Fosterforeldre får rettleiing, og er ikkje åleine om oppgåva.

Ansvaret for opplæring og rettleiing av fosterheimane er fordelt mellom Bufetat og barneverntenesta i kommunen.

  • Bufetat har ansvaret for at alle fosterheimar får nødvendig grunnopplæring gjennom PRIDE. Bufetat har også ansvaret for generell rettleiing. Generell rettleiing inneber rettleiing om det å vere fosterforeldre, men ikkje rettleiing knytta til det enkelte barn.
  • Barneverntenesta i kommunen har ansvaret for den konkrete opplæringa og rettleiinga knytt til den enkelte fosterheimsplasseringa.

Oppfølging av fosterheimen og fosterbarnet

Oppfølging av barnet sin situasjon i fosterheimen inneber å hjelpe og støtte både fosterforeldra og fosterbarnet. 

Det er barneverntenesta i kommunen som har ansvar for å gje fosterheimen dei råd og den rettleiing heimen treng i samband med plasseringa av det enkelte barn - så lenge plasseringa varer. 

Barneverntenesta i kommunen har også ansvaret for å hjelpe og støtte det enkelte barn, og for å iverksetje tiltak eller gjere nødvendige endringar. Det kan til dømes hende at barnet har behov for behandlingsretta tiltak, og at det etter ei tid får behov for andre tiltak enn dei som vart sette i gong ved plasseringa. 

Behovet for konkret opplæring og rettleiing vil variere frå fosterheim til fosterheim. Det er difor viktig at barneverntenesta og fosterforeldra i fellesskap kartlegg behova, og finn fram til korleis desse best kan ivaretakast. 

Hos di lokale fosterheimsteneste finn du også eit vakttelefonnummer du kan ringje dersom du treng hjelp i krevjande situasjonar, og du ikkje får tak i den kommunale barneverntenesta.

Oppfølging av barnet sin situasjon

Den kommunale barneverntenesta sitt ansvar for oppfølging og individuell rettleiing heng nøye saman med kommunen sitt ansvar for å føre kontroll og følgje opp situasjonen til kvart enkelt barn i fosterheimen. 

Barneverntenesta i kommunen skal besøke fosterheimen så ofte som det trengst, minimum fire gonger i året, for å sikre ei forsvarleg oppfølging og kontroll av barnet sin situasjon i fosterheimen. Det vil kunne variere fra sak til sak kor ofte fosterheimen får besøk, alt etter kor stort behov barnet og fosterforeldra har for oppfølging og rettleiing.

I den første fasen etter plassering vil det ofte vere behov for tettare kontakt. Det kan også oppstå fasar seinare der det trengst tett oppfølging, eksempelvis ved skulestart, i ungdomstida eller i periodar med andre utfordringar. 

Tilsyn

Det skal førast tilsyn med fosterheimen, og det skal utførast av ein uavhengig tilsynsførar. Tilsyn er ein kontroll med fosterheimen som kjem i tillegg til den kontrollen som barneverntenesta i kommunen sjølv skal utføre. Det vert ført tilsyn med kvart enkelt barn frå plasseringstidspunktet og fram til barnet fyller 18 år. 

Oppfølging for plassering i slekt og nettverk

Fosterheimar i slekt og nettverk har same rett til rettleiing, oppfølging og vidareopplæring som andre fosterheimar. 

Tilsyn gjeld også for fosterheimsplasseringar i slekt og nettverk. 

Særleg rettleiing det første året

Opplæring og rettleiing er viktige føresetnader for vellukka fosterheimsplasseringar. Alle fosterheimar skal difor få tilbod om grupperettleiing det første året etter plassering. Aktuelle tema kan være utøving av rolla som fosterforeldre, og korleis oppgåva verkar inn på familien. 

Ein av rettleiingsmetodane som blir brukt, er grupperettleiinga Trygg base.

I Trygg base kan du som fosterforelder dele gledene og utfordringane i din nye livssituasjon med andre fosterforeldre. Du kan ta opp tema det kan vere vanskeleg å snakke med andre om. Gruppa er også ein stad for deling og utveksling av kunnskap. Trygg base-gruppa vert leia av to erfarne gruppeleiarar. Deltakarane møtest ca. ein gong i månaden. 

Rettleiing kan også gjevast i grupper for fosterforeldre som ivaretek barn med spesielle behov, eller til fosterforeldre som tek imot barn og ungdom med fleirkulturell bakgrunn. 

Vidareopplæring

Også seinare kan de ha behov for vidare kursing. PRIDE vidareopplæringsmodular er kurs for dykk som har vore fosterforeldre ei stund. 

I tillegg kan de som alt er fosterforeldre få rettleiing frå fagpersonell, og delta i samtalegrupper og ulike typar kurs.

Publisert 24. januar 2014.
Oppdatert 17. april 2015.