Med ordføraren på tur i sentrum

Elevar ved Måløy vidaregåande skule utfordra ordførar Kristin Maurstad (Ap) og Kristian Skibenes (H) til å ta seg fram med rullestol i Måløy sentrum.

– Vi ville at dei skulle oppleve og erfare på eiga hand korleis det er å bruke rullestol i sentrum, seier Teodora Flåten Refsnes til Fjordenes Tidende.

Utfordringa var eit resultat av ei synfaring som elevane som går fyrste klasse ved helse og oppvekst, tidlegare hadde gjort gjennom eit skuleprosjekt om universell utforming.

Mest overraska vart elevane og politikarane over dei høge kantane som gjer det vanskeleg ved overgangsfelta, og som er umogleg å komme seg opp og ned frå med rullestol.

Ordførar Kristin Maurstad er einig i at det er mykje å gjere for universell utforming i kommunen. Ho innrømmer at det var fleire utfordringar ved utforminga i Måløy sentrum enn ho hadde trudd på førehand.

– For min del har dette vore ein vekkjar, seier ho til avisa.

– Det er fort gjort å ikkje tenke på det, men for dei det gjeld er det veldig viktig å få gjort noko med det. Eg er veldig takknemleg for utfordringa.

Kjelde: Fjordenes Tidende   Foto: Oline Birgitte Nave/FT

Publisert 09. juni 2016.
Oppdatert 09. juni 2016.