Bufdir

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) ligg under Barne-, likestilling- og inkluderingsdepartementet (BLD), og er eit fagorgan på områda barnevern, barn, ungdom og oppvekst, adopsjon, familievern, likestilling og ikkje-diskriminering og vald og overgrep i nære relasjonar.

Vi er eit statleg forvaltningsorgan som ligg under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD). Hovudoppgåvene våre er innan områda oppvekst, barnevern, familievern, adopsjon, likestilling og ikkje-diskriminering og vald og overgrep i nære relasjonar.

Bufdir styrer Bufetat, som har ansvar for det statlege barne- og familievernet. Bufetat har om lag 5000 medarbeidarar i fem regionar. Direktoratet vart etter ei lovendring 1. januar 2014 fagorgan for heile barnevernet, det vil seie både det kommunale og det statlege. Vi er plassert i Oslo og har knappe 200 medarbeidarar.

På vegner av departementet handsamar vi saker knytta til barnevernslova, adopsjonslova, barnelova, ekteskapslova og rettferdsvederlag. Rettstryggleik, legitimitet, likehandsaming, ivaretaking av mangfald og sakshandsaming av høg kvalitet er sentralt for direktoratet.

Direktoratet er fagleg rådgjevar for departementet og komptetanseorgan på områda våre for sektoren, andre offentlege organ og for ålmenta. Ein viktig funksjon er å skaffe fram og formidle solid kunnskap innan ansvarsområda våre.

Bufdir har ansvar for drifta av kunnskapssenter for seksuell orientering og kjønnsidentitet (LHBT-senteret) og Statens kompetansesenter for deltaking og tilgjenge (Deltasenteret). I tillegg er vi nasjonalt kontor for gjennomføringa av EU-programmet Aktiv Ungdom (No Erasmus+). Vi forvaltar også tilskotsordningar på vegner av departementet.

Kontaktinformasjon

Bufetat

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) er organisert i fem regionar og har ansvar for det statlege barne- og familievernet. Bufetat skal gi barn, unge og familiar som treng det, tiltak med høg og riktig kvalitet i heile landet. 

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har ansvar for styringa av Bufetat. Regionane i Bufetat leverer statlege barne- og familievernstenester på vegner av staten. Ansvaret er blant anna regulert av barnevernslova og familievernkontorloven.

Bufetat tilbyr det kommunale barnevernet differensierte og spesialiserte barnevernsinstitusjonar, fosterheimar og spesialiserte hjelpetiltak i heimen. Etaten har ansvar for at tenestene drivast med forsvarleg kvalitet og at tenestetilbodet er tilstrekkeleg for behovet i folkesetnaden.

Ansvaret for rekruttering av fosterheimar ligg også i Bufetat. Etaten skal sikre at det finnast tilstrekkeleg med fosterheimar og bidra til forsvarleg kvalitet gjennom opplæring og rettleiing.

Når den kommunale barnevernstenesta har kome til at eit barn treng plassering utanfor heimen, skal Bufetat hjelpe til med å finne det tiltaket barnevernstenesta meiner er riktig, anten dette er institusjon eller fosterheim.

Bufetat har ansvar for godkjenning av private og kommunale barnevernsinstitusjonar. I tillegg har Bufetat sine regionar ansvar for handsaming av adopsjonssaker i sin region og enkelte andre tiltak retta inn mot kommunane.

Bufetat sine fem regionar

Region Aust

Dekkjer fylka Akershus, Østfold, Oppland og Hedmark. (I tillegg Oslo når det gjeld familievernet) 
Regionkontoret ligg i Oslo

Region Sør 

Dekkjer fylka Buskerud, Vestfold, Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder.
Regionkontoret ligg i Tønsberg

Region Vest 

Dekkjer fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. 
Regionkontoret ligg i Bergen

Region Midt-Noreg 

Dekkjer fylka Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. 
Regionkontoret ligg i Trondheim.

Region Nord 

Dekkjer fylka Nordland, Troms og Finnmark. 
Regionkontoret ligg i Alta.

Bufetat Senter for administrasjon og utvikling (BSA)

Bufetat Senter for administrasjon og utvikling (BSA) vart oppretta 1. januar 2013 og er ein intern tenesteleverandør for etaten sine samla oppgåver innan

  • rekneskap
  • lønn
  • personaladministrasjon/HR
  • IKT
  • arkiv/dokumentasjon

BSA skal støtte opp under Bufetat sine medarbeidarar i kvardagen deira og bidra til tilstrekkeleg kvalitet i administrative aktivitetar og prosessar.

Senteret består av 250 medarbeidarar lokalisert fleire stader i Noreg og med hovudkontor i Tønsberg.

Historia vår

I oktober 2002 la Regjeringa fram framlegg om at oppgåver fylkeskommunen hadde ansvaret for innan barnevern og familievern skulle overførast til staten. Hovudgrunninga var endra rammetilhøve.

Framlegget vart vedteke, og i 2004 vart Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) oppretta. Staten overtok då formelt ansvaret for barnevernet og familievernet frå fylkeskommunane. Oslo kommune var unntatt dette vedtaket.

Det nye statlege organet blir organisert i eit sentralt nivå, Barne, - ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), og med fem regionar på etatsnivå.

Bufdir har hovudkontor i Oslo.

Ann-Marit Sæbønes var Bufdir sin første direktør, og satt til 2010. I september 2010 tok noverande direktør, Mari Trommald, over.

Organisering

Organisasjonskart Bufdir

Organisasjonskart Bufetat

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) er underlagt Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD)

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

Bufdir er organisert i fem divisjoner, som igjen er delt i avdelingar:

Divisjon for organisasjon

Avdelingar: 

  • verksemdsstyring
  • økonomi
  • arbeidsrett
  • HR

Divisjon for kunnskap

Avdelingar: 

  • analyse
  • likestilling og universell utforming
  • oppvekst
  • kunnskapsstyring

Divisjon for digital utvikling

Avdelingar: 

  • IKT- arkitektur
  • produkt og plan
  • løysingsutvikling
  • digitale tenester

Divisjon for forvaltning

Avdelingar: 

  • barnerett
  • internasjonale tenester
  • ekteskapsrett og rettferdsvederlag
  • tilskot

Divisjon for tenester

Avdelingar: 

  • plan og koordinering
  • tenesteutvikling
  • kompetanse og implementering

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) 

Bufetat er organisert i fem regionar:

  • Region Aust
  • Region Sør
  • Region Vest
  • Region Midt-Noreg
  • Region Nord

Senter for administrasjon og utvikling (BSA)

Barne-, ungdoms- og familieetaten har også eit senter for administrasjon og utvikling (BSA).

Publisert 18. mai 2015.
Oppdatert 24. april 2017.