Kompetanse

Universell utforming rettar seg mot alle, men er særs viktig for personar med nedsett funksjonsevne. Statlege verksemder har ansvar for å fremje deltaking for heile befolkninga og sikre at plikta til universell utforming i diskriminerings- og tilgjengelova er oppfylt.

Verksemdene blir derfor oppmoda om å sørgje for at dei tilsette får kunnskap om universell utforming. Lån gjerne informasjon frå dette verktøyet for å auke kunnskapsnivået.

Forslag til tema

  • Lovverk der universell utforming er eit integrert krav
  • Universell utforming som visjon, strategi og mål
  • Mangfaldet i befolkninga og ulike funksjonsnedsetjingar
  • Forskjell på universell utforming og tilgjengelegheit
  • Forskjellen mellom universell utforming og individuell tilrettelegging
  • Utfordringar i arbeidet med universell utforming
  • Funksjonshemmande barrierar og løysingar – konkrete døme innanfor ulike livsarenaer
  • Samarbeid om og medverknad til arbeidet med universell utforming
  • Arrangere seminar for heile eller delar av verksemda
  • Ha avdelingsvise dagskurs med eksterne innleiarar
  • Arrangere kortvarige kurs på avdelingsmøta
  • Invitere representantar frå organisasjonar for funksjonshemma eller frå kommunale råd for funksjonshemma til å halde foredrag
  • Prøve å sitje i rullestol, vere svaksynt, blind, høyrselshemma, døv osv.
  • Ha idédugnad om kva hindringar dei tilsette opplever i si eiga verksemd: Kvar er barrierane?
  • Delta på eksterne konferansar og seminar

Forslag til undervisningsopplegg

  • Arrangere seminar for heile eller delar av verksemda
  • Ha avdelingsvise dagskurs med eksterne innleiarar
  • Arrangere kortvarige kurs på avdelingsmøta
  • Invitere representantar frå organisasjonar for funksjonshemma eller frå kommunale råd for funksjonshemma til å halde foredrag
  • Prøve å sitje i rullestol, vere svaksynt, blind, høyrselshemma, døv osv.
  • Ha idédugnad om kva hindringar dei tilsette opplever i si eiga verksemd: Kvar er barrierane?
  • Delta på eksterne konferansar og seminar

Kompetanseprogrammet

Kompetanseprogrammet er eit opplæringsprogram om universell utforming innanfor verkeområdet til plan- og bygningslova.

Kompetanseprogrammet er utvikla av Direktoratet for byggkvalitet og er retta primært mot politikarar og tilsette i kommunar og fylkeskommunar.

Møter, kurs og konferanser

Alle skal kunne delta på møte, seminar og konferansar uavhengig av funksjonsevne.

 

Informasjon

Generell offentleg informasjon gir svar på spørsmål som kven, kvar, korleis og når i samband med aktuelle produkt, varer, tenester, aktivitetar eller tilbod.

Eitt av prinsippa i den statlege kommunikasjonspolitikken er at statleg informasjon skal nå fram til alle han gjeld.

Elektronisk kommunikasjon skal vere hovudkanalen for informasjon frå staten og for kommunikasjon mellom innbyggjarane og staten (digitalt førsteval).

Nokre utfordringar

Offentleg informasjon skal nå fram til ei befolkning med svært ulike føresetnader når det gjeld kunnskapsnivå, syn, høyrsel, kognitive evner, rørsle/motorikk, leseevner og leseferdigheiter, språkevne, språkforståing og kulturell forståing.

Nesten all offentleg informasjon krev god språkforståing og gode leseferdigheiter. Ikkje all informasjon er interessant for alle.

Staten må sørgje for at innbyggjarar som ikkje kan bruke digitale kanalar, får tilsvarande informasjon og høve til å medverke via andre eigna kanalar. (Statens kommunikasjonspolitikk. Fastsett av Fornyings- og administrasjonsdepartementet 16. oktober 2009.)

Hugs!

Av og til er det spesielt viktig at informasjonen når alle, uansett funksjonsevne:

  • Når det er fare for liv og helse
  • Når ein skal finne fram i det offentlege rom
  • Når det hastar med å få ut informasjonen, til dømes når ein skal ut å reise

Internett

Internett er den beste informasjonskanalen for dei fleste menneske så lenge ein følgjer gode reglar for webtilgjengelegheit og brukbarheit. Internett kan ha fleire brukargrensesnitt.

Å kunne tileigne seg informasjon på andre måtar er spesielt viktig når ein av sansekanalane er svekt eller utilgjengeleg på grunn av nedsett funksjonsevne.

Nettsider som er retta mot allmenta, må følgje krava i forskrift om universell utforming av IKT.

