Ulike barn treng ulike fosterheimar. Difor kan mange forskjellige typar familiar, både gifte, sambuarar, einslege og likekjønna par vere eigna. Men alle må bli godkjent for det enkelte barnet og oppfylle visse generelle krav. 

Krav, forventningar og moglegheiter

Alder og evne til å gi barn ein trygg og god heim

Gode fosterforeldre må evne å sjå kva barnet treng og gi barnet den merksemda og kontakten som trengs. Om fosterheimen består av to vaksenpersonar bør begge ha som utgangspunkt at dei har felles ansvar for fosterbarnet.

Fosterforeldre, som alle andre foreldre, må ha overskot til å ta seg av fosterbarn. Fosterforeldra sin alder bør vere tilpassa barnet sin alder slik at dei normalt kunne vore foreldre til barnet. Dette er ikkje eit absolutt krav, du kan bli fosterforelder for barn uavhengig av alder, dersom det blir vurdert som den beste løysninga. Om situasjonen tilseier det, kan også unge menneske bli vurdert som fosterforeldre for ungdom.

For nokre fosterbarn er det best å vere fosterfamilien sitt einaste barn. For andre fosterbarn vil det vere best å vekse opp i ei familie med fleire barn. Dette blir vurdert før fosterbarna blir plassert i fosterheim.

Stabil livssituasjon

Av omsyn til fosterbarnet er det best at fosterforeldre held saman, og kan vise til ein viss stabilitet i samlivet sitt. Det blir ikkje stilt krav om varighet, men søkarar bør kunne dokumentere at dei har levd saman over tid, slik at fosterheimstenesta og kommunen som plasserer barnet kjenner seg rimelig trygg på at fosterforeldra har eit stabilt forhold som vil vare.

Også høve som flytting, graviditet, usikkerheit rundt eigne barn eller planar om andre store endringar i livssituasjonen kan tas med i vurderinga. For single fosterforeldre kan endring i sivilstatus ha konsekvensar for fosterbarnet.

Gode evner til samarbeid

Fosterforeldre må ha gode evner til samarbeid av omsyn til nettverket rundt barnet. Fosterforeldra skal jobbe tett med barnevernstenesta, og i mange tilfelle også med fosterbarna sine biologiske foreldre. I tillegg skal fosterforeldra samarbeide med andre hjelpeinstansar og fagfolk, i tillegg til barnehage, skole eller skolefritidsordning – akkurat slik det er med eigne barn.

Alminneleg god helse

Fosterforeldre må ha alminneleg god helse. Det tyder ikkje at personar som har helsemessige plager er utelukka. Det blir vurdert i kvart enkelt tilfelle. Då blir det vurdert om sjukdom, anten fysisk eller psykisk, kan tenkast å få tyding for di totale evne og dermed muligheiter til å gi barnet tilstrekkeleg god omsorg og tryggleik.

Økonomi, bustad og sosialt nettverk som gir barn rom for livsutfalding

Fosterforeldra må ha økonomi, bustad og eit sosialt nettverk som gir barnet muligheit til livsutfalding.

Det er ingen konkrete krav verken til storleik på inntekt eller standard på bustaden, men den totale økonomien og bustadtilhøva må ikkje verke hemmande på barnet sine moglegheiter for utvikling.

Dersom barnet har minoritetsetnisk bakgrunn bør det også ligge til rette for kontakt med personar med same etniske bakgrunn om barnet ønskjer det.

God vandel og legge fram uttømande og utvida politiattest

Fosterforeldre må også ha god vandel og må kunne legge fram tilfredsstillande politiattest, jf. Fosterheimsforskrifta. Politiattesten skal vise om ein person er sikta, tiltalt, lagt i førelegg eller dømt for brot på straffelova sine føresegner om seksuelle overgrep mot barn. Om siktinga eller tiltalen fell bort må personen kunne bli vurdert på nytt. Også andre høve, til dømes valds- eller narkotikabrotsverk, blir tatt med i vurderinga av om personen fyller kravet om god vandel.

Familie og nettverk som fosterheim

Familiemedlemmar og slektningar som tanter, onklar og besteforeldre kan vere godt eigna som fosterforeldre. Det same gjeld menneske i nettverket til barnet, som fotballtrenarar, lærarar eller venar. Slike fosterheimar gjer også at overgangen til ein fosterheim blir lettare for barna når dei allereie kjenner eller er i slekt med fosterfamilien. 

Les meir om fosterheim i slekt og nettverk

Gifte og sambuarar som fosterheim

Mange fosterheimar består av gifte eller sambuarar. Nokre har barn som har flytta heimafrå, nokre har framleis barn buande heime, og andre har ikkje eigne barn. Fosterfamiliar er som i samfunnet elles og har dei same familiekonstellasjonane.

Einslege som fosterheim

Fleire fosterheimar består av ei einsleg fostermor eller fosterfar. Mange einslege har ressursar som gjer at nettopp dei er godt eigna som fosterheim. Dersom du er den einaste vaksne i familien kan det vere ein fordel at du har et godt nettverk av støttespelarar rundt deg.

Fleirkulturelle familiar som fosterheim

Fleirkulturelle familiar som ønskjer å bli fosterheim er viktige ressursar. Det er i mange tilfelle ønskeleg å plassere barn i ein fosterheim med same religiøse eller kulturelle bakgrunn.

I de seinare åra har ein serleg trengt fosterheimar frå afrikanske, aust-europeiske og asiatiske land. Det er trengs også  fosterheimar for einslege mindreårige flyktningar som i dag bur i asylmottak eller på institusjon.

Finn din lokale fosterhjemtjeneste

Ønsker du å få tilsendt informasjon om det å være fosterhjem? Har du spørsmål? Vil du melde deg på informasjonsmøte? Ta kontakt med fosterhjemstjenesten der du bor.

Publisert 09. mai 2017.
Oppdatert 15. mai 2017.