Om tilskotsordninga

  • Beløp (år): Løyvinga til driftstilskot blir vedteke av Stortinget og var i 2019 på kr 199 358 000.
  • Søknadsfrist: Søknadsfrist for tilskot i 2020 er 25.10.2019. Sjå under "kunngjering" nedanfor for meir informasjon. 
  • Rapporteringsfrist: Det er inga særskilt rapportering på denne ordninga. Rapporteringa utgjer ein del av sjølve søknaden.
  • Kven kan søkje: Frivillige og demokratiske nasjonale organisasjonar av og for funksjonshemma kan søkje om tilskot.
  • Regelverk for ordninga. NB! Merk at ordninga er gjort om til forskrift frå 2019. 
  • Søknadsskjema: Ligger i Bufdir sin søknadsportal

  • Informasjon om endring av regelverket til forskrift: 
    Bufdir heldt fredag 9. november 2018 eit informasjonsmøte for å orientere om prosessen som er igangsett for å gjera om dagens regelverk til forskrift. Møtet var direktesendt på nett. Les meir om høyringsprossen for forskrifta her. Sendinga og presentasjonane frå møtet finn du her:
Mål for ordninga

Føremålet med ordninga er å leggje til rette for deltaking i organisasjonen, og for at organisasjonane kan drive interessepolitisk arbeid, likepersonsarbeid og gi eit tilbod til eigne medlemer.

Kunngjering for 2019

Kunngjering av statstilskot for 2020, kap. 0352 post 70 – tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

 

1. Viktig informasjon til alle søkjarar

Bufdir ber alle organisasjonar som skal søka driftstilskot i 2020 om å setja seg godt inn i det som står i denne kunngjeringa , særskilt punkt 4 (for dei som fekk tilskot i 2019) og punkt 5 (for dei som er nye søkjarar i ordninga). Hovudpunkt for årets søknad er som følgjer:

  • Søknadsfrist er fastsett til fredag 25. oktober.
  • Send inn søknad elektronisk via Bufdirs digitale søknadsportal (sjå lenkje øvst på denne nettsida)
  • Frå og med søknaden i år er det ikkje lengre eit krav om å leggja ved særattest på medlemstal frå revisor.
  • Det er fastsett eit nytt regelverk (ei forskrift) for tilskotsordninga som er gjeldande frå og med årets søknad. Lenkje til forskrifta finst lengre oppe på denne nettsida.
  • Endringar i ordninga vert gått gjennom på eit eige informasjonsmøte i starten av oktober. Der vil vi òg gå gjennom sjølve søknadsprosessen. Påmeldingsskjema og dato for møtet vert publisert her i veke 40 og i tillegg sendt per e-post til tilskotsmottakarane for 2019.
  • Kravet om at medlemsregisteret skal ha opplysingar om lokallagstilknytinga til medlemmar, og kravet om at eit lokallag må ha minst ein medlemsretta aktivitet i året (utover årsmøtet), trer i kraft først f.o.m. grunnlagsåret 2020 (tilskotsåret 2022). Sjå forskrifta § 45.

2. Formål og målgruppe

Målgruppa for tilskotsordninga er frivillige og demokratiske organisasjonar for funksjonshemma som baserer seg på individuelt medlemskap, og som jobbar mot diskriminering og for likestilling av personar med funksjonsnedsetjingar. Formålet med tilskotsordninga er å leggja til rette for at medlemmane i organisasjonen kan delta, og at organisasjonane kan driva interessepolitisk arbeid, likepersonsarbeid og gje eit tilbod til eigne medlemmar. Sjå forskrifta § 1.

3. Grunnlag for berekning av tilskot for 2020

Følgjande kriterium gjev poeng i 2020, med grunnlagsår 2018 (sjå forskrifta § 19):

  • talet på teljande medlemmar,
  • talet på teljande lokallag,
  • talet på aktivitetsdagar med teljande likepersonsaktivitetar,
  • talet på teljande likepersonar,
  • andre formar for erfaringsutveksling (m.a. likepersonstelefon).

Tilskotet blir rekna ut etter ein modell der det vert tildelt poeng basert på dei nemnde kriteria, som så vert ganga med ein faktor basert på gruppeplassering. Kvart poeng får deretter ein kroneverdi basert på den totale summen poeng for alle tilskotsmottakarane delt på den totale summen tilskot til fordeling. Sjå forskrifta §§ 17-20.