Skriftleg, trykt informasjon

Skriftleg, trykt informasjon som bøker, rettleiingar og brosjyrar er eit viktig alternativ til nett. Setningslengd, ordval, papirkvalitet, fargebruk og organisering av innhaldet vil avgjere om teksten er brukbar og tilgjengeleg. Språkrådet gir råd om korleis tekstar bør utformast.

Enkelte brukargrupper kan ikkje nytte skriftleg, trykt informasjon.

Informasjon for synshemma

Nedsett syn kan variere frå total blindheit til ulike former for svakt syn.

Mange svaksynte kan lese skriftleg informasjon så lenge skriftstorleiken kan tilpassast. Utskrift frå elektronisk utgåve kan gi skriftstorleik og farge som passar kvar enkelt best.

Digitale flater kan som regel skalerast og forstørrast eller bli lesen opp via tekst-til-tale-funksjon.

Informasjon for høyrselshemma

Høyrselshemma har ulik grad av nedsett høyrsel, frå lettare til høggradig høyrselstap. Nedsett høyrsel medfører redusert eller manglande oppfatting av lydsignal. Sjølv eit lite høyrselstap kan gjere kommunikasjonen vanskeleg dersom bakgrunnsstøy eller akustikk gjer lytteforholda dårlege.

Informasjon for personar med lese- og skrivevanskar

Folk kan ha ulike former for lese- og skrivevanskar. Synsrelaterte lesevanskar vil ofte gi nedsett uthald for synsarbeid på nært hald, særleg skjermarbeid.

Alternativ:

  • Lydformat
  • Godt lesbare tekstar med enkelt språk (enkle ord, korte setningar, høve til å endre tekststorleiken, god kontrast osv.)
  • Bilete, illustrasjonar og grafar
  • Film og video

 

Informasjon for personar med forståingsvanskar

Utviklingshemma, eldre eller sjuke kan ha forståingsvanskar.

Viktig suppement for mange i desse gruppene:

  • Film, video og TV
  • Symbol
  • Bilete
  • Direkte kommunikasjon

Lesbarheit

Her er nokre punkt det er viktig tenkje på når du skal lage eit dokument eller ei trykksak som alle skal kunne lese:

  • Vel ein font utan seriffar, til dømes Arial, Verdana eller Helvetica. Times New Roman er ein mykje brukt skrifttype, men gir ikkje god lesbarheit for dårlege lesarar.
  • Løpande tekst bør ha minimum skriftstorleik 12.
  • Unngå versalar (store bokstavar) og kursiv i løpande tekst. I overskrifter er det greitt.
  • Det er berre hyperlenkjer som skal vere understreka.
  • Venstremargen skal vere rett, den høgre skal vere takkete/ujamn, for då er det lettare å orientere seg i teksten.
  • Sørg for at det er tydeleg og lik avstand mellom orda.
  • Sørg for god kontrast, til dømes svart tekst på kvit bakgrunn, grøn tekst på kvit bakgrunn, blå tekst på kvit bakgrunn eller svart tekst på gul bakgrunn.
  • Dersom det er brukt negativ tekst (kvit/lys tekst på mørk bakgrunn), må du hugse at for tynn strek i bokstavane kan gi dårleg lesbarheit.
  • Unngå tekst på bilete og mønstra bakgrunn. Jamn, svakt farga bakgrunn kan vere OK så lenge kontrasten er god.
  • Bruk matt papir. Glansa papir gir «skin» og reduserer lesbarheita.

 

Skriftleg kommunikasjon

Hugs kommunikasjonssituasjonen:

  • Kven er mottakaren?
  • Kva er bodskapen?
  • Korleis skal bodskapen formidlast?
  • Har de følgt reglane i mållova?

Kontroller at teksten er så god og forståeleg for mottakaren som mogleg:

  • Sjekk både strukturen og språket. Språket bør vere korrekt.
  • Bruk oppslagsverk og snakk med ekspertar.

Munnleg kommunikasjon

Kommunikasjon ansikt til ansikt:

  • Klar bodskap, logisk struktur og enkle ord
  • Gode akustiske forhold og ingen bakgrunnsstøy
  • Avslappa og vennleg atmosfære
  • Godt indirekte lys som ikkje blendar
  • Høyrselsteknisk forsterkarutstyr i skranke og møterom (til dømes teleslyngje, skrankeslyngje, infraraudt anlegg, FM-anlegg)

 

Kommunikasjon via telefon

Nesten alle i Noreg bruker mobiltelefon. Sterkt høyrselshemma / døve føretrekkjer å få meldingar på SMS eller e-post.

