Fleirbruksområde i særklasse

Utforminga av Hamaren aktivitetspark i Fyresdal er i sluttfasen. Her skal det godt gjerast å ikkje finne noko ein likar å bruke tida til, reporterar Telemarksavisa.

Det nærare 300 mål store sentrumsnære naturområdet i Fyresdal er i utgangspunktet mykje bruka. Men med eit budsjett på 3,2 millionar kroner er det grunn til å tru at langt fleire også i framtida vil nytte seg av det. Ei rundløype på nær to kilometer i universell utforming langs Fyresvatn, gjer det framkomeleg for både rullestolbrukande, syklande og gåande.

Prosjektleiar Monica Sølyst syner til prosjektet Hamaren aktivitetspark som eitt av fleire resultat av det nyleg avslutta tilflyttingsprosjektet «Heim=Fyresdal».

– Ein hadde ein tanke om at dersom ein involverte flest mogleg i prosessen, ville også fleire få eit eigarskap til staden og syte for at han vart godt skjøtta når han stod ferdig, seier Sølyst.

Kjelde: Telemarksavisa

Publisert 16. juni 2016.
Oppdatert 17. juni 2016.