk eit nyhendebyrå i Austerrike med og for personar med kognitive vanskar og eit prosjekt for å tilby rullestolvennlege turar til dei kjende turistattraksjonane Machu Picchu, Galapagos og Amazonas utmerking for god innovativ praksis. 

India hadde fleire gode døme mellom andre prosjektet «Travel Buddies» kor ein matchar personar med og utan funksjonsnedsetjing for reiser og rekreasjon. Israel utmerkte seg med heile 7 av 68 vinnarprosjekt i kategorien innovativ praksis.

Den nordiske hotellkjeda Scandic fekk òg pris for sitt arbeid med universell utforming og tilgjenge med program for opplæring av tilsette, ein eigen direktør for tilgjenge og  ei sjekkeliste for tilgjenge på hotella.

Innovativ politikk

I kategorien innovative policies var Oslo kommune av dei som vann. Kommunen har plan om at byen skal vere universelt utforma innan 2025. Dette skal omfatte offentlege bygg, kollektivtransport, IKT og parkar og uteområde. Dubai fekk óg utmerking for plan for universell utforming av emiratstaten.

Prosjektet med å harmonisere IKT-standarane i Europa og USA var eit anna prosjekt som vann.   EU fekk pris for webdirektivet. I alt vann 15 tiltak pris i kategorien.

Temaet i år var tilgjenge (accessibility). Neste år blir det sjølvstendig liv og politisk deltaking. 

Konferansescene med to projektorer og tegnspråktolk
Foto: Sigrid SkavlidAnn Marit Sæbønes, leiar for Rådet for personer med nedsatt funksjonsevne i Oslo kommune, presenterte prosjektet på konferansen.

Publisert 27. februar 2018.
Oppdatert 27. februar 2018.