Ved munnleg kommunikasjon på telefon må verksemdene leggje vekt på fleire ting:

  • Bruk ein personleg kundebehandlar.
  • Snakk tydeleg og klart med normal talehastigheit (ikkje for fort, ikkje for sakte).
  • Det må vere få val før ein blir sett over dit ein ønskjer.

 

Munnleg kommunikasjon med synshemma

  • Snakk tydeleg og passeleg fort.
  • Unngå bakgrunnsstøy.
  • Unngå pronomen som «den», «det» og «dei», for dei signaliserer ikkje klart kva du refererer til. Bruk heller innhaldsord.
  • Bruk helst ikkje «han» og «ho», sei heller namnet på personane.
  • Nokre synshemma har følgjeperson/assistent. Snakk alltid til personen det gjeld. Følgjepersonen/assistenten eller tolken er hjelpemiddel.
  • Munnleg informasjon må kunne supplerast med informasjon som er tilgjengeleg i forskjellige format: storskrift, punktskrift, lyd eller elektronisk via nett, mobil eller e-post.

Munnleg kommunikasjon med høyrselshemma

  • Snakk tydeleg og ikkje for fort eller for sakte. Bruk normal talestemme.
  • Stå i passe nær avstand, slik at personen kan sjå munnen til den som snakkar.
  • Stå vend mot den høyrselshemma. Ikkje snakk med ryggen til.
  • Unngå motlys, altså å ha lyskjelda bak deg. Det hindrar munnavlesing.
  • Gjenta nye ord.
  • Bruk gjerne handrørsler i direkte samtale. Om nødvendig kan du notere ned viktige stikkord på papir.
  • Telefonsamtalar er særleg krevjande. Sjå til at informasjonen når fram.
  • Gjenta bodskapen og forsikre deg om at han er forstått.

Bekreft med tekstmelding når ein avtale er gjord.

Teknisk utstyr og andre hjelpemiddel:

  • FM-utstyr og IR-anlegg er viktig utstyr i det offentlege rom.
  • Teleslyngje må installerast og testast ofte. Bruk helst lokale med fastmontert teleslyngje.
  • Det bør vere fleire mikrofonar til teleslyngjeanlegget: éin til møteleiaren og minst to trådlause til innspel ved større møte.
  • Mobile FM-anlegg er nyttige i møte- og konferanselokale.
  • Teiknspråktolk er nødvendig for døve.
  • Utstyr for skrivetolk som PC og videoutstyr er viktig for å kompensere for høyrselstap gjennom skriftspråk, bilete og andre visuelle informasjonskjelder.
  • Sjekk på førehand at det tekniske utstyret fungerer som det skal.
  • Høyreapparatforhandlarar som formidlar høyrselsteknisk utstyr, har god informasjon på nettsidene sine.
  • Hjelpemiddelsentralen kan gi opplysningar om alle høyrselstekniske hjelpemiddel.

 

Bygningar og uteområde

Offentlege bygningar og uteområde skal kunne brukast av alle, uavhengig av funksjonsevne. Både tenesteytarar og tenestemottakarar – til dømes publikum, besøkjande, bebuarar, pasientar, klientar, studentar og tilsette – bruker bygg og uteområde.

Døme

Døme 1: parkering

Manglande parkering for personar med rørslehemming vil hindre mange i å delta i arbeidslivet eller besøkje verksemder.

Statlege verksemder må derfor sørgje for

  • at det finst parkeringsplassar som er reserverte for rørslehemma
  • at parkeringsplassane er plasserte nær hovudinngangen
  • at parkeringsplassane er godt nok opplyste og tydeleg skilta og merkte
  • at det finst av- og påstigingsplassar for drosje/transport nær hovudinngangen
Døme 2: tunge dører

Mange dører i offentlege bygg er laga for å hindre at ein brann skal spreie seg. Når dørene er tunge, er det viktig med automatisk døropnar. Døropnar for automatiske dører skal monterast utanfor slagradiusen til døra. Han skal vere godt synleg og må vere plassert slik at rullestolbrukarar kan nå han.

Det må vere god nok avstand frå innvendig hjørne.

Døme 3: kommunikasjonsvegar inne

Det skal vere lett å orientere seg i bygningar. Her er nokre ting du må passe på:

  • Trapper har farefelt framfor toppen av trappa og i heile trappebreidda.
  • Det er god kontrast mellom vegg og dør og mellom dør og golv.
  • Belysninga er god, slik at ein unngår blending og refleksar.
  • Potteplantar, skilt og liknande må ikkje hindre fri passasje.