4. Informasjon til organisasjonar som fekk driftstilskot i 2019


Utfasingstilskot

Organisasjonar som ikkje tilfredsstiller inngangskrava i ordninga (minst 250 medlemmar og/eller medlemmar i minst fire fylke) og som heller ikkje kan søka unntak på grunnlag av at ein organiserer ein sjeldan diagnose, kan i staden søka om utfasingstilskot. Dette er eit eige val i søknadsskjemaet. Utfasingstilskotet blir rekna ut likt som for ordinære tilskotsmottakarar og vert gjeve for ein periode på inntil tre år. Sjå forskrifta § 25. Organisasjonar kan bli plasserte på utfasingstilskot av Bufdir sjølv om ein ikkje søker om dette, dersom ein ikkje tilfredsstiller dei tidlegare nemnde inngangskrava.

Vedlegg til søknaden og ettersending
Sjå nærare informasjon om dette under «Korleis søkje» lengre nede på denne nettsida. Ettersendingar vert ikkje godteke med mindre det finst særskilde omstende for dette.

Dispensasjonar
Bufdir kan for søknaden i 2019 (tilskotsåret 2020) samt søknaden for neste år, løyva dispensasjon frå krav til vedtektsendringar dersom ein organisasjon må gjennomføra store organisatoriske eller administrative endringar for å oppfylla nye krav i regelverket. Dette vil berre bli gjort i særskilde tilfelle. Sjå forskrifta § 45. 

Det er frå og med tilskotsåret 2020 ingen overgangsregler for berekning av tilskot, slik det har vore i perioden 2014-2019.

5. Informasjon til organisasjonar som ikkje fekk driftstilskot i 2019 (nye søkjarar)


Tilskotsrett

Søknaden dykkar vil i tillegg til å vera ein søknad om driftstilskot vera ein søknad om retten til tilskot, og ein må tilfredsstilla alle krava i forskrifta § 14. Desse er:

  • Organisasjonen må ha minst 250 teljande medlemmer og teljande medlemmer med bustadadresse i minst fire fylke. Sjå forskrifta § 14 bokstav a og b. Organisasjonar som organiserer personar med sjeldne diagnosar kan få unntak frå dette kravet. Sjå forskrifta § 15.
  • Organisasjonen må ha eksistert i to år og må kunna dokumentera dette gjennom årsmelding og revidert årsrekneskap for dei siste to åra før søknadsåret, dvs. 2017 og 2018. Sjå forskrifta § 14 bokstav o.
  • Organisasjonen må gjennom vedtektene sine sikra at personar med funksjonsnedsetjingar og deira pårørande har fleirtal i alle styrande organ nasjonalt, regionalt og lokalt. Sjå forskrifta § 14 bokstav k.
  • Medlemmane til organisasjonen skal hovudsakeleg vera personar med funksjonsnedsetjingar og/eller deira pårørande. Organisasjonen skal ha som formål å betra levevilkår for personar med funksjonsnedsetjingar, og medlemmane skal vera representative og jobba for samfunnsmessig likestilling for gruppa ein organiserer. Sjå forskrifta § 14 bokstav c, d, e og f.
  • Organisasjonsverksemda kan ikkje vera i strid med norsk lov. Sjå forskrifta § 14 bokstav h.
  • Organisasjonen må driva på eit ideelt og ikkje-kommersielt grunnlag og ha ei medlemsbasert, demokratisk oppbygging. Sjå forskrifta § 14 bokstav g, i, j, l, m og n.
  • Organisasjonen må ha organisasjonsnummer, dvs. at han må vera registrert i Enhetsregisteret. Sjå forskrifta § 14 bokstav p.

Vedlegg til søknaden og ettersending
Sjå nærare informasjon om dette under «Korleis søkje» lengre nede på denne nettsida. Ettersendingar vert ikkje godteke med mindre det finst særskilde omstende for dette.

Dispensasjonar
Bufdir kan i særskilde tilfelle gjera unntak frå kravet om at organisasjonen må ha vore i drift i minst to år. Søkjar må i dette tilfellet legga ved ei grunngjeving i søknaden om kvifor ein skal ha slik dispensasjon. 

Målgruppe

Målgruppa for tilskotsordninga er medlemmane i funksjonshemma sine organisasjonar.

Kva kan eg søkje om tilskot til?

De kan søkje om driftstilskot. Driftstilskot skal gå til oppgåver som normalt er ein del av den interne og eksterne kjerneverksemda i organisasjonane i samsvar med vedtekter, føremål og aktivitetsplanar.

Korleis søkje?

Søk om tilskot ved å fylle ut og sende inn skjema i Bufdir sin søknadsportal. Altinn-skjema skal ikkje lenger nyttast.

