Alle barn som er busett i fosterheim skal med jamne mellomrom få besøk av ein person som har i oppgåve å undersøke om barnet har det bra.

Tilsynspersonen må vere personleg eigna og 

  • ha evne til å snakke med barn og ta det barnet seier på alvor
  • kunne kontorllere at barnet får god omsorg i fosterheimen
  • bidra til at barnet si rettstryggleik blir tatt vare på gjennom å varsle kommunen om det trengs

Kommunen fosterbarnet bur i har ansvar for å lære opp personar som skal føre tilsyn i fosterheimar.

Vart du nysgjerrig og vil vite meir?

Ta kontakt med kommunen du bur i for å høyre meir om det å bli tilsynsperson.

Publisert 16. mars 2017.
Oppdatert 16. mars 2017.