 

Døme 4: tilkomst til arbeidsbygg

God tilkomst kan vere ei utfordring i mange verksemder. Tilsette med funksjonshemmingar får ofte ikkje tilgang til jobblokale før og etter normal arbeidstid, for på kveldstid må dei tilsette gå gjennom sluser med tilgangskort, og desse slusene er ikkje alltid tilpassa til dømes til rullestolbrukarar. På dagtid kan større tilgangsportar opnast manuelt frå resepsjonen.

Lovverk

Diskriminerings- og tilgjengelova
  • Diskriminerings- og tilgjengelova gjeld både for nye og eksisterande bygg.
  • Ei verksemd som held til i utilgjengelege lokale, kan bli klaga inn for Likestillings- og diskrimineringsombodet.
Plan- og bygningslova
  • Plan- og bygningslova gjeld nye bygg. Det står om universell utforming i formålsparagrafen til lova.
  •  Plan- og bygningslova stiller mange krav til branntryggleik.
  • Plan- og bygningslova gir heimel til å fastsetje forskrifter om oppgradering av eksisterande bygningar, anlegg og uteområde.
Byggteknisk forskrift (TEK 17)
  • Byggteknisk forskrift stiller konkrete krav til universell utforming av bygg og nærliggjande omgivnader.
  • Forskrifta trekkjer opp grensa for det minimum av eigenskapar eit bygg må ha for å kunne oppførast lovleg i Noreg.
  • Det er lov – og ofte klokt – å prosjektere og byggje betre enn minimumskrava.
  • Krav til universell utforming av bygningar og uteområde står sentralt i byggteknisk forskrift.
  •  Teknisk forskrift inneheld mykje om tryggleik i bygningar, spesielt branntryggleik.

Direktoratet for byggkvalitet kan gi rettleiing om tekniske krav til byggverk.

Standardar

Dersom du ønskjer å gå utover det som er gitt i byggteknisk forskrift (TEK 17), er det naturleg å nytte standardar og rettleiingar.

NS 11001 Universell utforming av byggverk:

Del 1 av standarden tek for seg universell utforming av alle typar arbeidsbygg, publikumsbygg og tilhøyrande uteområde. Krava i standarden er gjennomførbare og kan nyttast både ved nybygging og hovudombygging. Del 2 av standarden tek for seg bustader.

NS 11005 Universell utforming av opparbeidde uteområde:

Standarden stiller krav til og kjem med tilrådingar om universell utforming til ulike typar opparbeidde uteområde.

Standardar kan kjøpast hos Standard Norge.

Tilstandsregistrering

For å finne ut om verksemda oppfyller krava til universell utforming, må du kartleggje tilgjengelegheita:

  • Skaff ei oversikt over kva delar av bygget som ikkje oppfyller krava til universell utforming.
  • Oppgi kva delar av bygget som har redusert tilgjengelegheit, og kva grupper av brukarar som blir ramma.
  • Beskriv kva aktivitetar og tilbod som ikkje kan nyttast.

Registreringsverktøy: Bygg for alle

I Statsbygg sitt registreringsverktøy «Bygg for alle» blir alle bygningselement langs ei rute og fram til utvalde besøksmål i bygget registrerte. Ruta blir vald slik at dei aktuelle kommunikasjonsvegane og dei relevante besøksmåla blir tekne med. Illustrasjonen viser rørsleruter (grøne) mellom besøksmåla (gule) og utfordringar på vegen (blå). God tilgjengelegheit føreset at ein kan nå alle besøksmål via gode nok rørsleruter utan hindringar.

Registreringsverktøy: IK-bygg

I registreringsverktøyet IK-bygg (internkontroll for bygg) kan byggeigaren sjølv sjekke om bygget rettar seg etter krava frå myndigheitene. Det gir god kontroll og oversikt ved eventuelle tilsyn. IK-bygg er utvikla av Kommunalteknisk forening i samarbeid med mellom andre Direktoratet for byggkvalitet.

Døme på metode: sjekklister

Ei sjekkliste er eit nyttig verktøy når du vil få oversikt over kva som skal kontrollerast, og kva som bør utbetrast. Ei sjekkliste fungerer òg som hugseliste. Registreringsverktøyet «IK-bygg» er ei overordna sjekkliste, og «Bygg for alle» frå Statsbygg kan reknast som ei detaljert og avansert sjekkliste. Mange kommunar og fylkeskommunar har utvikla sine eigne sjekklister. Det er viktig å velje ei sjekkliste som er tilpassa bygget og lokala du undersøkjer. Nokre lister er generelle, mens andre er spesifikke ned på detaljnivå. Om du får god nok oversikt, er avhengig av om sjekklista er eigna for bygget og lokala som skal undersøkjast. Sjekklista må vere oppdatert i samsvar med det gjeldande lovverket.