  • Ha nødvendige vedlegg klare til opplasting når de set i gang søknadsutfyllinga.

Vedlegg til søknad

For alle søkjarar:

  • Årsrekneskap for 2018 med revisjonsmelding, og ei oversikt spesifisert på kontonivå (etter den kontoplanen som blir brukt – ta kontakt med oss dersom de ikkje fører rekneskap etter ein standard kontoplan).
  • Årsmelding for 2018. Årsmeldinga skal som minimum skildra aktivitetane og drifta i 2018 og skal normalt vera styret si årsmelding.
  • Gjeldande vedtekter. Dersom desse er endra sidan sist søknad skal vedtektsendringar vera markerte i dokumentet.
  • Skildring av det interessepolitiske arbeidet til organisasjonen i 2018. Dersom dette er dekt i skildringar i årsmeldinga, er det ikkje naudsynt å leggja dette ved separat.
  • NB! Krav om særattestasjon frå revisor er fjerna frå 2019.

For nye søkjarar:

  • Årsrekneskap for 2017 med revisjonsmelding, og ei oversikt spesifisert på kontonivå (etter den kontoplanen som blir brukt – ta kontakt med oss dersom de ikkje fører rekneskap etter ein standard kontoplan).
  • Årsmeldinga for 2017. Årsmeldinga skal som minimum skildra aktivitetane og drifta i 2017 og skal normalt vera styret si årsmelding.
  • Gjeldande vedtekter for organisasjonen.
  • Skildring av det interessepolitiske arbeidet til organisasjonen i 2017. Dersom dette er dekt i skildringar i årsmeldingane, er det ikkje naudsynt å leggja dette ved separat.

Kven skal sende inn søknaden

Dagleg leiar eller styreleiar i organisasjonen, eventuelt ein annan person styret har gjeve fullmakt (dagleg leiar eller styreleiar må i så fall signera eit fullmaktsskjema som må lastast opp saman med søknaden, slik at ein følgjer signaturreglane etter regelverket). Sjå forskrifta § 28. Skjemaet finn de under "malar og skjema" nedanfor på denne sida.

Eg har sendt inn søknad. Kva no?

Saksgang

Når søknadsfristen går ut, vil vi setje i gang med saksbehandlinga. Dersom vi oppdagar manglar eller feil i ein søknad, kan vi ta kontakt med dykk med ein frist for korreksjonar og ettersendingar.

Når og korleis får eg vite om eg får tilskot?

Vi tek sikte på at vi er i mål med saksbehandlinga i februar månad, og at tilskots- og avslagsbrev og utbetaling vil kunne sendast ut i slutten av februar. Dette vil likevel kunne variere noko frå år til år.

Høve til å klage – korleis klagar eg?

Det vil følgje med informasjon om korleis de kan klage på vedtak i vedtaksbrevet de får. Normalt er klagefristen tre veker frå de får brevet.

Ofte stilte spørsmål og presedensarkiv

Det er frå 2019 ei ny forskrift for ordninga og derfor ikkje lengre eit eige dokument med ofte stilte spørsmål eller eit presedensarkiv.

Malar og skjemaer

Det er inga særskilt rapportering på denne ordninga då rapporteringa utgjer ein del av sjølve søknaden. Rapporteringsfrist er dermed det same som søknadsfristen.

Rapporteringa skal leggjast ved søknaden og består av organisasjonane sine årsmeldingar og årsrekneskapar. Årsrekneskapen skal leverast med revisjonsmelding frå registrert eller statsautorisert revisor. Rekneskapen må vere spesifisert slik at det går fram at tilskotet er nytta etter føresetnadene.

Malar for årsrapport og likepersonsaktivitetar

Nye malar kjem.

Særattestasjon for søknad om tilskudd

Dette er fjerna frå 2019.

Fullmaktsskjema for signering av søknad

Dersom ein annan enn styreleiar eller dagleg leiar sender inn søknaden i søknadsportalen, skal det leggjast ved fullmakt. Nedanfor er eit standardskjema for slik fullmakt. Du kan gjerne nytte eige skjema eller oppsett - men dette må då innehalde dei same opplysningane som malen gjer: Namn på den som får fullmakta, namn (og gjerne organisasjonsnummer) på organisasjonen og dato og signatur frå den som gjev fullmakta (dagleg leiar eller styreleiar).

 

Ekspertutvalet

Ekspertutvalet er oppnemnt av Bufdir og skal hjelpe med råd i saksbehandlinga av tilskotsrett for nye søkjarar i ordninga og vurderingar av gruppeplassering.

Kontakt oss