Analyse av funn frå tilstandsregistrering

Manglar som blir avdekte i tilstandsregistreringa, kan vere av ulik karakter. Nokre manglar kan ramme mange, mens andre kan ramme få. Kostnaden for å utbetre manglane kan òg variere. Enkelte manglar er det heilt nødvendig å utbetre, mens andre er mindre viktige. Nødvendige tiltak kan inngå i det planlagde drifts-, vedlikehalds- og utviklingsarbeidet og dermed gjennomførast utan unødvendig meirkostnad for verksemda.

Utbetringstiltak bør kategoriserast etter «NS 3454 Livssykluskostnader for byggverk – Prinsipper og struktur».

I denne standarden skil ein mellom

  • driftstiltak (oppgåver som kan utførast av vaktmeister)
  • vedlikehaldstiltak (til dømes ei dør som må skiftast)
  • utviklingstiltak (store utbetringar og nybygg)

Utbetring: Tiltaksplan for det enkelte bygget

Når du har kartlagt behova for universell utforming, må tiltaka prioriterast og samordnast med andre aktuelle tiltak. Det kan påverke prioritering og val av løysingar. Kampen om økonomiske ressursar gjer det vanskeleg å oppnå universell utforming fullt ut. Når ein skal prioritere tiltak, bør ein derfor gjere greie for vurderingane ein legg til grunn. For å sikre god kvalitet er det viktig å vurdere det enkelte tiltaket for universell utforming gjennom heile byggjeprosjektet.

Branntryggleik

Branntryggleik er spesielt nært knytt opp mot lovgivinga og reguleringa elles i plan- og bygningslova. I forskrift om tekniske krav til byggverk (byggteknisk forskrift) til plan- og bygningslova står det mykje om tryggleik. Universell utforming kan komme i konflikt med branntryggleiken.

Døme:

  • Tunge branndører er vanskelege å hanskast med for personar med nedsett styrke og muskelkraft.
  • Heis er nødvendig for rullestolbrukarar, men kan som oftast ikkje brukast ved brann.
  • Plassering av elektrisk utstyr kan komme i konflikt med brannforskrifta.
  • Brannslangar og brannsløkkingsapparat kan vere vanskelege å nå.

Kjenneteikn på god branntryggleik:

  • Ein overordna beredskapsplan
  • Gjennomført risikovurdering også for personar med nedsett funksjonsevne
  • Forbetringstiltak i bygningar og/eller organisatoriske forbetringstiltak
  • Visuell varsling i tillegg til lyd (til dømes blinkande varsellampe, melding på dataskjerm, SMS, personleg varsling)
  • Oversikt over tilsette og besøkjande som treng assistert evakuering, og plan for slik evakuering (personlege evakueringsplanar)
  • Evaluering av planar, rutinar og regelmessig gjennomføring av brannøvingar
Tryggleiksrutinar

Alle som nyttar offentlege og allment tilgjengelege byggverk ute eller inne, skal kunne rekne med at tryggleiken er vareteken på ein forskriftsmessig og forsvarleg måte.

Arbeidsgivaren har ansvar for at arbeidsmiljøet fremjar tryggleik og beredskap og vernar mot skade på personar, eigedom, utstyr og miljø. Verksemda må øve på tryggleiksrutinane for å vere sikker på at dei fungerer.

Informasjonstryggleik

Sikring mot datainnbrot må ikkje skape for store påloggingsproblem for brukarane.

Sikring mot fall og ulykker

Tryggleik kan òg dreie seg om sikring mot fall og ulykker. Når ein til dømes skal varsle om farleg glatte golv ved boning og vasking, må ein gi informasjonen både visuelt og auditivt.

Personalpolitikk

Her er nokre forslag til tiltak og rutinar som kan gjere verksemda di til ein endå betre arbeidsplass for alle. Tiltaka må vere i tråd med arbeidsmiljølova, aktivitetsplikta i diskriminerings- og tilgjengelova og avtalen om eit inkluderande arbeidsliv .

Arbeidsgivaransvar og HMS

Arbeidsgivaren har ansvar for at arbeidsmiljøet er forsvarleg på alle måtar. Sørg for at kunnskap om korleis ein skal leggje til rette for ulike typar funksjonsnedsetjing, blir bygd inn i verksemda sitt helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS). Universell utforming er understreka som eit viktig prinsipp i rettleiing til forskrift om arbeid med dataskjerm.

Arbeidstilsynets referanse til nyttige forskrifter og rettleiingar

Rekruttering og tilsetjing

Statlege verksemder må ta i bruk kompetansen og arbeidskrafta som personar med nedsett funksjonsevne representerer, og leggje arbeidsplassane til rette dersom det er nødvendig.  Sjå Statens personalhåndbok.

1.   Sørg for aktiv rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne i jobbannonse.

2.   Ei traineeordning opnar for jobb i det offentlege. Traineeprogrammet  er eit tilbod til personar med høgare utdanning og redusert funksjonsevne som ønskjer å jobbe i forvaltinga.

3.   Kall inn minst éin kvalifisert søkjar med nedsett funksjonsevne til intervju (jf. forskrift til lov om statens tenestemenn m.m. § 9 Funksjonshemmet/yrkeshemmet søker).

5.   Visste du at arbeidsgivaren kan tilsetje ein funksjonshemma søkjar sjølv om andre er betre kvalifiserte? Den tilsette må likevel vere tilnærma likt kvalifisert som best kvalifiserte søkjar. (Statens personalhåndbok 2.1.2.1 Kvalifikasjonsprinsippet)

6.   Undersøk hos NAV kva lønnstilskot som finst.

7.   Ha ein oppstartssamtale med den nytilsette for å avklare kva behov det er for tilrettelegging.

Seniorpolitiske tiltak

Eldre arbeidstakarar har ofte redusert funksjonsevne og er mindre uthaldande. For at denne gruppa skal kunne velje å stå lenger i arbeid, må verksemda leggje til rette for det ved hjelp av 

  • gradvis lågare stillingsprosent
  • heimekontor
  • redusert arbeidstid
  • god oppfølging og tilrettelegging av arbeidsoppgåvene
  • tenestefri med lønn i samsvar med Statens personalhåndbok og hovudtariffavtalen

Organisering av arbeid

Tenk på korleis arbeidsoppgåvene og organiseringa av arbeidet kan varierast. Det kan vere avgjerande for om ein tilsett med varig eller mellombels nedsett funksjonsevne kan bli i jobb. Det gjeld òg ved rekruttering av nye tilsette.

  • Har verksemda fleksible løysingar?
  • Korleis er arbeidsmengda?
  • Har arbeidstakaren ein konkret arbeidsinstruks?
  • Blir denne følgd opp dersom det oppstår skade eller sjukdom?

Nedanfor kjem nokre forslag til alternative arbeidsformer.

Gode rutinar og tid til å gjennomføre oppgåvene. Oversikt over eigne aktivitetar og oppgåver gjer det lettare å prioritere ved stor arbeidsbelasting og bidreg til å redusere stress og dermed minske risikoen for helseskade.

Verksemda bør vurdere om det er mogleg å setje ut arbeidsoppgåver til andre tilsette i ein kortare periode. Vurder kva type arbeidsoppgåver som enkelt kan overførast til andre. Sørg for at det er ein god dialog mellom arbeidsgivaren og dei tilsette, og sørg for god oppfølging. Samarbeid med kompetente fagfolk innanfor helseteneste og bedriftshelseteneste for å finne rett arbeidsmengd.

Gode samarbeidsrutinar og endra bemanning kan minske stress og dårleg meistring av arbeidsoppgåvene. Godt samarbeid vil hindre kjensla av og presset ved å vere åleine om ansvarsfulle oppgåver. Det vil i tillegg sørgje for at det alltid er andre som kjenner arbeidsfeltet og kan overta oppgåvene.

Rotering mellom ulike arbeidsoppgåver (jobbrotasjon) og utviding med nye arbeidsoppgåver (jobbutviding) gir variasjon i arbeidet, og ein unngår einsidig belasting.

Hospitering i andre avdelingar kan gje tilsette får nye impulsar og ny kunnskap. Det kan hindre dei i å bli utbrende og kan gi krefter til å ta fatt på eigne arbeidsoppgåver på nytt.

Tilsette med funksjonsnedsetjingar vil ofte ha behov for større fleksibilitet.

Fjernarbeid er ein annan måte å organisere arbeidet på. Typisk fjernarbeid i dag er kontorarbeid som blir utført ved hjelp nett-tilkopling til arbeidsplassens datasystem.

Fjernarbeid i form av heimearbeid kan gjere det lettare for funksjonshemma å fungere i arbeidslivet.

For enkelte kan deltidsarbeid vere løysinga på å klare belastinga i ei stilling med stort arbeidspress. 

Tilrettelegging

Det er mange forhold å vere merksam på i tilretteleggingsprosessen:

  • Arbeidstid og arbeidsoppgåver kan tilpassast.
  • Fysiske hindringar og manglar på arbeidsstaden må vurderast.
  • Uheldige haldningar og fordommar kan finnast.
  • Dei individuelle føresetnadene til personen må samsvare med krava han eller ho møter på arbeidsplassen.
  • Hugs at tilrettelegginga skal fjerne eller redusere gapet mellom føresetnadene til personen og krava frå arbeidsplassen.
  • Hugs at arbeidsevna er avhengig av arbeidskrav og tilrettelegging, ikkje berre funksjonsevna til personen.

Fadderordning

Ei fadderordning kan vere med på å lette overgangen til arbeidslivet for alle nytilsette. Ordninga bør vere eit tilbod til alle nytilsette.

Utvida fadderordning

Alle nytilsette med nedsett funksjonsevne bør få tilbod om ei utvida fadderordning med faste rammer og klar arbeidsinstruks.

Intern kommunikasjon

God kommunikasjon med kollegaene og arbeidsgivaren er svært viktig for at du skal trivast på ein arbeidsplass. Det er ikkje alltid så lett for personar med sansetap.

Her er noko du bør tenkje på:

  • Har kollegaene og arbeidsgivaren nok kunnskap om korleis dei kan kommunisere med kollegaer som høyrer eller ser dårleg?
  • Mange høyrselshemma går til dømes glipp av viktig informasjon. Ofte spør dei ikkje opp igjen, for dei vil ikkje verke masete og kravstore.
  • Sørg for at all internkommunikasjon er lagd til rette for alle. All viktig informasjon må bli gitt elektronisk eller alternativt i trykt format.

Internopplæring

Eit generelt kurs om korleis dei tilsette skal kommunisere med høyrselshemma og synshemma, kan vere nyttig. Inviter gjerne representantar frå brukarorganisasjonar til å halde foredrag. Ikkje be høyrselshemma kollegaer om å snakke i plenum om høyrselstapet. Vanskar blir då knytte til ein konkret person i staden for å bli eit generelt tema som er nyttig for alle. Ved ikkje å knyte det til ein enkeltperson unngår du å stigmatisere ein kollega.

Under tiltaksområdet «Informasjon» finn du konkrete råd om korleis du best kan kommunisere med høyrsels- og synshemma.

Velferdstiltak

Skal folk trivast og oppleve meistring på arbeidsplassen, er det viktig at dei føler seg inkluderte.

Når ein skal arrangere velferdstiltak, må ein sørgje for at alle kan delta.

Korleis kan ein inkludere fleire?

  • Vel lokale med god akustikk. Då er det lettare for høyreapparatbrukarar og eldre arbeidstakarar med nedsett høyrsel å delta.
  • Ha alternativ kantinemat for dei med matallergi eller matintoleranse. Sørg til dømes for glutenfrie alternativ. (Ha alltid meir enn eitt alternativ.)
  • Vel gjerne lokale som er delte inn i fleire soner med skiljeveggar. Det dempar støyen i rommet. Mykje av den nyttige idéutvekslinga og den faglege drøftinga skjer i uformelle samankomstar når kollegaer møtest. Høyrselshemma går glipp av viktig informasjon dersom desse samtalane skjer i støyande omgivnader.
  • Vel restaurantar og barar med røykfritt uteområde når de arrangerer utepils og treff etter arbeidstid. Trass i røykjelova kan det vere vanskeleg for astmatikarar og allergikarar enkelte stader.
  • Sørg for at julebordet eller sommarfesten blir arrangert på ein stad som òg er tilgjengeleg for rullestolbrukarar.
Inventar og utstyr

Inventar og utstyr må kunne brukast av alle arbeidstakarar i størst mogleg grad. Det krev gode fellesprodukt. Enkelte vil likevel ha behov for personlege hjelpemiddel for å få individuell tilpassing av møblar og utstyr.

Tilpassing av arbeidsplassen er ei oppgåve for den HMS-ansvarlege i verksemda.

Resepsjon

Resepsjonen er inngangen til verksemda og skal ta imot alle gjester og tilsette. Det må vere lett å orientere seg og komme i kontakt med resepsjonisten

  • Informasjonstavle og skilt med informativ tekst, god kontrast og lesbar skrifttype
     og punktskrift
  • Retningsindikator (til dømes ein løpar) frå inngangsdøra og fram til skranken
  • Regulerbar eller låg skranke, slik at også rullestolbrukarar kan få augekontakt med resepsjonisten
  • Teleslyngje i skranken og teleslyngjesymbol som opplyser om dette
  • Belysning som er plassert slik at ein unngår blending og refleksar
  • Venteområde med stolar som det er lett å komme seg opp av
  • Plantar og dekor som ikkje er allergiframkallande
Møterom

Møterommet skal kunne brukast av alle, og bodskapen skal kunne formidlast til alle.

  • Tekniske installasjonar:
  • Brukarvennleg beteningspanel for projektor og liknande
  • Lysbrytarar som er monterte i rett høgd
  • Fastmontert teleslyngje eller teleslyngje til utlån
  • Mikrofon og høgtalarar for samtaleforsterking
Møblering:
  • Fleksibel romløysing med stolar og bord som kan flyttast på
  • Talarstol om kan hevast og senkast
Anna:
  • Teppe er lyddempande, men problematiske for allergikarar.
  • Vel plantar som ikkje gir allergiske reaksjonar.
  • Set i verk lyddempingstiltak for å forbetre akustikken.
Kontor

Kontoret må kunne tilpassast den tilsette.

Møblering:
  • Tilbod om heve-og-senke-bord
  • Kontorstol som kan regulerast både i høgda, ryggen og setet
Teknisk utstyr:
  • Temperaturregulering og lysbrytarar som er godt merkte, og som ein kan nå når ein sit
  • Tilbod om å tilpasse PC-en med større skjerm, alternativt tastatur og mus
  • Både direkte og indirekte belysning
Storleik:
  • Kontor som er stort nok til at ein rullestolbrukar kan snu
  • Plass til nødvendig ekstrautstyr
  • Plass til personleg assistent for dei som treng det
Kopirom
  • Kopirommet må vere romsleg nok til at alle får tilgang til utstyret.
  • Utstyret må vere plassert slik at det kan nyttast av rullestolbrukarar.
  • Beteningspanelet må kunne brukast når ein sit.
  • Betenings-/brukardialogen må vere lett å bruke.
  • Beteningspanel med trykkskjerm er vanskeleg å bruke for synshemma viss panelet ikkje har funksjon for opplesing.
Kantine

Skal kantina kunne brukast av alle, er det fleire ting det er viktig å hugse på:

  • Lett tilgjengeleg informasjon om ingrediensar i maten
  • Allergivennleg mat, til dømes utan mjølk eller gluten
  • Tiltak for å betre akustikk og etterklang, til dømes lyddempande plater i tak, gardiner, skjermdelar, knottar på stolar
  • Høve til å regulere lyset

Alle må ha høve til å kunne forsyne seg i disken og kjøpe mat sjølve, og alle må ha høve til å rydde opp etter seg. Det vil seie at plasseringa må vere slik at også rullestolbrukarar kjem til.

IKT

Nettsider

Det er lovpålagt med universell utforming av nettsider.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har ansvaret for å følgje opp forskrift om universell utforming av IKT. På Difi sine nettsider om universell utforming finn du informasjon om korleis du kan oppfylle krava i forskrifta.

Digitalt førsteval:

Digitalt førsteval betyr at kontakten med det offentlege først og fremst skal gå gjennom digitale kanalar.

Nettbaserte sjølvbeteningsløysingar må vere universelt utforma for at digitalt førsteval skal kunne gjennomførast.

Skjemaa må vere utforma i tråd med retningslinjer og krav for nettsider (forskrift om universell utforming av IKT).

For den offentleg forvaltinga gjeld òg definerte IKT-standardar og filformat som skal brukast. Det finn du i referansekatalogen.

Stilar

Bruk innebygde stilar i tekstbehandlaren for å markere overskrifter, kulepunkt og liknande. Det gjer teksten meir lesbar for alle og gir ei automatisk generert innhaldsliste.

Automatar

Automatar med trykkskjermar utan lyd er vanskelege å bruke for synshemma. Universell utforming av automatar er lovpålagt, jf. forskrift om universell utforming av IKT.

Køsystem, billettautomatar og  minibankar er døme på automatar.

Telefon

Dersom verksemda bruker mobiltelefon, bør dei tilsette få velje mellom fleire typar. Då kan dei tilsette velje ein telefon med

  • kjent menysystem
  • høve til å leggje inn program og bruke ekstrautstyr
  • ønskt fysisk utforming
IKT i bygg

IKT i bygningar:

  • Nøkkelkortlesarar og tilgangssystem
  • Elektroniske informasjonstavler
  • Styrings- og beteningspanel, til dømes i heisen

IKT i bygg er regulert av teknisk forskrift til plan- og bygningslova.

Datautstyr på arbeidsplassen

PC-en må kunne tilpassast med ekstrautstyr og personlege hjelpemiddel:

  • Tastatur med store tastar
  • Alternativ mus
  • Leselist (for blinde)

Det må kunne installerast ekstra programvare for dei som treng det:

  • Skjermlesar
  • Skjermforstørrar

Tilsette som treng ekstra programvare, kan ha problem med tynnklientar. Tynnklientar er terminalar der alle program blir køyrde på ein sentral server og ikkje er installerte på PC-en til den enkelte. Det er derfor ikkje mogleg å leggje inn program sjølv. Ein treng til dømes eigne program til leselister.

 

Publisert 11. mars 2015.
Oppdatert 20. mars 2018.